DSS

Dans, spel og song!

Meld dykk på kurs og bli med på ein triveleg og lærerik dag i Granvin!

4. mars 2024

Innkalling til årsmøte 10.mars 2024

Årsmøte i laget vert sundag 10.mars 2024, kl.1400 på Granvin Barne- og ungdomsskule.

11. februar 2024
385493119_657985506523873_6091603021718196771_n

Prosjektmidlar - hurra!

Me søkte tidlegare i haust om prosjektmidlar frå Sparebanken Vest til konsertane i jubileumsåret, og dei fine t-skjortene våre. I dag fekk me svært gledeleg overrekt 60 000,- til desse aktivitetane, hurra! Tusen takk til Sparebanken Vest som ynskjer å vera med å støtta aktivitetane våre og som dreg med folk i alle aldrar som me synes er med på å gjera lokalsamfunna som Hardanger Spelemannslag omfemnar meir levande.
Me har allereie arrangert ein jubileumskonsert i Oslo, og gler oss til å arrangera ein til på Lofthus den 9.desember!

14. november 2023
385068759_700972402066725_3579602894708572207_n

Reisebrev frå jubileumshelg

Helga 29.sept-1.okt feira Hardanger Spelemannslag sine 75 år på Riksscenen i Oslo med konsert og kappleik.
Konserten var særs variert og det var spesielt ei endring frå 70-årskonserten vår som var litt ekstra gledeleg: det var omlag 20 born med på scena! Då me var i Oslo og hadde 70-årsfeiring var det ikkje med eitt einaste barn!
11. november 2023
Hardingfolk

Hardingfolk

Det vert også denne hausten og våren Hardingfolk-samlingar, hurra! Stad og datoar er bestemt, føl med på facebook for detaljert informasjon om lærarar og anna når samlingane nærmar seg. 

3. september 2023 Les meir
Danseøvingar

Danseøvingar

I tillegg til sundagsøvingane vert det også danseøvingar for vaksne på torsdagar
Torsdagar: 18.00 - 19.30
Sundagar: 17.00 - 18.30

3. september 2023 Les meir
371946362_190583364037306_915964095129973481_n

Øvingar i laget

Sundagar er det øvingar for alle i Hardanger Spelemannslag. Øvingane føregår i hovudsak i ungdomshuset Trudvang i Granvin. Trykk på biletet for oversikt over datoar og timeplan for dagen. Vel møtt, dette er kjekt!

3. september 2023 Les meir

Dans, spel og song!

Det er atter ei gong duka for folkemusikkhelg i Granvin og Hardanger Spelemannslag steller i stand "Dans, spel og song - alt pao ei gong", eit kurs på Granvin barne- og ungdomsskule i folkemusikk og folkedans.
8. mars 2023 Les meir
315719219_6266637113366254_8607391303957633801_n

Knut Hamre 70 år og Hardingfolk i Granvin

Knut Hamre fylte 70 år den 3.mars 2022. Knut har med hardingfela representert Hardanger i ein mannsalder og har lagt ned eit enormt rekrutteringsarbeid i omlag 40 år, noko han held fram med den dag i dag! Hardanger Spelemannslag ynskjer å heidra og feira Knut og steller i stand konsert og dans i Trudvang laurdag 3.desember. Granvin Ungdomslag er med på laget og skal stå for matsalet.

Hjarteleg velkomne, alle saman!

21. november 2022 Les meir