Velkomen til gode opplevingar på Vetlemyrane Gard

På Vetlemyrane kan de finne roen. Tunet ligg stilt og fredelig til, i eit vakkert kulturlandskap omkransa av storslått natur. Hos oss kan de bu i Gamlestovo på tunet.

På garden har vi sau, ammekyr og hundar. Om de ynskjer kan de vere med oss å stelle dyra, eller de kan vere med når vi ser til sauene på beitet. Hundane er lært opp til å gjete sau, og som oftast er dei med oss.

Vetlemyrane ligg i Hardanger nær Øystese sentrum, om lag 1,5 time frå Bergen med buss eller bil.

Vi ynskjer dykk eit triveleg opphald tett på naturen.

Guida turar (Hardanger Hiking)

Vetlemyrane gard tilbyr guida turar gjennom Hardanger Hiking. Vi gjev deg unike naturopplevingar utanfor allfarveg og turistvrimmelen. Vi tek deg med til idylliske stølar og fjelltoppar med fantastisk utsikt over vestlandsk fjordlandskap, isbre, fjell og djupe dalar. Turane går i eit skogs- og fjellområde som ikkje er oppdaga av dei store turiststraumane.

Alle våre turar har lokalkjend guide som fortel historia om korleis bønder og andre har brukt området gjennom generasjonar.