Kultur | 24. aug. 2011

Svarer på tiltale

Ordføraren vil i dialog med huseigar og brukarar for å høyra kva som skal til for å redda bowlingen på Os.

Svarer på tiltale
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 24. aug. 2011 21:06

Os Filmsenter AS ved Knut Olsen frå Forum Video forlenger ikkje kontrakten i Irisgården når den går ut 1. september i år.

LHL Os og fleire andre ivrige brukarar av bowlinghallen i videolokalet fryktar at tilbodet skal forsvinna og kanskje aldri koma tilbake.

Med lågare husleige enn i dag kan folk frå bowlingmiljøet i Os vera interessert i å driva hallen vidare.

– Hadde Os kommune følgt med så hadde dei kome med bidrag for lenge sidan. Dette er fritidstilbod, kultur, idrett og førebyggande arbeid i eitt, sa Jan Lorentz Lund til Midtsiden tidlegare i dag.

Vil i møte med huseigar

Saka har fått ordførar Terje Søviknes til å engasjera seg.

– Eg ser at dette er eit tilbod vi bør prøva å ta vare på. Investeringa var stor då banane blei bygde, det er synd om dei må rivast for å gje plass til ein ny leigetakar, seier Søviknes.

I dag tok han kontakt med LHL Os og huseiar Norgesgruppen representert ved tidlegare marknadssjef i Drageset, Jarl Berentsen.

– Om det passar for dei andre så tar vi eit møte før helga. Eg vil også få med meg kultursjef Lisbeth Axelsen, eller andre frå kontoret hennar, så vi kan få nokre tal på bordet og ein dialog om kva som skal til for å berga bowlingen, seier Søviknes.

Bowlingbanane kosta 6-8 millionar kroner å bygga. Det går an å demontera dei og bygga dei opp igjen i eit anna lokale, men det skal vera ein kostbar prosess.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.