VIKINGMUSIKALEN HERØYSPELET

Kjærleik og drama, hemn og håp.

HERØYSPELET

Opplev spelmagi ved Stadhavet

HERØYSPELET

Vikingmusikalen “Kongens Ring”
gir deg kjærleik og drama, hemn og håp.

PÅMELDING

Vil du vere med på Herøyspelet 2023?

Meld deg på her!

Historisk utespel der 200 aktørar skaper spelmagi på den store naturscena mot Stadhavet.

Laurdag og søndag 1.- 2. juli 2023.

Velkomne skal de vere!

 

AKTIVITETAR

VIKINGLEIR

HAGEFEST

PILEGRIMSFERD OG UTEGUDSTENESTE

KULTURVANDRING

PRAKTISK

inkludert båt- eller buss:

  • Barn under 7 år: Gratis
  • Barn 7-16 år: 200 kr
  • Vaksne: 400 kr

Vil du sjå spelet fleire gongar same helga? Kjøp Herøyspel-pass.
Barn: 300 kr. Vaksne: 500 kr.

Grupper på ti personar eller fleire kan ta kontakt med
styreleiar Linn Therese Sævik på tlf 979 83 305

GRATIS TRANSPORT


Bussane går kontinuerleg heile dagen frå området ved Stokksund skule (Grøndalsvegen 2) og Indre Herøy kyrkje. Det er godt synleg når du kjem køyrande langs fylkesveg 654 frå Tjørvåg. Der er godt med parkeringsplass og parkeringsvakter som hjelper deg både med parkering og informasjon om bussane.

Båten går kontinuerleg heile dagen frå Mjølstadneset. Også her er det godt skilta og godt med parkeringsplass. Vakter er på plass og gir ei hand om bord i båten. Der er landgang og flytebrygge med trapp.

VER OG VIND

MAT

Herøyspelet er meir enn spel. Utvid oppleving med god mat og god prat i tunet på Herøy gard. Der får kjøpt både middagsmat og kaffimat i samband med spelet. Vi byr på rømmegraut og fiskekakeburger, pølser og mår med brød. I tillegg sel vi vaflar, sveler og is, kaffi, brus og vatn.

UNIVERSELL UTFORMING

Det er brei og asfaltert sti fram til spelplassen som kan brukast både av folk med rullestol og dei som trillar barnevogn. Ved spelplassen er det oppstillingsplass for rullestolar. Det kan også avtalast skyss med bil fram til spelplassen for dei som er skrale til beins. Det er teleslynge i delar av amfiet. Amfiet er i ei graskledd skråning med halve tømmerstokkar som benkar. Desse har ikkje ryggstø. Har du vanskeleg for å fote deg, kan du få gå på flatt underlag fram til dei nedste benkane.

TOALETT

SISTE NYTT

Herøyspelet – starten

Herøyspelet – starten

Gerald Pettersen var med på Herøyspelet frå dei første diskusjonar og idedrodlingar til han vart regissør av spelet i 27 år. Les kva han fortel om starten på spelet.

read more

Kongens ring i sosiale media

HANDLINGA

 

 

 

Kamp, kjærleik og kongemakt

Den unge hovdingdottera Unn er lovd vekk til Ingolf. Familien og herøyfolket meiner det er beste mannen for Unn, men Unn vil ha Møre-Karl, opprøraren og rebellen som herjar saman med flokken sin.

Unn rømer saman med Møre-Kar før ho kjem tilbake til heimplassen på røvartokt. Her barkar Møre-Karl og Ingolf saman i kamp, i holmgang.

 

Olav den Heilage
Då kjem kongen, Olav den Heilage, med sine menn. Han har jakta på Møre-Karl lenge, og kan kongen no endeleg få sett ein stoppar for herjingane frå Møre-Karl samtidig som han kan få herøyfolket til å tru på Kristus? Kongen spelar høgt og vil løyse desse to problema ved hjelp av eit tredje; innkrevjing av skatt på Færøyane. No kjem trollkvinna og mannen hennar inn handlinga. Dei har med seg ein gullring, kongens ring.

skMøre-Karl reiser til Færøyane. Kva skjer med han der? Kva skjer med Unn og herøyfolket? Og har heilag-kongen tru og kraft til å ta ringen frå trollkvinna?

Spelet spør om “Kva er den sterke makt i verda?” og svarer med håpet og oppmodinga om at “dei hjarto milde” skal sigre.

 

Spel sidan 1992
Herøyspelet “Kongens Ring” har vore framført kvart år sidan 1992. Manus er skrive av Rolf Losnegård som har spunne historia rundt  Snorre si forteljing om då Olav den Heilage kom til Herøy i 1027.  Musikken er komponert av Svein Møller medan Henning Sommerro har skrive songen til Inga og Øyvind Granden Berg har skrive Ingolf sin song.

VARM TAKK TIL VÅRE GODE STØTTESPELARAR

HOVUDSTØTTESPELARAR:

B SPONSORAR:

C SPONSORAR: