Velkommen til Isakgarden - familien Åsebø sine heimesider

Litt meir om oss:






 

 Gardsfakta 


Starheimsbygda.no


Vi har ein del gamle familiebilder:

Bestefar (Johan) i yngre dagar     
Familien Åsebø   
Mons  som liten
Martin Åsebø
Vegbygging i Loen

anne_jarle_kopplam.jpg (69634 byte) wenche_halldis_else_reidun_anne.jpg (89227 byte) tordis_holten.jpg (102639 byte) martin_avreise_tunet.jpg (68416 byte) anita_oldefar_nov86.jpg (86123 byte)



Sidene er laga av  Jarle Åsebø
Sist oppdatert:  19.10.09

 

 

 


Vi bur i ei lita bygd som heiter Stårheim i Eid kommune, midt i Nordfjord. Grenda vår heiter Remmedalen, og vi synest det er ein fin plass å bu.
Familien består av fem medlemer. Jarle, fødd i 1954, Mona  -1957, Susanne - 1979, Anita - 1982 og Stine i 1988. Alle tre jentene jentene er flytta ut, og er i opptekne med  jobb Oslo og Stavanger

På desse sidene vil du finne litt meir oss og  garden vår,  og ein del bilete av folk og dyr og landskap.

Vi har no hatt heimesider på nettet sidan april-98, og hatt mykje glede av det. Det har blitt mange helsingar i gjesteboka, og ein del e-post helsingar både frå inn- og utland.
Sidene er ikkje så spesielt avanserte eller fancy , men dei  kan iallfall brukast  til å dele bilete og viktige hendingar med slekt og vener. 

Skriv gjerne ei helsing i gjesteboka når du er innom!



Skriv i gjesteboka

Les gjesteboka.

Javascript nedtellingsklokke / countdown clock  

 

 

 Oktober 2009
No har vi faktisk hatt  nokre dagar med bra vér, slik at vi har fått i hus potetene og fått gått litt turar i fjellet


Etter ein kjempeflott sommar har vi no hatt to månader med meir eller mindre samanhengande regn og ruskevér. Då var det hyggelig med besøk av Susanne og Kent Magne. Vi fekk ikkje gått så mykje i fjellet som vi hadde tenkt, det blei inneaktivitetar som å ta imot kalvar, kortspel og Trivial Pursuit.
Vi har også teke avskjed med ein gamal venn av familien. Vår kjære Toyota HiClass som vi har hatt i 15 år går no som taxi i Libanon.


September 2009
Mona hadde ei fin veke i sol og varme på Kreta saman med lillesøster Anne og to venninner, Karin og Anita

Naturkrefter.
I kveldinga 29. juni høyrde vi brått ein kjempesmell ute, lyset blei borte og brannsirenene ulte. Når vi kom ut på tunet såg vi at lynet hadde slege ned, og  eit av dei store asketrea vi har på tunet var kløyvt frå toppen til rota.

 Mai 2009
Då har vi gjort eit langt sprang i tid og rom. Søndag 3. mai var vi i  Stian Martin  sin konfirmasjon i Porsgrunn. I forbindelse med konfirmasjonen hadde Audhild laga til eit søskenbarntreff på laurdagen, og med nesten 100% frammøte blei det ei svært trivelig helg


              
 


 November 2007
Mona feira 50-årsdagen sin siste helga i oktober med stor fest og 60 gjester på ungdomshuset. Heile familien var samla denne helga, frå Spydeberg kom alle saman, unntatt Ole Jørgen, og vi hadde fullt hus og nokre trivelige dagar saman.
 

Oktober 2007
Ein fin sommar blei følgd av ein trøstelaust våt og kald haust. Vått og  trasige forhold i siloslåtten, men vi fekk no både gras og poteter i hus til slutt. Vi har sjølvsagt hatt ein og anna fin dag innimellom lavtrykka, men stort sett vil vi helst gløyme denne hausten.
Bileta vi har plukka fram denne gongen viser ikkje så mykje av det dårlege veret, men litt av det vi har styra med i det siste. Mellom anna tur på Skålatårnet, studietur til Beitostølen med Harpefossen skisenter og litt forskjellig anna.

     

August 2007
No går det fort mot hausten her i fjordbygdene. Den fyrste snøen har alt vist seg på fjelltoppane, og siste vekene har vore svært kjølige og regnfulle.
Men alt i alt har vi hatt ein fin sommar på våre kantar. I periodar  av juni og juli hadde vi flott sommar med mykje sol og varme, og vi håpar framleis på mange fine dagar utover i september.
Denne sommaren har vi hatt tomt i fjøset, med alle 55 dyra på utmarksbeite. No er ein god del av buskapen komne heim igjen. og dei fyrste kalvane er komne til verda. Etterspørselen etter livkviger er bra denne hausten, og vi har allereie selt 11 av kvigene.

Bilete frå krabbefest i naustet på Røed, tur på Røedsetra, bryggedans på Stårheim og tur til Trollevassnyken med Anne Flugstad

Bilete frå tur til Åsane og Panoramavegen med Tvinnefossen og turistbåt i Olden

Juli 2007
Sommarferie på svenskekysten og i Oslo

Juni 2007
Sommarshopping, fjelltur, jonsokfeiring, slåttegraut  og litt forskjellig

Mai 2007.  Konfirmasjon på Haugland og 17. mai på Stårheim

 

April 2007
Bergenstur
Siste helga i april brukte vi til ein tur til vestlandshovudstaden Bergen. Vi var usedvanlig heldige med veret, sommartemperaturar og solrike dagar, og vi fekk sjå byen frå si beste side. Vi reiste med buss nedover fredagen og hadde ein fin båttur heim igjen søndagskvelden.



Gourmemiddag!
Stine er for tida kokkelærling på Nordfjord hotell, og her ein dag blei foreldrene til fyrsteårslærlingane inviteret på ein flott fireretters middag, tilberedt og serevert av lærlingane Stine og Lindis.
Meny:  Kremet hummersuppe, skatevinger, rosastekt lammecarre og ein himmels dessert beståande av kanel-og vaniljeisparfait med eksotiske frukter.



Påsketid:
Det går  mot slutten av april, men vinteren vil ikkje heilt sleppe taket enno. April blei ein svært vekslande månad, somme dagar så milde og vårlige som ein berre kan drøyme om, mens det dagen etter lavar ned ein halvmeter snø.  Påska starta med flotte ver i palmehelga, deretter fekk vi ein halvmeter puddersnø, og så blei det ein fin dag igjen 2. påskedag. Det blei dessverre ikkje tur på Hafsåsvarden denne påska, men vi sleit oss opp i Vardeskaret gjennom laussnøen.
Susanne, Anita og Anders var heime heile påska, og i tillegg hadde vi  hadde hyggelig besøk frå Spydeberg, og det blei mange fine dagar på ski og trivelege kveldar med kortspel og anna moro.

Bilder frå før påske og påska, litt hulter til bulter.  Bildet frå eit hol i snøen viser eit 2 meter djupt hi som  er laga av ein jerv som streifar omkring  i fjella

Mars 2007
No har det gått snart eitt år  (og ca 2100 besøkande har vore innom)  sidan  sist oppdatering av denne sida, og eg har fått litt kjeft for dette. Eg skal ikkje "ta ein Valla" , avvise kritikk og skulde på alt og alle, men bøyer nakken i skam og lovar bot og betring.
Vi har hatt svært mykje regn og mildver dei siste vekene, og det det har sett litt skummelt ut for påskesnøen. Men til dei som no går og ventar på påskeferien har vi følgjande melding: Dei siste dagane har vi fått ein halvmeter snø, og Remmedalen ser i dag ut akkurat som biletet på toppen.
6.mars reiste vi til Tenerife på familietur, til Playa de Las Americas og Parque Santiago III, der vi alle har vore før, ein eller fleire gonger. Også denne gongen var vi heldige med veret, sol og varme der nede, og eit trøsteslaust ruskevêr her heime.
Bilete frå turen ser du her....
 

Mai 2006
30. mai fylte Mons 80 år. Dagen blei feira i fleire omgangar. Fyrst heime på sjølve dagen, med familie og vener, deretter med tur til Kalvåg og Knutholmen i pinsehelga. Her blei det nærast eit "surpriseparty" sidan hovudpersonen  ikkje på førehand var klar over kvar feiringa skulle gå føre seg, og slett ikkje visste om at syskena også stod på gjestelista.
Vi hadde ei svært triveleg helg i Kalvåg, sjølv vi gjerne kunne ynskt oss litt varmare ver. Helgaturen blei avslutta med besøk på gamle slektstomter i Ålfoten.

    

April 2006
Etter ein lang vinter tjuvstarta vi på sommaren med ei oval helg i Roma siste helga i april. Ein fantastisk flott by som har mykje meir å by på enn det ein rekk over på tre dagar. Men vi hadde blinka oss ut ein del ting vi ville oppleve, og hadde nokre fine dagar i "byenes by".

September 2005
September var stort sett ein våt og  utriveleg månad, men med nokre riktig fine dagar innimellom.
Besøk av slekt og vener frå Spydeberg og nokre fine fjellturar
Høgdepunktet var nok  laurdag 3. september. Ein fantastisk fin dag med tur til Skålatårnet i Loen, med syster Liv og Jenny Smørdal som turkameratar..

August 2005
Dette blei den finaste månaden denne sommaren. Har plukka fram nokre bilete frå mellom anna ein  tur til Kråkenes fyr, og litt forskjellig andre situasjonar.

Juli 2005
Bileta frå denne månaden er prega av siloslått og ferie på Râvø, og i Oslo med Bislett Games og anna moro.........
 

Juni 2005
Betre seint enn aldri... Her kjem nokre bilete frå juni månad, som var  heller kald og våt.

Mai 2005.
19. mai.  Anita 23 år i dag.
Gratulere med dagen, Anita.  Håpar du får ein fin bursdag!!!
Bileta under er tekne på 3-årsdagen.


I dag, 16.mai, 
vakna vi til snø, surt og kaldt ver. Våren kom tidleg her i Nordfjord i år, med mykje fint ver frå påske og utover. Men så langt har mai vore ein kaldare månad enn april, gjekk i varmedress og klipte plenen i forrige veke,  men vi håpar at det betrar seg til i morgon.
Det har ikkje skjedd så mykje på denne heimesida siste halvåret, men no har eg plukka fram ein del bilete frå dei siste månadane som eg legg ut her, og let bileta tale for seg sjølve:
Mai:

April:


Mars:


Februar

Januar 2005:
 


Desember


November

Oktober 2004.
Dramatisk søndagskveld!
Melkeproduksjon  består av mykje rutinearbeid. Men dei som har drive med husdyr ei stund, har erfart at det stadig skjer nye ting og oppstår uventa situasjonar, og at ein stadig lærer noko nytt. Men det er heldigvis lenge mellom kvar gong det oppstår slik dramatikk  som sist søndag:
Då vi kom i fjøset om kvelden blei vi møtt av eit gapande hol i golvet og tre tomme båsar i ungdyravdelinga. Den ein båsen var rett nok ikkje heilt tom, for der hang ei kvige etter halsbandet, men to oksebåsar var tomme, og ved nærare ettersyn såg vi oksane i gjødselkjellaren med hovudet så vidt over gjødselen, som var ca 1,5 meter djup. Ungdyravdelinga  ligg rett over gjødselkjellaren, og har open forbindelse til kjellaren, med  betongspaltar og stålrister. Denne avdelinga huser ca 30 kalvar og ungdyr. Mykje tyder på at eine oksen har kome seg laus. Han har herja rundt omkring i rommet, og truleg sett foten fast i eine stålrista. Han har så klart å rive laus rista som veg 150 kilo, og både han og rista har deretter hamna i kjellaren. På båsane der rista no var vekke, stod ei kvige og ein okse. Dei har så teke eit steg bakover  og hamna i avgrunnen. Oksen er 500 kilo tung, halsbandet  slitna og dermed hamna også han i kjellaren. Kviga er monaleg lettare, og ho blei hengande i halsbandet og enda sine dagar der.
No var gode råd dyre! Ingen sjanse for å heise dyra opp opninga i golvet, og vi har ikkje port i kjellaren, berre ei opning øvst på veggen der vi set inn pumpa når kjellaren skal tømast. Dermed var det berre å finne fram pumpa og få pumpa opp i den tome gjødselsiloen så mykje at ein med nød og neppe kunne beveg seg inn i kjellaren med lange støvlar. Å heise dyra ut gjennom opninga i veggen blei prøvd, men viste seg å vere umogeleg. Dermed stod vi att med berre ei løysing: Vi måtte lage større opning i betongveggen slik at dyra kunne kome ut der. Med vinkelsliparar og slegge gjekk vi laus på veggen, 20 cm armert betong, og rett før klokka to om natta var vi igjennom veggen og  fekk  siste oksen ut. Den hadde dessverre skada foten så mykje at vi måtte bestille nødslakt neste morgon, men den andre oksen er i fin form.
Tusen takk til gode naboar, Tore, Anna Rita,  Roald og Asbjørn for heltemodig innsats! Også stor takk til dyrlegen vår, Jørgen Langeland. Han var her heile kvelden og bidrog med gode råd og idèar, og var sistemann som reiste heim kvart over to om natta. Han var nok også den av oss som hadde best sving på slegga, slik at vi andre ikkje gav opp då betongveggen ei stund virka uovervinneleg med dei enkle reiskapane vi rådde over.
 

Endelig litt fint haustver! Har hatt besøk av Anne Fjeldstad og Elin Bredin. Det flotte veret blei mellom anna nytta til ein kjempefin tur til Hafsåsvarden og utover fjella mot Rundesteinen.

September 2004
Vått og vått og vått! Det regna 25 av 30 dagar denne månaden. Det er ikkje ofte dei store "ungane" er heime, men no har vi hatt besøk av Susanne og Martin nokre dagar. Sjølv om det regna måtte vi ha ein fjelltur.
Britta og Jens har også teke ein tur over fjellet og på biletet ser vi dei har ein liten pause under Eidamessa.

August 2004
Tropevarme ein periode, også her på Vestlandet. Over 20 grader varmt badevatn på Refvika!

Juli 2004
I ferien denne sommaren gjekk turen fyrst til Porsgrunn og hytta i lag med Jorid og Dag Willy. Deretter gjekk turen over fjorden til Sverige og hytta på Rävø. Litt kjølig dei fyrste dagane, men så kom fineveret og varmen. Ferien blei avslutta med nokre dagar "storbyferie" i Oslo.

Juni 2004
Flott skuleavslutning på Eid ungdomsskule med kjempefint program i Stryn kulturhus og middag på Alexandra.
Jonsokfeiring på Heida i fint ver og stort frammøte.
Anita og Anders var heime i slåtten, god avling og smekkfulle siloar.

Mai 2004
Svært tidleg vår i år. Varmt og fint i slutten av april og byrjinga av mai. Litt kaldt og utriveleg 17. mai. Og  så fekk vi ein skikkelig kald og våt periode ,med kald nordavind og snø. 10 cm snø og brøytebil gjennom Remmedalen 21. mai!
 

April 2004.
Jarle 50 år!
Dagen blei feira i Fram, rundt 50 gjester og ein riktig triveleg fest!


Påska 2004
Fint ver i starten av  påska i år. Alle jentene heime i kortare eller lenger tid, og begge oslobuarane hadde med seg sine kjære. Det blei turar både til fjells og til kysten.
  
Vi som er -54 modellar fyller 50 dette året, og langfredag var det Arve Hafsås sin tur. Triveleg kveld i Fram!

Mars 2004
Beklagar at det er lenge sidan siste oppdatering av desse sidene. Skal prøve å skjerpe meg.
No nærmar det seg påske, det minkar på snøen, men det ser ut til å bli nok snø til skiturar på Heida (og lenger for dei som vil det) Vi er nettopp komne heim igjen frå ein familietur til Tenrife, saman med Anne og Pål med familie, samt svigermor og svigerfar. Det blei eit svært vellukka opphald, noko som desse bileta viser litt av:
Bilete frå turen til Tenerife:


November 2003
Etter ein trasig oktobermånad med regn og flaum, snø og kulde, kom november med ein ettersmak av sommar. Ein morgon var her ca 16 grader, og varmerekordane ramla i søkk og kav her på Nordvestlandet, med 22 grader i Tafjord som høgdepunkt. Viser nokre bilete frå tur til Rundesteinen og Lundavarden.
nov03_rundesteinen2.jpg (67711 byte) nov03_rundesteinen.jpg (60915 byte) nov03_lundavarden3.jpg (60650 byte) nov03_lundavarden2.jpg (61609 byte) nov03_lundavarden.jpg (75561 byte) nov03_hafsaas_stup.jpg (34444 byte)

Oktober 2003
Tru det eller ei,
men denne månaden er det 25 år sidan deler av familien køyrde i kongelig kortesje på den nyopna vegen over Strynefjellet. Dei var på veg heim etter å ha feira bryllaupet vårt i Spydeberg då dei hamna i kongeleg selskap. Dette betyr at vi har vore gift i 25 år, og det blei feira i sømelege former ein laurdagskveld for ei stund sidan.
middag_okt03.jpg (103581 byte) mona_jarle_okt03.jpg (67173 byte) besta_robin_okt03.jpg (68121 byte) jens_okt03.jpg (56347 byte) mona_britta_jens_okt03.jpg (68037 byte) erlend_nov03.jpg (59729 byte) anne_nov03.jpg (72323 byte) liv_nov03.jpg (58233 byte) inge_tordis_mons.jpg (75830 byte) stine_britta_nov03.jpg (93461 byte) simba2_okt03.JPG (71158 byte)

Stine likar godt å vere med i fjøset, og har allereie bestemt å ha ku og kalv som 4H oppgåve komande året.
kalvar2_okt03.jpg (81657 byte) kalv_okt03.jpg (61931 byte) kalvar_okt03.jpg (74868 byte) stine_kalvar_okt03.jpg (91872 byte)

Besøk frå Spydeberg i haustferien. Dei som ikkje har prøvd spelet Fantasi bør gjer det. Artig!
larsp_fantasi_okt03.jpg (59436 byte) jarle_fantasi_okt03.jpg (49086 byte) anne_fantasi_okt03.jpg (74894 byte)

September 2003.
Etter fleire år med kjempefint ver i september og oktober, har denne hausten bydd på godt gamaldags Vestlandsver, med regn og skodde og snø langt ned i fjella.   Men no er avling og krøter komne i hus, og då kan det berre regne. 
Siste helga i september var vi samla til "klubbefest" på Heida. Då fyller vi magane med klubb og alt som dertil høyrer, eit sosialt og svært hyggelig tiltak!  Per Myrstad og Dagfinn Føllesdal var heime på "guttetur" denne helga, og fekk treffe mange gamle kjende denne kvelden.
mona_stine_tursept03.jpg (89090 byte) flaum_sep03.jpg (80857 byte) klubbefest4_sep03.jpg (43450 byte) klubbefest3_sep03.jpg (44923 byte) klubbefest2_sep03.jpg (52326 byte) klubbefest_sep03.jpg (63339 byte)

Sommaren 2003. 
"Den finaste sommaren i manns minne" seier mange. Vel, dette er eit utsegn som kan diskuterast, men vi har hatt ein fin sommar, der om herskar ingen tvil.
Det blei gode grasavlingar slik at siloane er fulle. Det var også godt ver i slåtten, bortsett frå siste dagane i hoslåtten. Då var slusene opne på Nordvestlandet, og mange stader blei det store skader på grunn av flaum. 
Vi har laga ei eiga side med bilete frå sommaren, og den finn du her...

25. mai 2003. "Veslejenta" blei 15 år og stod til konfirmasjon på same dagen. Heile familien samla til festleg samvær. Fint bunadsver! 15. juni er det Lars Petter sin tur til å bli konfirmert i  Hovin kyrkje i Spydeberg, og då samlast vi igjen. Kanskje  blir det bilde frå den seansen seinare. 
Når vi kjem heim igjen frå turen austover blir det heile folket i arbeid med slåtten.
stinekonf_stine_veranda.jpg (75359 byte) stinekonf_stine_kyrkja.jpg (74342 byte) stinekonf_gruppe_kyrkjetrappa.jpg (84455 byte) stinekonf_mons_jens.jpg (82182 byte) stinekonf_mona_britta_jens.jpg (87626 byte) stinekonf_stine_annef.jpg (87313 byte) stinekonf_mona_stine.jpg (87251 byte) stinekonf_sindre_anita.jpg (88637 byte) stinekonf_susanne_olejorgen_oivind.jpg (89724 byte) stinekonf_tordis_herdis.jpg (77975 byte) stinekonf_robin_erlend.jpg (88274 byte) stinekonf_middag.jpg (96557 byte) stinekonf_anita_jarle.jpg (58180 byte) stinekonf_systre.jpg (108450 byte) stine_konf_syskenbarn.jpg (107226 byte) stine_konf_barnebarn.jpg (92756 byte) mona_sus_anit_stine_25.05.03.jpg (95122 byte) stinekonf_fadderar.jpg (103752 byte) konfstine_gruppe_alle.jpg (108231 byte) 

15. mars 2003.  50-års kalas i Trondheim
Denne helga var vi i Trondheim for å feire 50-årsdagen til May-Britt Wibe, ei veninne frå "gamle dagar" Mykje trivelege folk og ei avslappande helg. Fin tur over fjellet fredag.

P3150001b.jpg (85010 byte) P3150009b.jpg (115016 byte) P3150004b.jpg (72256 byte) P3150008b.jpg (62156 byte)  P3150016b.jpg (76386 byte) P3150026b.jpg (95634 byte) P3150019b.jpg (80793 byte) P3160036b.jpg (78182 byte) P3150025b.jpg (68673 byte)  

12.mars 2003. Ein uvanleg vinter.
Vinteren har vore uvanleg mild og snøfattig, så langt. Vegen opp på Heida er omlag berr, og det er ikkje råd å renne på ski derifrå  og heim. Anlegget på Harpefossen er stengd.
Konfirmantane hadde samtalegudsteneste sist søndag.
 stine_heida_mars03.jpg (79132 byte) simba_mars03.jpg (88817 byte)  stine_samtalegudsteneste.jpg (104246 byte)


13.februar 2003. Det går likar no....
Susanne er ute av sjukehuset no, og humpar rundt på krykker og har det bra. Ho har fått mamma på besøk, og i dag tjuvstartar Stine på vinteferien og reiser nedover. Vinterferie og vinterferie..... Her er ikkje akkurat so mykje vinter om dagen. Varmegrader og mildvêr har reist med snøen, og i skisenteret på Harpefossen er det nesten berre kunstsnøen  igjen i nedre del av anlegget.  Har blada litt i gamle album, og vil etterkvart vise fram litt gamle bilde.
 

07. februar 2003. Ei veke litt utanom det vanlege....
For oss i Isakgarden har siste veka vore litt utanom det vanlege. Vi har sjølvsagt følgt med korleis det har gått på Ullevål sjukehus, og fyrst i dag har meldingane vore berre positive. Susanne har vore på operasjonsbordet fire gonger sidan forrige fredag, men no ser det ut som om det går rette vegen . I dag har ho sleppt ut av senga og humpar rundt litt.

susanne_trafikkulykke.jpg (120275 byte) Hendinga sist fredagsnatt blei omtala med bilete  i Aftenposten, "Jente meid ned av Taxi, bilen avskilta på stedet" . 
Vi veit lite om kvifor bilen blei avskilta, men politiet har laga sak av hendinga, og vil følgje den opp. 
Mona tek bussen austover i morgon, ho og Stine hadde opprinneleg planlagt å reise fyrstkomande torsdag. Stine reiser torsdag som planlagt.

31.januar 2003.  Trasig melding frå Oslo i dag tidleg...
Telefon frå Susanne, frå Ullevål sjukehus. Var på studentkro i går kveld, skulle krysse gata på veg heim i lag med Ida ut på natta, (gatekjøkken på andre sida)  uoppmerksam og blei påkøyrd av Taxi. Stort oppstuss, politi, ambulanse, mykje folk, iskaldt, tynt kledd, litt sjokk og mykje smerte. Blei køyrd til Ullevål, Ida var med, blei konstatert brot i leggen. Kunne gått mykje verre! Blei operert i ettermiddag og har det bra. Blir på Ullevål nokre dagar. Takk til Ida for mykje hjelp og støtte! (gatekjøkken er ikkje berre usunt, men direkte farleg!)



 

   

 


 

 

 


57862222
41335786




Remmedalen
6777 Stårheim





eXTReMe Tracker
DSGF.no - Gratis teller