fosna kulturverkstad

FORLAGET
Fosna kulturverkstad er eit enkeltmannsforetak som driv forlagsverksemd og er registrert som forlag i Nasjonalbiblioteket med ISBN forlagsnr. 978-82-99948. Eg produserer bøker frå tekst og foto til ferdig trykt og innbunde produkt. Sjå menyen <Forlaget> oppe til høgre. Brosjyrer, foldarar og plakatar kan produserast digitalt i mindre opplag, eller trykkast i større opplag. Dette høver godt for mindre firma og organisasjonar. Eg er også forfattar sjølv og har skreve 10 bøker som eg har gjeve ut på mitt eige forlag.
Boka "Hendt og hender i Tingvoll" vart utgjeve for første gongen i 2008 og har vore publisert kvart år til 2016. Les meir under linken på menyen til høgre.

Boka "Slaget i Gratangen 25. april 1940" er ei bok på 279 sider og tek for seg historia til dei unge gutane frå Nordmøre og Trøndelag. Boka dokumenterer kva som skjedde 25. april 1940 i bygda Gratangsbotn i Troms, fortalt av soldatar og befal frå Nordmøre og Trøndelag. Finn meir på linken til høgre.

KULTURFORMIDLING
Fosna kulturverkstad tilbyr ulike kulturinnslag, frå kåseri om historiske tema til forestillingar med nordmørsk folkemusikk og historie. Sjå meir under <Kulturformidling>.

DIGITALISERING AV LYDOPPTAK
Fosna kulturverkstad digitaliserer også lydopptak frå mange ulike medium, som ulike spole- og kasettband, diktafon, grammafonplater, minidisk etc.
Det digitale produktet kan leverast på CD eller anna medium, som f.eks. minnepenn eller brikke.

NETTBUTIKKEN
Den nye boka "Slaget i Gratangen 25. april 1940 - Trønderbataljonen frå nøytralitet til krig i nettbutikken, ARK bokhandel, Norli i Midt-Norge og Tromsø, Narvik krigsmuseum, eller ta direkte kontakt med meg på e-post eller telefon, som står nedst på denne sida. Alle dei utgjevne årgangane av "Hendt og Hender i Tingvoll" kan kjøpast i nettbutikken, direkte frå meg eller på Midtstua, Aspøya fjordsenter, 6670 Øydegard.


Helge Husby