Livsglad mat frå havet sidan 1948!

Vi produserer sunn og god sjømat av beste kvalitet, med reine råvarer og etter tradisjonsrike oppskrifter!

 

 

Stolt leverandør av Lokalmat

 

“Vi i Hjønnevåg jobbar kvar dag for å gje kundane våre livsglad mat frå Havet! Vi vektlegg kvalitet i alle ledd. Fleire av våre produkt er kåra til Norges beste i NM i sjømat. I vårt rikhaldige produktspekter finn du blant anna røykt makrell, krydderlaks, fiskepudding og fiskekaker av ulike variantar. Fiskematen blir laga på tradisjonsrike reseptar med fersk norsk fisk. Frå vår lokasjon i Uskedalen som ligg i vakre Kvinnherad-kommune, hentar vi inn dei beste råvarene frå heile landet til vår produksjon. Vi foredlar våre produkt på tradisjonelt vis. Fisken blir filetert for hand, og røykefisken får dei gode smaksegenskapane frå røyking med bøkeflis. Vi har kvalitet i fokus og er ISO 22 000 sertifiserte. Årlege utmerkelsar i sjømat NM syner at tradisjonelle reseptar og godt handtverk gjev resultat. Vi leverer produkta våre til grossistar og daglegvarebutikkar. Største kundemassen vår er på Vestlandet, men vi leverer også varer til Kristiansand, Oslo og Trondheim blant anna. Du som kunde skal være trygg på at du får ei god smaksoppleving og at det du et er foredla på ein trygg måte med reine råvarer. Neste gong du skal handle middag i butikken, prøv gjerne sjømat frå Hjønnevåg!”

— Marit Hjønnevåg -