Sida er ikkje ferdig, og det blir den vel aldri. Eg kjem til å utvikle sida med jamne mellomrom, stikk gjerne innom for nye besøk!

Siste innlagt: Fiinbeck og Fia

Alt var betre før... ja, enkelte seier det. Var det slik? For meg virka det i alle fall slik. Eg vaks opp på 60 og 70 talet, ei fantastisk tid på mange måtar. Været var stabilt, om sommaren skein sola frå skyfri himmel kvar dag. Om vinteren var det stabilt kaldt, med fin snø og skøyteis i nærleiken. Mykje fine teikneseriar, god musikk, flotte bilar og motorsyklar. Med dette utgangspunkt har eg prøvd å gjenngi nokre av barne- og ungdomsminna på denne sida. Den vil i hovudsak handle om nostalgi, teikneseriar, spesielt norske julehefter, men og andre teikneseriar blir omtala. Det blir og litt anna stoff som t.d. Hardy- guttene, Morgan Kane, herremagasin, leiker og noko musikk. Eg starta på mi første heimeside i 2008, og nederst på sida kan du lese nokre av kommentarane eg fekk der.                                                                                                             Ta gjerne ei reise tilbake i tid. Du finn heilt sikkert noko du hugsar....God tur!