Velkomen til Undredal – midt i verdsarven

Undredal er ei særprega og koseleg bygd midt på fjordstrekninga mellom Flåm og Gudvangen, ein biltur på rundt 10 minuttar frå Flåm. Når du kjem ned dalen finn du ei bygd der husa ligg tett i tett, som er kjend for stavkyrkja og den kvite og brune Undredalsosten. Undredal stavkyrkje var bygd rundt 1147 og var nemnd i eit kyrkjebrev for fyste gong omkring 1320. Bygda har heilårsopen butikk, med post tenester, og butikken er ein populær møteplass for innbyggjarane i ei lita bygd med mykje sosialt samvær gjennom heile året. Bygda var meir isolert før vegutløysinga i 1988, før dette måtte all ferdsel vere via fjorden. Vegutløysinga har hatt myke og sei for utviklinga av Undredal og er ein stor del av eit aktivt og levande lokalsamfunn som båe vil utvikla nye næringsaktivitetar ogta vare på kvalitetane som ligg i Verdsarvstatusen. 


Opplev Undredal – Dei kan mellom anna tilby eit besøk til visningssenteret Eldhuset, der du kan finne utstillingar om ysting og om mognings prosessen til osten. Eldhuset tilbyr òg ulike program om lokale tradisjonar, om bruket av landskapet før og no, og om UNESCO og Nærøyfjorden sin verdsarvstatus. Ein smaksmeny av lokale ostar og anna tradisjonsmat fyljer med programmet. Eldhuset er ope mellom 1. mai og 30. september, eller etter avtale. Ikkje mange meterane frå Eldhuset ligg Undredalsbui, der du kan få kjøpt den lokale kvite og brune geitosten, geitepølse, suvenirar og meir. Opplev Undredal tilbyr òg overnatting i leilegheiter og camping. Meir informasjon om Elhuset, butikk og overnatting kan du finne på www.visitundredal.no

Telefon +47 95137403.  E-post: info@visitundredal.no

Telefon +47 95137403.  E-post: info@visitundredal.no

 

Undredal Stølsysteri – Mitt i verdsarven finn du nyskapinga Undredal Stølsysteri BA, det fyste geitostysteriet i Noreg med full autorisasjon for produksjon og sal av kvit og brun geitost i heile Europa. Dette er noko dei gjer utan å stele mjølka si beste kvalitetar igjennom pasteurisering. Ostelaging er uløyseleg knytt til bygda sin identitet, og dei tre familiane bak ysteriet er stolte av og vere del av ein europeisk tradisjon der osten sin kvalitet ikkje berre er relatert til tekniske kriteria, men til dyra si helse, jordsmonn, planteval og beitelandskapet.


Sjekk www.undredalsost.no og Facebook: Undredal Stølsysteri for fleire opplysningar!


Servicebygget Gjestestova - har romslige toalett og dusjfasilitetar anten du kjem med bil, båt , til fots eller med kajakk.
Gjestestova har 3 attraktive leilegheiter for utleige i andre etasje.

For tinging av rom klikk følgjande lenke: www.flåm.no  og vel Undredal Gjestehus eller ring mobil +47 95297668. 


Undredal Stavkyrkje – Ei stavkyrkje er ei kyrkje bygd av tre, med eit rammeverk bygd på loddrette stavar (stolpar). Stavkyrkja i Undredal er ifrå 1100-talet, og er den minste stavkyrkja i Skandinavia som fortsatt er i bruk. Sjølv om kyrkja sannsynlegvis ikkje alltid har stått på same plass, og etter fleire restaureringar igjennom åra, er fleire deler av kyrkja frå den originale bygningen. Undredal stavkyrkje er open for omvising frå 1 juni til 10 august, elles etter avtale. Du kan tinge både omvising i kyrkja, og ei bygdevandring som ender opp i kyrkja.

For meir informasjon sjå www.undredal-stavkyrkje.com .  

For å tinge omvising, kontakt post@undredal.no .

Du kan òg finne dei på Facebook Undredal Guideservice.

Foto: Kyrkja i Aurland


Undredal Ungdomslag. Eit lokallag under Noregs Ungdomslag basert i Undredal i Aurland Kommune. Laget står for mykje forskjellige aktivitetar og festar. Lenkje til nettside: Undredal Ungdomslag


Undredal Tredreieri - I Smihola, fremst i bygda held Edvin Flåm til. I verkstaden sin skaper han dei vakraste arbeid av tre. Edvin tilbyr eit stort utval i turkoppar, skåler, krukker og andre produkt veleigna til gåver eller premier. Alt er handlaga av tre frå området. 

Telefon: +47 95278225.

E-post: edvin.flam@alb.no.

Les meir: klikk her  


 

Erna Underdal Skarsbø – Erna er fjerde generasjons bonde og osteprodusent ved familegarden Underdal. Ho har som mål å ta vare på tradisjonen og kunsten med osteproduksjon, og å vera ein tradisjonsberar av kunnskapen Erna lærde av mora Lovise Underdal. På stølen Langhuso produsera og sel Erna Brimost, Kjeskinn og Geitepølse produsert på Evanger pølsefabrikk av kjøt av eigne geiter.

Ta gjerne ein tur innom for ein smak og litt historie.

Besøk Erna på Facebook. 


Ystebui – Denne butikken tilbyr varer for ysteri og høyrer til Pascale Baudonnel. Dei leverer kulturar, former og anna ysteutstyr over heile landet. Ystebui tok over sal av ysteutstyr frå Norsk Gardsost i 2009. Det meste av varer vert sendt i posten men det er òg råd å få ekspedering i Undredal om ein varslar i god tid. Bestillingar vert tekne imot på e-post: bestilling@ystebui.no og varene vert sendt tysdagar.

For prisliste sjå http://norskgardsost.blogspot.no/p/info-for-produsentar.html


Underdølen er eit blad som kjem ut to gonger for året.

Du kan bli abbonent ved å sende ein e-post til post@undredal.no.

Pris for innanbygds abbonentar er kr.100,. Pris for utanbygds abbonentar kr.150,-
Last ned eldre utgåver her:

Juli 2010
Desember 2010
Juni 2011
Desember 2011