På eit fjellplatå over Stadhavet, ligg eit
av dei mest spektakulære utsiktpunkta
langs kysten vår.

 
Logo Vestkapp-02.jpg
 

Overnatting

Hyttene er flytta til Sandane for vinteren, og kjem tilbake til Vestkapp i mai 2024.

Les meir om hyttene

Restaurant

Vestkapp er kjend som det vestlegaste fjellplatået i Noreg,
og ruvar 497 meter over det berykta Stadhavet. Her finn du og Vestkapp Restaurant, med store vindauge slik at du kan nyte maten saman med enten ei spektakulær utsikt eller
full storm på Stad. Hugs å reservere bord. Velkommen opp!

Opplevingar

 
Screenshot 2021-05-14 at 15.13.39.png

Mat

På Vestkapp tek kokkane stoltheit
i heimelaga mat heilt frå grunnen av. Dei nyttar norske og helst lokale råvarer. Menyen vert skifta ut månadleg, og tek utgangspunkt i gamle tradisjonar, men har ein moderne vri og spennande smakar.

Natur

 Vestkapp byr på eit særeige kulturlandskap og unik beliggenhet. Fjellklippa er nesten flat på toppen og stuper bratt ned i det stormfulle Stadhavet. På godversdagar har ein panoramautsikt i alle himmelretningar, til havet, til Sunnmørsalpane, Hornelen, og Ålfotbreen.

Skjermbilde 2021-06-03 kl. 07.49.30.png

Historie

Sjøvegen rundt Stad og Vestkapp er berykta
for sine straumar og raskt skiftande ver.
Mange skip har enda ferda si i desse farvatna, som omtalast som eit av dei mest vêrharde områda i Noreg. Området har med andre ord
ei stormfull historie.

Opplev Stad

Kva skjer

 

Mai 2024

Overnatting

Hyttene kjem tilbake til Vestkapp i mai 2024

Les meir

Heile året

Transport

Hoddevik&Drage tilbyr transport heile året, med alt frå leigebil til buss med sjåfør.

Ta kontakt her

Restauranten opnar

Påske 2024

Sjå meny her

 

Live webcam

 

Stadlandet er kjend for sitt verharde klima. Vi anbefaler derfor at du sjekkar vermeldinga før du tek turen opp til oss og tilpassar turen etter ver og vind. Lokalavisa Fjordnes Tidene har dessutan montert eit live kamera på Vestkapp. Her kan du sjå verforholda akkurat no.
Restauranten held stengd ved vind over 25 meter i sekundet.