Vennesla Videregående Skole

ENERGISK FORFATTARMØTE MED TORE RENBERG

Vg1 og Vg3 studiespesialisering har i dag hatt besøk av forfattar Tore Renberg, som mellom anna har skrive romanane Tollak til Ingeborg og Lungeflyteprøven. Renberg fortalde om forfattarskapen og sitt eige liv i ein essayistisk stil med talrike tankesprang. I eit energisk og engasjert møte med elevane våre og samtale om fordomar mellom generasjonar, tilbakeviste han mange fordomar mot ungdom i dag. Renberg gav bort bøker undervegs i foredraget, og han blei etter foredraget sitjande med ei gruppe begeistra ungdomar som fekk signerte bøker og svar på fleire spørsmål.

Til toppen