Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Gudsteneste søndag 28.april

Denne søndagen held pastor Jens Thoresen fram med gjennomgangen av Kolossarbrevet, og me er komne til kapittel 3,18-4,1. Denne teksten handlar om Guds ordningar for familielivet, og det er både interessant og utfordrande. Hadde folk lært å leva etter Guds ordningar, ville mangt fungert mykje betre enn det ofte gjer. Så: få denne gudstenesta med deg. Det kan visa seg å vera gull verdt.

Tale 21.april 2024 over Kol.3,12-17

Bibelpodkast

Ein kan stundom høyra folk seia at Jesus av og til tek seg ein blund og ikkje følgjer skikkeleg med på kva som skjer i livet ditt. Ingenting kan vera meir feil.

Gudsteneste søndag 21. april

Komande søndag vil pastor Jens Thoresen tala ut frå Kolossarbrevet 3,12-17. Dette avsnittet handler om kva som særpregar ein kristen karakter, og i korttekst kan me seia at det til dei grader handlar om MOTKULTUR. Etter gudstenesta blir det kyrkjekaffi og sosialt fellesskap. Vel møtt!

Tale 14.april 2024. Kolossarbrevet 3,1-11

Påsketalar i Kristkyrkja 2024

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?