Klubbmeisterskap i Simulatorgolf

KM vert spelt scratch og går over 36 hol.
Det vert spelt på to baner.
Bane 1, Lofoten Links, start 8. mai, slutt 19. mai
Bane 2, Meland Golfklubb, start 12. mai, slutt 26. mai
Merk – berre ein runde kvar bane, ikkje to sjanser som i Vinterserien.
Vinnar er spelar med færrast slag sum Bane 1 og 2.
Det blir eit nærast flagget hol og eit lengste drive hol på kvar bane.

Startkontingent går til Lærdal Golfklubb.
Vipps kr. 100 til 116086, merk KM.
Timepris på Simulgolf er kr 100 som vanleg.

Premiering
Lærdal Golfklubb stiller med Chrome Soft logoballar (premiering som i Vinterserien).

KM Klubbmeisterskap 2023 – Resultater

Klubbmeisterskap 2023 – KM RESULTATER

KM 2023 på Hemsedal Golfklubb sin bane søndag 3. september
Klubbmeister 2023 ble Ole Kristian Øren, avgjort etter 4-hols omspel med Per Åke Evjestad. Begge var likt på 77 slag etter ordinær runde. Tore Gjerdalen tok klar tredje, 79 slag.
Tore var best når turneringa vart rekna etter Stableford (37 poeng, netto 67 slag).
Siger i Herrre senior gikk til Geir Larsen (88 slag) med Jan Lunde på god andre (95) og Odd Inge Mo tredje (98). Junior-klassen vart vunne av Knut Blaaflat Evjestad. Sjå meir på link.
Link er også på facebook.

Teknisk:
KM vart utsatt til 3. september grunna gult farevarsel regn
Det vart 11 påmeldte
Alle gikk ut på hol 1
Startkontingent var kr. 100 (Vipps 116086 til Lærdal Gk)
GreenFee var kr. 225 (Vipps 523903 til Hemsedal Gk).

Synfaring med viktige politikerar

Vi tror vi nærmer oss vedtak om bana. Viktig å få vist fram det vi håper å få til.
15. juni var vi heldige og fikk med Kjersti Bjørnstad (Sp), statssekretær i Klima og Miljøverndepartementet, på Ljøsne og på omvisning på baneområdet. Takk til Per Åke som arrangerte dette.
Seinere samme dag var Høgres Stortingsrepresentant Ove Trellevik på synfaring. Takk til Gerd som var med og arrangerte det besøket.

Banearkitekten på bana 9-10. mai

Vår eigen golfbanearkitekt Svein Drange Olsnes var i Lærdal to dagar og brukte tida på bane-området på Ljøsne.
Først omvisning saman Nikolai, Petter og Odd Inge. Svein streifa og rundt aleine for å bli godt kjent med arealet. Vi som var der fikk del i god lærdom om landskap, og å legge ei golfbane inn i landskapet som alt er der.
Som avslutning på besøket spanderte klubben middag på Elvekroi for Svein og styret ved Gerd, Petter, Ståle, Per Åke, Odd Inge og Oddrun. Spesiell takk til Ordførar Audun Mo som stillte for å ha en prat med Svein.

Hemsedal Golfklubb er Baneklubb for Lærdal i 2023

Hemsedal held fram

Med baneklubb på plass lar Golfforbundet Lærdal Golfklubb fortsette som egen golfklubb i 2023. Det betyr kontroll på midlar, reknskap og medlemskontinget, viktig no. Og vi kan søke MVA-kompensasjon, for 2021 mottok klubben nettopp kr. 20,076.

Her er nokre punkt frå email frå leiar i Hemsedal Gk, Odd Holde, om endringar for Hemsedal Gk i 2023: Nå har det skjedd endringer her i Hemsedal mht eierskap av Golf Hemsedal AS. (Eierselskapet). Nye eigarar er Per Ottar Skaaret og hans selskap Skaaret Holding AS og Knut Kloster og Britt Marie Kirkebøen. Kloster er eier av Harahorn i Hemsedal.
Skaaret eier og driver Holtsmark Golfbane i Lier. Selskapet hans driver med grøntanlegg og bygging av golfbaner. Dette er noen som kan faget og vi ser fram til at de får litt sving på banen, de vil gjøre det de kan for å få opp nivået, spes på greenene.
Hemsedal Golfklubb blir en ren klubb/idrettslag.
Jeg har snakket med de om hjemmebane for dere og det er helt i orden å videreføre dette som før.