PÅSKEMØTE MED NATTVERD PÅ PÅSKEVIS

Er du klar for feiring av palmesøndag og påske i Filadelfia? Det er nemleg DET som skjer søndag 24. mars kl. 11. Vi feirar Jesu inntog i Jerusalem før korsfestinga;

"Då tok dei palmegreiner og gjekk ut for å møta han, og dei ropa: Hosianna! Velsigna er han som kjem i Herrens namn, Israels konge! Jesus fann seg eit ungt esel og sette seg på det (Johannes 12).

Jesus kom altså ridande inn i Jerusalem på ein eselfole. Han vart opphøgd i herlegdom, hylla som ein konge, og folket drog ut i hopetal for å møte Han. Med palmegreiner i hendene ropte dei og sang - akkurat slik det hadde vore skrive om Han. Farisearane derimot, sa seg i mellom: "Der ser de, det nyttar ikkje. Heile verda spring etter han."

Mange tilreisande var komne til Jerusalem for å tilbe under høgtida, og fleire ville sjå Jesus. Jesus tala til folket - om at han skal døy: Timen er komen då Guds herlegdom skal lysa om Menneskesonen... No fell det ein dom over denne verda, no skal han som herskar i denne verda, kastast ut. Og når eg blir løfta opp frå jorda, skal eg dra alle til meg. Dette sa han for å visa kva død han skulle lida. Det skjedde fleire teikn og under, og sjølv om Menneskesonen talte til dei, så var det mange som ikkje trudde på han. Nokre rådsherrar hadde kome til tru på Jesus, men på grunn av farisearane ville dei ikkje vedkjenna seg dette, fordi dei då kunne bli utstøytte frå synagogen. Dei elska æra frå menneska høgare enn æra frå Gud...

Skal eg fortelje deg ein interessant fun-fact? Visste du at mange esel har eit tydeleg korsmerke på ryggen? I evangeliet står jo det at Jesus kom ridande på eit esel for å oppfylle profetiane som det stod skrive (Sakarja 9:9). Det betyr at Jesus kom til Jerusalem på eit kors, og at han forlot Jerusalem på eit kors...
Legendene seier at eselet fekk korset fordi det var villig til å bære Jesus Kristus inn i Jerusalem palmesøndag. Jesus snakka om å ta vårt kors og følgje Han, vere villige til å tene og gjere ein innsats der det trengst. "It just crossed my mind" at det korsberande eselet gir inspirasjon til teneste, og at Guds timing er perfekt. 

Jesus berører oss med si lidelseshistorie. Hans nåde er gratis for oss, men den kosta Jesus alt. Det fantastiske er at det som såg ut som det største nederlaget, blei den største siger! Det vert høve til nattverd i gudstenesta, og denne nattverden vert på påskevis - ein mellomvariant mellom "vanleg nattverd" og Pesach (det jødiske påske- og sedermåltidet). Påskemåltidet som Jesus åt saman med disiplane sine, er det same måltidet som jødane et når dei feirar påske/Pesach i dag. Arnt Vidar Ulstein vil lose oss gjennom denne nattverda. 

Sølvi, Marianne og Synnøve leier oss i lovsong. Det vert ikkje søndagsskule parallelt, men samlinga vert kreativ og kjekt for borna å vere med på.