Hotel Grandane

Hotel Grandane

6887 Lærdal

  • Lindstrøm Hotel
  • Aktiviteter
  • Attraksjoner

Hotel Grandane

Velkomen til Hotel Grandane! Vi tilbyr rimeleg overnatting, hyggjeleg opphald og god service i sentrum av Lærdal, inst i Sognefjorden.

Aurlandsfjorden | Fotograf Frithjof Fure

Opningstid: Hotellet ope frå 01.05. til 30.09.

Hotellet ligg like ved Gamle Lærdalsøyri og det idylliske, gamle trehusmiljøet med 160 verna bygningar. Mange andre verdskjende attraksjonar ligg i nærleiken: Nærøyfjorden, som er ein del av Sognefjorden, kom i 2005 på UNESCO si verdsarvliste. Andre store attraksjonar er Flåmsbana, Borgund stavkyrkje, Snøvegen, Aurlandsdalen og Jostedalsbreen. Turistane i Lærdal bør også ta turen innom Norsk Villakssenter og antikvitets- og handverksbutikkane på Gamle Lærdalsøyri.

Gjestene våre er fyrst og fremst turistar, og dei kjem frå alle delar av verda. Lærdal har lange tradisjonar som reisemål. Dei fyrste turistane her var engelske laksefiskarar og kongelege frå heile Europa. I dag kjem turistane for å oppleva den imponerande naturen med verdas lengste fjord, fantastiske fjell, isbrear, fossande elvar og eit velstelt kulturlandskap.

Fasiliteter

  • Gratis Wi-Fi