Hyttedraumen din | Honndalshytta AS

Hyttedraumen din

Signatur: Stor, moderne og komfortabel. Her opplever du naturen på første klasse.

Signatur blei til i eit givande samarbeid med designeren i Accendo Produktutvikling. Resultatet er eit godt døme på at tradisjonelle byggemetodar og moderne design passar godt saman. Signatur har bruksareal på fram i mot 150 kvadrat og er ei hytte du vil føle stoltheit over å eige og stor glede ved å bruke.
 
Tradisjon: Frå 0 til 150 kvadrat - teikna og utstyrt for deg og det livet du vil ha på hytta.

Verkeleg ein godtebutikk for deg og alle dei andre som held på at den norske hytta skal vere i den  tradisjonelle stilen. Her finst ingen standardløysing. Du står fritt med tanke på utforming og innreiing, innafor dei rammer som lafteteknikken gjev. Vi teiknar og gjev gode råd, og du kan få ei hytte som er perfekt tilpassa eigne ønskjer, familien sin storleik og plassen den skal stå på. Opp til 50 kvm kan hyttene byggast i 3” tømmer.