Levande Kristustru
– inkluderande fellesskap

Velkommen til Vågen Bedehus i Ølensvåg!

Her vert det drive eit utstrakt kristent arbeid for både unge og vaksne, av fleire organisasjonar. På denne nettsida finn du praktisk informasjon knytt til huset, og informasjon om prosjektet med nytt bedehus.

Vågen Bedehusforsamling står for mykje av arbeidet på Vågen bedehus. Sjå gjerne deira nettside på vaagenbedehusforsamling.no for meir informasjon.

Me bygger nytt bedehus!

I januar 2020 vedtok årsmøtet bygging av nytt bedehus. Styret vil nytte denne nettsida for å halde medlemmar og andre interesserte oppdatert i prosessen.

Tomta ligg sentralt til i Ølensvåg, rett ved skulen, barnehagen og Bygdasenteret. Me gler oss til å ta i bruk eit hus som er stort nok til aktivitetar for både unge og vaksne.

Prosessen med bygging av det nye bedehuset skjer i eit samarbeid mellom ein byggekomite og bedehusstyret. I januar 2023, to år etter at årsmøte vedtok bygging av nytt bedehus, er tomt kjøpt, bedehuset er teikna og arbeidet er lagt ut på anbud.

Vær gjerne med å be for byggeprosessen, og for arbeidet som skjer blant unge og vaksne i Ølensvåg.

Gravemaskin på plass!

I juni blei første "spadetak" tatt på tomta der det nye bedehuset i Ølensvåg skal reisast. Framdriftsplanen dei neste vekene er opparbeidelse og utgraving av tomt og graving for parkeringsplass før ein etter planen skal starte med betongarbeid i august/september. Ut i september/oktober skal tømrararbeidet starte opp.

Etter mange år med draumar og planlegging er vi endeleg i gong, og vi gler oss stort over dette! Håper dykk vil være med oss i prosessen, både ved å fylgje med på sjølve reisinga av bygget og kanskje de også vil være med å bidra økonomisk? Prisramma for prosjektet er på 23 000 000 kroner og me har til nå samla inn litt over 6 700 000 kroner. Me blir svært takknemlege om de ynskjer å bidra med ei gåve eller ved fast gjevartjeneste. Sjå under her for meir informasjon om å gje ei gåve. 

På forhånd, hjarteleg takk!

På Vågen Bedehus skjer det mykje, og bedehuset er avhengig av gåver til dei ulike aktivitetane og for å drifte huset.

Det nye bedehuset vil også vere finansiert av gåver, i hovudsak gjennom enkeltpersonar som gjev faste beløp kvar månad.

Me er svært takksame for alle gåver til bedehuset!

Gje ei gåve

  • Ved å nytta lenka under kan ein gje ei gåve eller oppretta fast giveravtale og få skattefrådrag.


    Gje ei gåve her!

    Merk: gåver direkte til vårt kontonummer eller via Vipps gjev ikkje skattefradrag.

  • Ved å nytta lenka under kan ein gje ei gåve eller oppretta fast giveravtale og få skattefrådrag.

    Gje ei gåve her!

    Merk: gåver direkte til vårt kontonummer eller via Vipps gjev ikkje skattefradrag.

  • Ved å nytta lenka under kan ein gje ei gåve eller oppretta fast giveravtale og få skattefrådrag.

    Gje ei gåve her!

    Merk: gåver direkte til vårt kontonummer eller via Vipps gjev ikkje skattefradrag.

Kontonummer 3240 15 99745

#83746

Status for innsamla midlar

Finansiering av huset skjer i hovedsak gjennom gåver, blant anna gjennom fast givarteneste blant medlemmene i foreninga, og inntekt frå den årlege julemessa i Ølensvåg.

Me håpar og trur at nytt bedehus vil koma bygda og folk flest i Vågen til gode, og er takksame for alle som vil støtta prosjektet. Det kan vera lokalt næringsliv eller andre private personer som ynskjer å støtta prosjektet med ei gåve.

Kvart kvartal vil me gje ei oppdatering på kor langt ein har kome med innsamlinga til nytt hus.

  • I 2019 kjøpte bedehuset tomta til det nye bedehuset.

  • Dei siste åra har julemessa årleg samla inn godt over 200 000 kroner til nytt hus.

  • Ved oppstart av prosjektet (årsmøtet januar 2020) hadde medlemmane av huset teikna seg for fast givarteneste øyremerka prosjektet på tilsaman 50 000 kr. pr. mnd.

  • Før oppstart av prosjektet med bygging av nytt bedehus hadde me ein eigenkapital på 2.600.000 kroner

INNSAMLA TOTALT PR. 01.2024

10.956.000 kr.

BUDSJETT NYTT HUS

23.500.000 kr.

Bli medlem

Pris pr. medlemskap er 100 kr. per år. Medlemskapet er fyrst gyldig når medlemskontingenten er registrert betalt.

Når ein meld seg inn godkjenner ein samtidig vilkåra i vedtektene for Vågen Bedehus.

Betaling kan enklast gjerast via appen Spond. For innmelding i Spondgruppa trykk på Spondlogoen eller fylg følgande lenkje: https://group.spond.com/LZDAG.

Ynskjer ein ikkje å bruke Spond kan ein fremdeles benytte seg av Vipps på nummeret #83746 eller overføring til kontonummeret 3240 15 99745. Merk i tilfelle innbetalinga med namn på innmeldt medlem.

Kontakt oss

E-post: post@vaagenbedehus.no

Besøksadresse:
Haukelivegen 653,
5582 Ølensvåg

Postadresse:
Vågen Bedehus v/Leif Thorsen
Salsteinstien 20, 5582 Ølensvåg