top of page

ØYFJELL SAG OG HØVLERI

Kvalitet for fremtida, tufta på gamle tradisjonar

Om oss

Me er ei lita familiebedrift som starta opp med sagbruk og høvleriet i 1998. Øyfjell Sag og Høvleri driv verksemda vår i Øyfjell i Vinje. Me byggjer produksjonen vår på 100 år gamle tradisjonar, og lovar kvalitet i alt me leverar. Våre kundar er alt frå privatpersonar til snikkerar, lafterar, byggefirma og riksantikvaren.

Tor-Eivind Øygarden er dagleg leiar, med god hjelp av mor Anne-Lise og far Arild. 

 

Me samarbeider med Serra Norge AS, som driv sal og service av Serra båndsager. Sama type sag som blir bruka i vår produksjon. 

​

For oss er det viktig og bruke lokale råvarer og drive bærekraftig utvikling av trelast av beste sort!
 

248974583_593019602125078_7625431293428275344_n.jpg

Produkta våre:

Me sagar det meste, alt frå vanlege bord til villmarkspanel, laft og spesialdimensjonar. Hjå oss får du "mesterkledning", håndhøvla åsar og vårt berømte Øyfjell golv, som er ein av våre særmerkte spesialiteter. 
Tretak i kjerneved og den populære vedlikehaldsfrie keldningen er eit sjølvsagt val på nye bygg som skal vare lenge og frigjera tid til anna enn måling og beising. 
I høvleriet høvlar me det meste, som listar, panel, golv og speiler. Me kopierer også gamle profilar og panel, mellom anna til restaurering. 


Me har i tillegg samarbeid med ulike leverandørar og kan difor tilby det meste som trengst når du skal bygge.

Ikkje nøl med å ta kontakt med oss – me hjelper deg gjerne!

262739110_2967827563435064_5379175559854589509_n.jpg

Malmfuru

Produkta våre her på saga er av malmfuru. Malmfuru er furutre der kjerneveden utgjer ein stor del av tversnittet og finn dei i dei områda der trea har vokst sakte med liten avstand mellom årringane. Ein kan spesielt finne dei opp i fjellskogen. Kjerneveden er den innerste delen av stamma på eldre tre og har i fura ein mørkare farge. Den blir omslutta av yteved, som er den lysere delen.

I yteveden er der transport av vatn og næring i treet foregår. Kjerneveden har ein anna viktig funksjon i treet og fungerer som ein slags materialforsterking av treet.

I malmfuruen har ein vassavvisande stoff, som harpikssyre. Me finn også harpikssyren og andre stoff i kjerneveden som har vist god motstandsdyktigheit mot råtesopp.

 

I eldre tid blei malmfurua brukt til materiale på steder der det var ekstra fuktigheit, som vindauge eller tak. Kjerneved er aktuell å bruke  materiale, som me sel her på saga, som kledning, tak, vindskier ol.  

​

bottom of page