LEIING ER KOMMUNIKASJON!

Eg er klar for oppdrag, og gler meg til å få vere ein leiar, problemløysar, støttespelar og rettleiar på ditt lag.

Ta kontakt for ein uforpliktande prat om det eg kan hjelpe deg med.

Saman får vi det til!

Image link

Eg heiter Håvar Fagerli, men blir av nokon kalla Fjellaren. Klikk på bildet for å sjå kvifor.

Gjennom eit rikhaldig og spennande arbeidsliv som lærar, hovudtillitsvald, rettleiar, journalist, offiser, skuleleiar, eigedomsleiar, dagleg leiar og ansvarleg redaktør har eg fått ei variert og brei erfaring.

Eg har vore så heldig å få samarbeide med og arbeide for ei rekke ulike organisasjonar. Felles for alle desse organisasjonane er at det er menneske i samspel som saman skapar utvikling og vekst. For å få dette til er kommunikasjon og leiing heilt sentralt.

Møta med alle desse ulike menneska og varierte organisasjonskulturane dei siste 25 åra har lært meg mykje. Eg vil bruke desse erfaringane til å hjelpe endå fleire. Derfor etablerte eg Fjellar AS i mars 2024.

Eg gler meg til å vere ein leiar, problemløysar, støttespelar og rettleiar på ditt lag.

Ta kontakt for ein uforpliktande prat om det eg kan hjelpe deg med!

NYTT FRÅ FJELLAREN