Framtidas industri

Dei siste dagane har eg saman med ungdomsutvalet i IndustriEnergi og fleire andre ungdomsorganisasjonar sett framtidas industriproduksjon. Den er allereie i full gang i vårt eige land.

Norsk industri er høgteknologi og avansert produksjon. Industrien er verdiskaping milliardklassa og sysselestjing i titusental. Men framfor sikrar industrien inntekter vi skal leve av når miljøomsyn og ressursgrunnlaget gjer at oljeeventyret tek slutt.

Eg skal skrive grundigare om inntrykka frå industrituren til Rjukan, Notodden og Grenlandsområdet og om framtida for norsk industri seinare.

Tre ting er likevel vanskeleg å ikkje nemne etter fleire dagar i produksjonsannlegg og møter med norsk industri.

For det første har Noreg ein industri som er i blant den mest miljøvenlege i verda. Offensiv industripolitikk vil vere ei førsetning for bekrefatig miljøpolitikk.

For det andre har Noreg verdas fremste fagarbeidarar i industrien.  Høgkompetansen som er samla blandt norske industriarbeidarar  gjer norsk industri effektiv og lønsam. Verdas fremste fagarbeidarar er og blant verdas best organiserte arbeidarar. Ungdomsarbeidet til IndustriEnergi er vitne godt nok om det.

For det tredje er behovet for framsynt og offensiv industripolitikk slåande. Glødande marknadsideologi kan kanskje sikre raske inntekter i både private lommer og statskassa i det korte. Men er målsetninga sysselestjing, verdiskaping og miljø i framtida, må Noregs energiressursar og evne til offentleg styring, også nyttast på ein måte som sikrar levelege kår for industriproduksjon.

Rjukan, Notodden og Grenland var byrjinga på det stor-industrielle eventyret i Noreg. Her ligg framtida også.

Posted in Uncategorized | 2 Comments

Bakkekontakt?

USAs president Barack Obama tala om revolusjonane i Mellom-Austen og Nord-Afrika i går.  Det var  meir interessant enn ein skulle tru. Obamas flosklar om demokrati treng ein ikkje repetere. Dei står i grell kontrast til USAs framleis vedvarande støtte til diktatura i regionen. Seinast i januar skrytte Pentagon av kor raskt den amerikanske forsvarsindustrien kunne levere kamphelikopter til Saleh-diktaturet i Jemen.

Obamas tale er mest av alt av interesse fordi han kom til å nemne at ein palestinsk stat må baserast på grensene frå 1967.

Meir skulle ikkje til før det gjekk i spinn for okkupansjonsmakta Israel.  USA skjønar ikkje realitetane på bakken, meiner den israelske statministeren. Mon det.

Eg trur poenget er at det nettopp er bakken USA sakte med sikkert er i ferd med å få kontakt med.

Bakken i Mellom-Austen er ikkje det den ein gang var. Før jul sat Israel med bukta og begge endane. Den palestinske frigjeringsrørsla var splitta. På Vestrbeidden regjerte ei stadig meir korrupt og maktesløys sjølvstyreregjering, som var like lite regjering som den regjerte over eit sjølvstyre. I nabolanda sat USA-lojale despotar utan vilje eller evne til å støtte den palestinske saka med anna enn tomme ord.

På få månadar har biletet endra seg grunnleggande. I Egypt rår no hæren fram til eit – får vi håpe – fritt val. Uansett kva utfallet blir vil det ikkje vere noko å juble for verken i Washington eller Tel Aviv. Egypt har allereie byrja å endea line, og synt ei heilt anna vilje til å støtte den palestinske saka. Grensene til Gaza er allereie mjuka opp. Sjansane er små for at eit nytt egyptisk regime vil utfordre Israel militært. Men dei er langt større for at Egypt vil nekte å la seg diktere. Og med amerikanske F-16 og stridsvogner  i hopetal på egypisk side av grensa, freistar det neppe israelarane å nytte makt for å stogge pro-palestinsk diplomati. .

I Syria vaklar Israels mest lojale fiende, i Jordan veit Kongen at han rår over eit folk der halvparten er palestinarar. I Irak er USA på veg ut, i Jemen er sannsynet stort for at Saleh må gje opp kampen mot demokratiet.

Og midt i det heile har Hamas og Fatah funne felles grunn, delvis pressa fram av palestinske ungdommars krav om eining i møte med okkupanten.

Det vert neppe tverrendringar i tilhøva for det palestinske folket som lev under  okkupasjon, i eksil eller fengsel. Men når til og med USAs president kjenner det naudsynt å signalisere ei endring av line er det eit sterkt signal om at noko er i ferd med å endre seg. Kanskje til og med til det betre.

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Boligkrise

Aftenposten varslar om krise i den norske bustadmarknaden. Sidan marknadskreftene fekk sleppe fri i bustadsektoren har prisane skote i veret. No syner utviklinga å nærme seg et knekkpunkt. Sidan 1999 har både bustadprisar og gjelda auka raskare enn inntektene til folk i Noreg.

Ingen tvil om at dagens bustadmarknad er grei skuring for Olav Thon og andre bustadhaiar. Men for resten av oss er verkelegheita at leigeprisane ofte et opp heile stipendet eller halve lønna.

Alvorleg tala burde det ikkje mykje kreativitet eller hugs til for å vere uroa over utviklinga. Dei siste tiåra har bustadsektoren vore innvolvert i og katalysator for fleire økonomiske kriser. Den store finanskrisa som endå spyttar titusenvis ut i arbeidsløyse kvar einaste månad starta nettopp i bustadmarknaden.

Marknadskreftene er ikkje eigna til å styre bustadfeltet åleine. Regjeringa sette i fjor ned eit bustadutval som skal vurdere korleis den sosiale bustadpolitikken skal møte framtida i Noreg. Bustadsektoren er overmoden for vilje til politisk styring.

Difor bør regjeringa nytte sjansen til å få sving i utviklinga av ein ikkje-kommersiell del av bustadmarknaden. Tida då det offentlege berre tilbyr bustader til sosialhjelpmottakarar og stortingspolitikarar bør vere over. Alle har rett til ein heim, det offentlege bør syte for at det finst alternativ til syke leigeprisar og ein kjøpemarknad som blir stadig meir forgjelda.

Posted in Uncategorized | 2 Comments

Politisk løysning i Libya

Ein månad etter at FNs tryggleiksråd vedtok resolusjon 1973 om Libya er situasjonen framleis svært alvorleg.  Trass flyforbodssone og internasjonal militær intervensjon er dei sivile tapa store. No fryktar fleire ei humanitær krise som følgje av at oljeinntektene har stoppa opp og tilføringa av mat og naudsynte varer er redusert.

SU har heile vegen vore kritiske til den militære operasjonen Frankrike, Storbritannia og USA sette i gang og som no er leia av NATO og gjekk i mot norsk deltaking i operasjonen. Det er ikkje fordi vi er prinsipielt i mot å nytte militærmakt for å verne sivile. Men fordi vi frykta at ein vestleg militær inngripen i Libya raskt kunne utvikle seg til ein langvarig bombekrig, der målet gjekk frå å verne sivile til å endre det libyske regimet ved hjelp av vestlege bombefly.

Det er overraskande lite diskusjon om Libya i Noreg. Eg trykkjer det om lag berre er i SV at debatten er så god og grundig som den bør vere når Noreg deltek i krig. Det er synd. Utviklinga i Libya fortener meir og betre debatt.

Kva bør vi meine om utviklinga i Libya no? Situasjonen er framleis komplisert, men tre forhold blir stadig klarare.

1. Det finst inga militær løysning. Verken opprørarane eller diktatoren kan vinne militært
2. Den militære operasjonen som det USA, Storbritannia og Frankrike med venar (Noreg) gjennomfører undergrev mulegheitene for ei forhandlingar og våpenkvile i tråd med FN-resolusjon 1973.
3. Det vert stadig tydelegare at målet med den internasjonale militære operasjonen er å gjennomføre eit regimeskifte i Libya gjennom vestleg militærmakt.

Eg tvilar på at så mange er usamde i det første punktet. NATO har effektivt øydelagt det libyske flyvåpenet, store delar av kommandostrukturen til Gaddafi og offensivar mot Benghazi vil bli stogga av vestlege bombefly. Gaddafi klarer ikkje knekke opprøret. Godt er det, får ein legge til. På andre sida er det klårt at opprøret no er geografisk avgrensa, og at opprørsrådet i Benghazi ikkje rår over militære middel til å vinne ein krig mot diktaturet.

I mediene vert det framstilt som det FN-resolusjonane 1970 og 1973 seier er at Vesten skal bombe Libya. Det seier dei ikkje. Resolusjoanen slår fast at FNs krav er vapenkvile og forhandlingar. Dersom dette kravet ikkje vert innfridd frå diktaturet åpnar dei for ein militær operasjon som utelukkande har som mål og verne svile. Bakteppet var Gaddafi-hærens raske frammarsj mot Benghazi. Eit av problema med den militære operasjonen som har blitt sett i gang, er at den har teke fokus vekk frå og dels stengd døra for den politiske prosessen FN krev. Leiaren for den Afrikanske Union avslører at ein delegasjon frå AU vart nekta innreise til Libya for å forhandle mellom Gaddafi og opprørane midt i dei dramatiske dagane før bombene byrja falle. Både initiativ frå Hellas og Tyrkia har blitt møtt med ei kald skulder frå NATO.

Endå verre er at det at NATO dei siste vekene har angripe mål langt unna kampane mellom regimet og opprørarane, inkludert Gaddafi-familiens heim. All erfaring tilseier at Gaddafi-diktaturet er villige til forhandlingar. Seinast i 2003 avslutta Gaddafi atomprogrammet sitt som del av ein internasjonal avtale. Diktatoren har overlevingsvilje. Men når Gaddafi sjølv og familien hans vert gjort til mål, er sannsynet stort for at forhandlingsvilja vert redusert. Oppslutninga om regimet aukar derimot som følgje av slike åtak. Det er i seg sjølv eit problem for alle som ønskjer demokrati i Libya.

Når SVs landsmøte vedtok støtte til FN-operasjonen i Libya var det med krystallklårt atterhald om at mandatet til FN måtte ligge til grunn. Operasjonen skulle verne sivile, ikkje endre det libyske regimet. Eg ønskjer Gaddafi til helvete. Men demokrati må skapast nedanfrå. Det kan ikkje bombast på plass. Det er Irak og Afghanistan levande prov på.

Sjølv om mellom anna Grete Faremo insisterar på det motsetje, verkar det stadig tydelegare at målet i alle fall Storbritannia og Frankrike har med operasjonen i Libya er eit nytt vestleg-venleg libysk regime. Den britiske forsvarsministeren Liam Fox opnar for å ”bombe Gaddafi” og rådgjevarar i det britiske forsvarsdepartementet innrømmer til avisa Daily Mail at målet med operasjonen er eit nytt libysk regime.  Svein Melby ved Institutt for Forsvarsstudier i Noreg seier at – Den offisielle argumentasjonen er at de beskytter sivilbefolkningen, men det er veldig sannsynlig at det egentlige målet for NATO er å fjerne Gaddafi.  

Eg meiner difor at kritikken SU framførte mot vestleg militær inngripen i Libya diverre treff godt på utviklinga ein månad seinare. Operasjonen har svekka rommet for forhandlingar, den maktar ikkje å hindre sivile tap, og det vert stadig tydelegare at andre mål enn reint humanitære styrer dei militære operasjonane.

Difor bør Noregs Libya-politikk endrast.

For det første bør Noreg støtte kravet om våpenkvile som mellom anna den Afrikanske Union har teke initiativ til. Ei våpenkvile vil vere i samsvar med FN-resolusjon 1973, og den einaste effektive måten å hindre angrep på sivile.

For det andre bør Noreg støtte ein politisk prosess i Libya som har som mål å få slutt på konflikten og dei sivile tapa. Ein slik prosess må naturleg nok involvere både opprørarane og Gaddafi-regimet.

For det tredje bør Noreg avslutte det militære bidraget til Libya, slik at våpenkvila og den politiske prosesse kan verke.

 

 

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Plan

Eg vert tilhengjar av planøkonomi om lag ein gang i månaden. Det er det same som frekvensen på oppslag av denne typen her. Network Norway bygger landets tredje parallelle mobilnett. Frå før har Telenor eitt, og NetCom eitt. No syt den frie konkurransen for at Kongeriket får tre mobilnett som alle utfører nøyaktig same tenesten, men til ulike private selskap. Rekninga? Den får du og eg.

Posted in Uncategorized | 1 Comment

Osama og avisene

Osama bin Laden er død. Det er det ingen grunn til å felle tårer for. Men haldningane som kjem til overflata i norske medier i kjølvatnet av likvideringa er til å grine av.

Eg orkar ikkje debattere Osama bin Laden. Han var ein massemordar med uhyrleg lite sympatiske standpunkt og endå mindre elskverdige måtar å framsetje dei på. No er hand død. Ferdig.

Eg orkar heller ikkje diskutere USA. USA nyttar valdsmakt for å fremje sine interesser. Titusenvis er døde i Irak og Afghanistan i ulovlege okkupasjonskrigar. Amerikanske våpen og dollars sikrar nattesøvnen til diktatorar og terroristar verda over. 11. September 2001 vart USA utsett for eit brutalt terroråtak. Uansett kva ein tykkjer om amerikansk politikk før og etter det, var desse grove brotsverk mot menneska. Dei som stod bak bør straffeforfølgjast og dømmast strengt. Ferdig.

Men når USAs drap på Osama bin-Laden utløyser kollektiv feiring i alle Noregs avisredaksjonar er vi nøydd til å ta debatten. Avisenes “bin Laden-ekstra”, er rettsstatlege nekrologar. Krydra med nasegrus USA-lojalitet og islamofobi.

For det første: Kva er det som taler for at likvideringa av ein terrorist er ein siger for ”Retten”? Er det slutt på den tida då spørsmålet om rett og gale i handsaminga av brotsmenn hang saman med rettslege og juridiske vurderingar? Eller er det rett og slett sånn at alle USA meiner er skurkar, uansett skal drepast- rettstat eller ikkje? Og moralen til side: Er det verkeleg ingen journalist som har matvit nok til å tenkje over nyhendeverdien av kva Osama bin Laden veit og seier? Er spørsmålet om kven Osama bin Laden har samarbeida med, kven han har fått pengar av, og korleis han kunne halde seg skjult så lenge så lite interessante at det var like greit at amerikanarane drepte han slik at avisene slapp å skrive om det?

For det andre: Barack Obama nytta sin tale til å åtvare mot å dra Islam og muslimar inn i debatten om terror og krig. Bin Laden var ”ikkje ein muslimsk leiar” sa Obama i talen sin. Dette held ikkje for til dømes VG. Noregs nest største avis plasserar seg trygt til høgre for USAs president. VG nyttar høvet til å la trommene virvle over ”demokratiet, friheten og modernitten” i vesten i kontrast til ” religionsbundne lover” og ”middelalderske doktriner.” Leiartartikkelen med den illustrerande tittelen ”Retten seiret” dreg det heilt ut: det ”viktigaste ”med aksjonen er i følgje VG at ”muslimer verden over har fått symbolisert at det ikke er formålstjenlig å begå terror og drap i islams navn” Dersom muslimane har noko å klage på får dei rak beskjed ”Heller enn å sprenge seg selv og andre i luften, bør de forsøke å løse sine problemer og traumer ved å reformere sine egne samfunn og sin egen tro. ” VGs verdsbilete er like ukomplisert som det er kvalmande: muslimane er “dei,” og “dei” vil blåse seg sjølv til himmels for å innføre middelalderlover og religionshysteri. Vi i vesten har fridommen, demokratiet og rettstaten. Difor kan vi drepe kven vi vil. Når vi vil.

Noko er alvorleg gale når mediene tydelegvis ikkje tenkjer at det nettopp er når verdas sterkaste militærmakt drep eit av verdas mest hata menneske, at dei kritiske søkjelysa bør skruast på. Men det er det sjølvsagt aldri for seint å oppdage.


Posted in Uncategorized | 3 Comments

Osama bin Laden

“The dream to kill me will never be completed” – Osama bin Laden. Neivel.

Posted in Uncategorized | Leave a comment

1.mai

Vår tids farlegaste fundamentalistar går verken i prestekappe eller Niqab. Dei går i dress. Dei les verken Tora-rullar eller bibelvers, men Financial Times og Dagens Næringsliv. Vår tids farlegaste fundamentalistar trur ikkje på Gud, men på marknaden. 

I går held eg tale på 1.mai-markeringa Ulefoss og Lunde i Nome kommune i Telemark.  Arbeidaranes internasjonale kampdag er viktig, både politisk og kulturelt.

Politisk er 1.mai viktig fordi styrka og slagkrafta til arbeidarrørsla avgjer kva type samfunn vi skal leve liva våre i. I Noreg som i dei fleste andre land har arbeidarrørsla vore den kraftigaste motoren for demokratisring og sosial utjamning.

No trengs dei kreftene på ny. Finanskrisa har synt kor ille det kan gå når marknadsfundamentalistane får setje spelereglane for politikk og økonomi. 40 % ungdomsarbeidsløyse i Spania, 20 % i Sverige. Millionar gjekk gjennom vinteren i Europa utan ein heim. Sjølv om styrka til fagrørsla og den raud-grøne regjeringa i Noreg hindra massearbeidsløyse, har dei same kreftene og tankane som skapte katastrofe i verdsøkonomien også hatt innverknad på vårt eige land. Adecco-fiseringa av arbeidslivet er det fremst dømet, 12 % av norske arbeidarar jobbar midlartidig, talet på bemanningsbyrå auka med det firedoble mellom 2001 og 2008. Utryggleik og midlartidigheit trugar inntektene til og flyttar makta vekk frå dei tilsetje. Ei mobilisering for velferd, arbeidsfolks rettar og politisk styring av marknaden trengs.

1.mai er viktig del av kulturen til nordmenn flest. Framstegspartiet er for framandelement å rekne når partiet år etter år ønskjer å fjerne eller uviktiggjere merkedagen til den norske arbeidarklassen. Sjølvsagt går ikkje folkefleirtalet i 1. mai-tog. Slik har det neppe heller vore nokon gang. Men sjølv om eg gjerne skulle sett endå fleire bak parolar og i samfunnsalar, er eg ikkje nevneleg uroa over påstandar om at arbeidardagen har ”mista meininga si.” For det første fordi slike påstandar som regel vert framsett frå dei som alltid har vore motstandarar av arbeidarorganisering (”ta saa videre proletarenes mangel på opdragelse, misundelsen, selvgodheten og hatet, sa har de hele buketten fuld” Unge Høgrer om dei første fagorganiserte)  Men endå viktigare fordi dei ideane og verdiane vi markerar 1. mai er ein rotfest del av det nordmenn flest meiner er eit godt samfunn. Eit samfunn med sosial likskap, folkestyre, arbeid til alle og der alle har like mulegheiter.

 


Posted in Uncategorized | 1 Comment

Halvorsens skugge

Greit nok: Det er kanskje ikkje verdas beste PR-strategi å lansere ei stortingsmelding samstundeds som alle Kongerikets journalistar er opptekne med kjolefargen til Sonja og kva side av jakka David Beckham har festa utmerkingane sine.

Når det er sagt.

Stortingsmeldinga “Motivasjon – mestring – muligheter” om ungdomsskolen er ein god dose rett medisin for framtida til skole-Noreg. Kunnskapsdepartementet foreslår å innføre ordninga med valfag som Høgreregjeringa fjerna,  og gjere ungdomsskolen meir praktisk og relevant etter mange år med einsidig teorifokus. Det er god SV-politikk, og etterlengta tilnærming til skole i Noreg.

Av og verkar skoledebatten i Noreg som ein litt merkeleg kamp mellom Kristin Halvorsen og hennar eigen skugge. Om du verkeleg går inn for å studere det som skjer, oppdagar du at det som verka som Kristins skugge  i røynda er halve stortingsgruppa til Høgre, som desperat forsøker å halde følgje med Kunnskapsdepartementet og unngå å røre seg etter andre mønster enn det SV synes er greit. 

Med 500 millionar til valfag og første steg mot ein meir praktisk ungdomsskole får Høgre finne fram balettskoa. Her skal det manøvrerast.

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Vestens frykt for demokrati

Bak store ord og varme støttetalar ligg det dårleg skjult uro over dei demokratiske revolusjonane i Nord-Afrika og Mellomausten.

«Demokrati!» roper dei minste fuglane i kor. «Teokrati!» kaklar dei større fuglane. «Ok, lat oss ta jævlane og bestemme oss for kva vi gjer etterpå», foreslår ein. Youtubefilmen om revolusjonane i Nord-Afrika, inspirert av mobilspelet Angry Birds, triumferar på internett. Som vanleg gjev underhaldningsindustrien dei mest treffande bidraga til forståinga av vestlege haldningar til omverda.

Eg vart utfordra til å skrive om demokrati i Mellom-Austen og Nord-Afrika som del av det utanrikspolitiske ordskiftet Refleks. Kronikken står i Dagsavisen og på debattsidanyemeninger.no


Posted in Uncategorized | Leave a comment