Sunnmøre Golfklubb

I Sunnmøre Golfklubb er alle velkomne, uansett bakgrunn og nivå.

I tillegg til 9-hols golfbane tilbyr vi fotballgolf, golfsimulator, driving range og eit topp moderne klubbhus for sosiale samlingar og arrangement.

Siste nytt

Her finn du siste nytt frå klubben. For medlemmar publiserer vi også jamnt på vår interne facebookside.

Golf

Opa parkbane i flott sunnmørsk natur. Bana har 9 varierte hol og spelar par 74.

Sunnmøre Golfbane ligg i Hareid kommune, like utanfor Ålesund. Bana ligg i Hovden – ca. 4,5 km frå Hareid sentrum langs Riksvei 61. Bana, som er designa av Tor Eia, er ei opa og fin parkbane som ligg i fine omgivelsar med mykje vatn og elvar rundt og på bana.

Fotballgolf

Fotballgolfbana byr på utfordringar og hinder som alle kan meistre. Fotballgolf handlar om å få fotballen i holet på færrast mogleg spark.

I fotballgolf er der hinder som gjer det både spanande å utfordrande. For eksempel kan du måtte skyte rundt ein stolpe, eller gjennom ein vegg. Ein rimelig aktivitet som er perfekt for heile familien. Bana består av 9 hol og har eit par på 68 over to runder på til saman 18 hol.

Golfsimulator

Vi tilbyr Trackman, kjend som ein av dei mest avanserte slagmonitorane på marknaden, som gir deg presise data om kvart slag for å fremje treningsprosessen din.

Trackman skil seg også ut ved å tilby eksepsjonell grafikk, moglegvis den beste tilgjengeleg. Du får tilgang til over 100 golfbanar, inkludert prestisjetunge stader som Lofoten Links, Pebble Beach, Spyglass Hill, The Links at Spanish Bay, saman med ei rekkje andre spennande og imponerande banar.

Klubbhuset

Klubbuset til Sunnmøre Golfklubb er eit flott og topp moderne lokale til disposisjon for alle anledningar.

Klubben tilbyr utleige av klubbhuset til inkludert vask før og etter for selskap med inntil 60 gjester. Passande anledningar kan f.eks. være konfirmasjon, bryllaup og julebord.

Meld deg inn i dag

Akkurat no tilbyr vi golfkurs og fritt spel første året for berre 1.500 kr. Fyll ut innmeldingsskjemaet no for å benytte tilbodet, så tar vi kontakt med deg så snart som råd!