Bygd på lang erfaring

Nær og tilgjengelig

Det er mange som byggjer noko som etter ei tid tenkjer at det og det skulle eg gjort litt annleis. Valgt eit anna materiale osv. Vår erfaring skal hjelpa deg til å velja mest mogleg rett heilt frå starten. Tungesvik Bygg har levert hus, hytter, tilbygg, renovering og byggematrialer i over 30 år.

Me har tufta våre leveransar på ein økonomi for folk flest, men du kan velja kva du vil av både løysingar og materiale. Kva som er fordelar og ulemper med dei ulike valga du må ta, skal du langt på veg få vita av oss.

Valga er mange, men dei er dine

Tungesvik Bygg har hovedkontor, lager og tilskjering/utkøyring i Skånevik. Det som for mange år sidan starta som ein leverandør til lokale byggebehov, har over tid utvikla seg til leveransar over eit stort distrikt. Me leverer alt frå rådgiving, tegning, søknadsprosessar, godkjenningar, snekkertjenester, byggevarer og ellers det meste som skal til for å få «bygget».

Sjølve prosessen

Du kan koma til oss med blanke ark eller ei ferdig tegning av noko du ynskjer å bygga.. Me kan vera med deg frå den fyrste idemyldringa og behovsanalysen, til «bygget» står nøkkelferdig og klar til bruk. Det er viktig å ta dei rette stega saman med folk som har vandra heile vegen mange gonger før – og det har me.

Tungesvik Bygg – for deg som skal byggja!