Hopp til hovedinnhold

Øyriket Solund ligg kun to timar frå Bergen og er knytta til riksvegnettet med ferge mellom Rutledal i Gulen, Rysjedalsvika i Hyllestad til Krakhella i Solund.

I Solund kan du oppleve dei vestlegaste øyane i Norge og komme tett på det spektakulære landskapet med tusenvis av øyer, holmer og skjer. Den lokale postbåten i Solund binder øysamfunnet saman ved å levere post og transportere fastbuande frå ein øy til ei anna. Om sommaren kan du bli med den lokale postbåten til Solund, Bulandet og Værlandet. Det er fint å kombinere øyhopping med sykkelopplevingar, og her kan du sykle på lite trafikkerte vegar som innbyr til fine natur- og sykkelopplevingar.

Lengst vest i Norge

Du kjem ikkje lenger vest i Norge enn Utvær. Staden som har både historisk sus og ein natur som fengjer. Når du vandrar på øya kan du sjå tufter etter kapellet som vart flytta i 1718 og merke etter sliping av sverd. Om sommaren kan du bli med på fyrsafari frå Hardbakke til Utvær.

Kajakkeldorado

Solund er eit eldorado for padling. Med tusenvis av øyar, holmar og skjer i vakker urørt natur gir Solund deg nokon av dei beste padleopplevingane Norge har å by på. Opplev sjarmerande fiskevær og ein unik geologi frå din kajakk. Visste du at i Solund fins sandsteiner frå devontiden. Tilsvarande rester etter avsetningane i devontiden fins også ved Fensfjorden, Kvamhesten, Håsteinen og Hornelen. Til saman utgjer desse geologiske felta, devonfelta på Vestlandet, ein viktig del av Norges geologi.

Et merkeikon

La deg inspirere

Finn idear og inspirasjon til din draumeferie i Solund

Kommende arrangementer

#Solund #fjordkysten

Følg oss:

  • Facebook

    Få siste nytt frå Solund