Smak på Ryfylke

Sigrid Bø Grønstøl (tekst) og Berit Bø Bakke (foto/design)

Matbok med oppskrifter på gamle og nye rettar pakka inn i personleg og lokal mathistorie, miljø og landskap.

220 sider
Kr. 380,-
Nytt opplag 2023

Kva er ekte Ryfylkemat? Veldig søte ting, seier ein. Tørrfisk med steikt flesk, ein annan. Fiskekomler, seier ein tredje.

Smak på Ryfylke byr på tradisjonell ryfylkemat som det framleis er aktuelt å laga. Forfattaren byr på sitt eige kjøkken i ein personleg presentasjon av mat og mathistorie, kultur og landskap. Dette er kollektiv kjøkkenkunst, oppskriftene slik dei vandrar frå hus til hus.

Om du lurer på korleis mor krydra kjøtkakene, eller korleis ho laga den gode fiskegratengen, skal du finna oppskrift her. Samtidig får du nyare rettar frå ryfylkekjøkkenet, som laks med pesto, ostekake og tomatsuppe med kvitløk og chili.

Bla i boka

Bestill boka


Kvardagen og himmelriket
Ingunn Vingen-Bjerga, 2014
SAUEN på dei grøne øyane
Redigert av Sigrid Bø Grønstøl og Hallstein Grønstøl, 2013
Bømlo, øya - havet - året - vêret
Berit Bø Bakke og Finn Bakke, 2010
Smak på Ryfylke
Tekst: Sigrid Bø Grønstøl, foto: Berit Bø Bakke, 2009
Gamle Haagens memoarer
Haakon Galta,
2008
Å koma heim. Ryfylkebilete 1944 – 2006
Børge Kalvig, 2007
Andalucía frå kjøkkenbenken
Tekst: Sigrid Bø Grønstøl, foto: Berit Bø Bakke, 2017
Karlahuset
Sigrid Bø Grønstøl, 2020