Stryn Luftsportsklubb vart skipa i 10. Januar 1994, som vidareføring av Stryn Hanglidarklubb og Stryn Modellflyklubb. Klubben vart medlem i Norges Luftsportforbund og Norges Idrettsforbundet 16. Oktober 2000.

Aktiviteten består av modellfly og sportsfly frå vår landingsplass på Riise i Stryn. På plassen har vi to hangarbygg og klubbhus. Landingsstripa er omlag 260 meter lang og 25 meter brei.

Bruk av plassen er begrensa til klubben sine medlemar og eventuellt besøkjande med PPR. Det er viktig at ukjende pilotar tek kontakt med klubben før landing pga. spesielle innflygings rutinar. Innflygingskart finn du her. Overflyging under 1000 fot er forbudt.

I vintersesongen når bana er dekt med snø er bana stengd for fly. og klubbflyet er flytta til ENSD Sandane.
Modellfly flyr vi heile året.
I flysesongen prøver vi å møtest på bana kvar helg, og gjerne i kvardagar også.

Følg oss gjerne på Facebook, der er også oftare oppdateringar om kva som skjer i klubben