Søndag's morgen

Sitte her en tidelig søndagsmorgen , en veldig tidelig søndagsmorgen , å kosa meg ilag med Martin. Martin , verdens skjønnaste liten gut som eg er så heldig å vere bestemor til. Han ramla inn i familien vår for 2 år sida, han og mammaen Mia. En sann berikelse både for meg og bestefaren. Klart det av og til byr på utfordringar. Spesielt klokka 6 en søndagsmorgen, eller kl 3 på natta en fredag når du helst vil sove etter ei lang veke, men alt er glømt etter fyrste kosestund ( og fyrste kaffekopp) på morgenen. Akkurat no har eg leita fram skrivelysta ( har vore lite dei siste åra ) medan han set å kosar seg med " biler " på DVD. Fyrste kaffekopp er tømt og planlegging av dagen er igang.
Sidan Jula er rett rundt hjørnet og at det faktisk er fyrste søndag i advent idag har eg planlagt Julemann baking 😃 passa vel bra det for å få litt Julestemning - trenge no å finne fram til den no når regnet hølja ned og vinden ula rundt husnova.
Trur kanskje det blir litt fleire blogge framover - blir vel helst blogge meir om fjell og gjøre enn før . Er så heldig å få benytte meg av fjelltoppene rundt på Sunnmøre, når vi ikkje er å finne der så sklir vi forsiktig rundt fjæresteinane i kajakk.

No er det overfall morgen og jaggu påtide å tende Julestjerna for fyrste gang iår.
God fyrste søndag i advent til alle 😃

Jula 2012

Juleferien starta tidelig iår, allereie 17 desember ! Reine luksusen, spessielt med tanke på at eg slapp unda alt som heite siste liten med julestress som handling og vasking.
18 desember kraup vi ut av sengene kl 3 på natta for å rekke 4 ferga. Fyrste fly letta klokka 7 frå Vigra, utrulig nok så kom vi oss heile vegen til Florida via Oslo og Frankfurt uten forsinkelsa!!!!

Køa gjennom custom tok si tid å fyrste møte med amerikanske køe fekk vi ved skranken på Alamo når vi skulle hente leigebil. Vi krisa fortiden rundt i en kia 4 wheel drive 7 seter! Stor bil for store forhold ;-)

Dagane her borte i Florida har gått med til sløving, soling og bading, ja også har vi gjort frå oss 2 av 6 daga i Disney Parka. Vi har komt oss gjennom Annimal Kingdom. Utrulig dyrepark med en fantastisk safari busstur. Vi fekk køyre gjennom folka med løve, giraffer, flodhesta, gnua og mykje mykje meir. Det var nok denne turen som var høgdepunkte i Annimal Kingdom for vår del.

Disne's Hollywood studios stod som nr 2 på lista. Her har vi fått med oss både Indiana Jones Show, Tower of Terror og diverse andre småtura. Høgdepunkte var nok Tower of Terror, berg og dalbane som kasta deg opp og ned i heis over endel etasje. Verken magen eller bakenden kvitlte der den skulle gjennom heile raiden :-)

Ellers har eg og husbonden fått kosa oss med ei runde golf :-) kanon bane i deilig varme.
Vi har spist mat på Hollywood Planet. Sett Jack Reacher på kino og idag feira vi julafta med bading og soling. Planane for kvelden er pizza frå Pizza Hut og film :-) rolig og deilig.

Dei neste dagane går nok med til Magic Kingdom , Epcot og Disney's interaktive studios.
En tur til Coco beach og Ron Jons surf shop blir det vel også.

Håpe alle heime har ei flott Jul, ikkje altfor kaldt ;-)


Årets tyngste og årets flottaste

Onsdag kveld, i seiersrus etter at Frankrike slo Spania med 1 mål i siste sekund for å ta seg til herrefinale ( handball ) i OL glapp det stillt og rolig ut av meg : kanskje vi skulle prøve oss på Saudehornet imorga når vi skal inn til Ørsta allikavel ??

Mannen , som sat stillt og rolig i sofaen ved siden av meg løfta interessert på augebryna og sa seg kjapt enig. Som vanlig angra eg litt i det orda datt ut, men ettersom det vart meldt både regn og skodde var vel sjangsane minimale........men neida. Klar for tur var vel kommentaren som kom etter at kaffien var servert til frokost.

Eg , mannen og husets sjølutnemte fjellgeit pakka på oss og la i veg. Stien var godt synlig, velbrukt kan enn sei etter gjennomføringa av Saudehornet opp helga før. Tåka traff vi midt opp i fyrste skaret så toppturer vart en tur der verken toppen eller utsikta var tilgjengelig. Litt småtrasig var det å bli passert av en kar som kom joggande etter oss opp bratta, men sjøltilliten steik raskt då vi såg han hengande over en stein litt lenger. Såg ikkje meir ta den karen, han luska seg litt småflau forbi oss på veg nedover.
Opp kom no vi iallefall.inga utsikt var der så turen må vel takast engang til. Traska oss bort på Vallahornet etter på , berre for å få litt utsikt nedover mot Ørsta.

Laurdag var det klart for eit av årets store mål : Slogen
Klokka vekte oss 06:30, ukristelig tidelig på ein laurdag som attpå til var siste laurdagen i ferien. Var ikkje fritt for at det krible litt i magen der vi sat i bilen innover mot Øye.
Vêret var fantastisk. Blå himmel og strålande sol heile vegen opp og ned.
Kva kan ein egentlig sei om ein sann tur. Fann det ikkje merkelig når vi møter eit par frå Bergen som har spart ei veke av ferien , berre for å passe værmeldinga for å finne ein passande dag til Slogen !
Etter å ha forsert eine bakken brattare enn hin, med svetten rennande og augene fiksert må konklusjonen bli : DET VAR VERDT DET !!!
Siste biten ( lett scrambling ) opp til toppen ; JA ! Vil meir !
Utsikta og følelsen av fri luft på alle kanta...... Ein får nesten følelsen av at tida står stille der oppe på verdens tak, å einaste ein har lov til å gjere er å nyte utsikta og roa som senkar seg.

Nistepakken blei spist i stillheit og eg trur begge gjerne kunna brukt mesteparten av dagen på toppen , men men. Heldigvis fekk vi ei stund der oppe før storinnrykke starta.

Turen ned var like bratt og nesten like travl så turen opp. Ferga gjekk kl 15, vi parkerte på fergekaia kl 15:05, neste ferge kl 16:45 !
Ventetida var heilt grei. Turen og opplevelsen blei delt over ei Pepsi Max og ei Cola.

Beseggen står for tur no, men eg er no litt i tvil om den kjem opp mot Slogen .......