Sett av 15. oktober 2011!

Vokalgruppa ”Kaarstadbygget” er tilbake på Hareidstemna for å halde konsert ilag med ”Gollj og gråstein”. Då ”Kaarstadbygget” var her sist i 2005, karakteriserte Vikebladet konserten som ”ein innertiar”. Laurdag 15.oktober er dei tilbake i Hareidhallen, og med seg har dei ei rykande fersk plate som skal sleppast den helga. Publikum kan difor gle seg til nytt stoff i tillegg til songar frå dei to første platene.

” Gollj og Gråstein” har denne hausten øvd inn programmet ”Gollj på norsk”, og har eit reint norsk repertoar som spenner frå CC Cowboys til Johan H.Grimstad. Det heile er krydra med fleire kjende norske songar i nye arrangement . Fleire av songane arrangert av songarar i nettopp ”Kaarstadbygget”.

Vokalgruppa ”Kaarstadbygget” består av åtte menn, og har sitt utspring frå Høgskulen i Volda (lærarskulebygget i Volda heiter Kaarstadbygget/Kaarstadhuset). Songar Arnt Ole Grimstad fortel at gruppa no er spreidd over ”heile landet”, men at dei møtast fleire gongar i halvåret til song og moro. Gruppa ga i 1999 ut cd-en ”Svamp”, og i 2005 kom pop-plata ”Nonstop a cappella” som har selt i fleire tusen eksemplar, og som i Vikebladet fekk overstrøymande kritikkar. Gruppa har fleire gongar opptredd på ”God morgon Norge” på TV2, sunge på Polarjazz på Svalbard, og vore med i kulturprogrammet til Nordea og Telenor. I slutten av oktober skal dei synge i Oslo spektrum under KRIK (Kristen idrettskontakt) si store 30-års markering.

Men først kjem dei altså til Hareidstemna, der dei ilag med ”Gollj og Gråstein” vil gi publikum ein variert og innhaldsrik a cappella konsert. Her vil det bli songar ifrå både ulike sjangrar og tidsepoker, der dei gjennom spennande arrangement brukar stemmene som instrument. I tillegg til at dei to gruppene vil ha kvar si avdeling, tenkjer dei også å toppe konserten med nokre fellesnummer. Alt ligg med andre ord til rette for ein mannssterk songkveld i Hareidhallen. Og med alle dei songglade som finnast i regionen, reknar vi med at det blir fullt hus.

Hipp, hipp, hipp.....

17. mai tok vi del på folkefesten i Hareidhallen.
Vi framførte "Den fyrste song", "Den kvite symra",
"Heim te mor" og "Smile".

Gollj på Facebook

No kan du bli ven med Gollj på Facebook...

Sjå og høyr smakebitar frå konserten.

Vikebladet har lagt ut klipp frå den 11. april.

Klikk her.

TAKK for ein flott kveld!

Søndag 11.april 2010 gjekk konserten vår saman med damene i Toneleik av stabelen i Ulsteinvik. Publikum strøymde til, og billettkøen var lang - slett ikkje kvardagskost for oss - men det var veldig, veldig kjekt å få slik respons !

Toneleik debuterte denne kvelden med 3 nummer som gjer at vi gler oss til å høyre meir frå den kanten. Takk for flott og kjekt samarbeid!

Tusen takk til eit framifrå publikum, velviljuge sponsorar og annonsørar, Lydkjelleren for storarta vellæte frå høgtalarane - og mor.

(Nærare omtale av konserten i papirutgåva av lokalavisa Vikebladet/Vestposten tysdag den 13.april.)

Førehandssal av billettar

No er det opna for førehandssal av billettar på sjoborg.no. Gå inn og sikre deg gode plassar
til konserten med Toneleik og Gollj og gråstein. Enno billettar att....

Golj og damene


Gollj har byrja på finpussen av repertoaret til konserten. No kjem det melding om at ei nystarta, lokal vokalgruppe med røynde kvinnelege songar kjem til å ta del på konserten. Godt at nokon kjem og får heva det kunstneriske nivået! Kom og høyr!!