NRK Vestland

Hopp til innhold

Siste nytt

  • Bergen: Rusa mann i vegbanen

    Klokka 21.55 melder politiet om ein rusa mann som går i vegbanen, mot køyreretninga ved Puddefjordsbroen i Bergen. Dei har fått mange naudtelefonar frå bilistar, og politiet på veg.

  • E39 Valvatnavågen stengt

    E39 Valvatnavågen på Stord er stengt grunna bilberging. Det opplyser trafikkoperatør Remi Lian ved Vegtrafikksentralen til BT.

    Årsaka er at ein lastebil køyrte av vegen natt til fredag. Vegen vil bli opna i periodar, slik at køyrande kan passere.

  • Mann framstillast for varetektsfengsling etter valdshending i Bergen

    Ein mann i 20-åra blei natt til laurdag pågripen og sikta for vald mot to personar i Bergen sentrum. Han skal sundag bli framstilt for varetektsfengsling.

    – Me meiner det er skjelling grunn til mistanke på at det er ein person som har utøvd vald mot minst to personar, seier Elise Kleiven som er jourhavande jurist i Vest politidistrikt den 18. mai til NRK.

    Mannen er sikta for kroppsskade og kroppskrenking, men det er aktuelt å utvide siktinga. Det seier politiadvokat Elise Kleiven i Vest politidistrikt til Bergensavisen som først omtalte saka.

    Mannen skal blant anna ha slått til to personar, deriblant ein mann i 60-åra. Den andre fornærma er ein ung mann med relasjon til den sikta.

    60-åringen som skal ha prøvd å stanse eit slagsmål da han blei slått ned av den sikta, blei slått i hovudet og var ifølge vitne ubevisst i rundt ti minutt før han blei frakta til sjukehus.

    Politiet seier at dei har kjennskap til den sikta frå før.

    Det er ikkje kjent korleis mannen stiller seg til siktinga.

  • Etne: Stengt veg etter ulykke

    E134 mellom Etne og Kyrping i Vestland er stengt etter ulykke.

    Politiet rykka rundt 17.20 ut til ei trafikkulykke på Haukelivegen i Etne. Det skal vere ein lastebil som har køyrt ut og treft eit autovern. Førar er vaken og medviten. Han blei sjekka av ambulanse.

    Det var meldt om trafikale problem på ulykkesstaden, og vegen blei stengt i fleire timar på grunn av opprydding og bilberging. Omkøyring for personbilar via Fv548 og Fv5014 Skånevik

Fleire nyhende