Trivelege husvære!

Me leiger ut fleire lyse og trivelege husvære i fleire storleikar. Her er alt du treng, frå fullt utstyrt vaskerom til TV med satellittanlegg. Kjøkkena i husværa inneheld det meste av utstyr, og forholda er lagt til rette for at du skal kunne ta imot gjester. Her er alt på plass, heilt ned til detaljar.

Storasletto 63

Anneks 1

Anneks 2

Husværa våre ligg sentralt, men likevel fredeleg til mellom Leirvik og Kværner Stord. Dei held ein høg standard, har 1- 2 soverom, og er fullt møblerte. Det er kort veg til restaurantane og pubane i Leirvik. For deg som ynskjer å trimme, ligg Stord Sportssenter like ved hotellet. Det er heller ikkje langt til den flotte opplyste trimløypa i Landåsen.

Er du interessert i å leiga husvær, ta kontakt med Rune Almås som har oversikt over kva som er ledig.