Klesvask

Denne sida vil ikkje vera ein systematisk oversikt over korleis arbeidet med klesvasken har endra seg gjennom tidene. Dei «store» historiane er fortalt så mange gonger. Dei handlar om kvinnearbeid, slit, tunge vassbøtter og om skyljing i kaldt vatn.
Eg vil presentera små, personlege historiar som kan stå som eksempel. Mange hadde same oppleving av dette arbeidet. Men det var variasjonar i utstyr, arbeidsmengde og arbeidstilhøve. Endringane kom over tid, men spesielt på nittenfemti-talet skjedde det mykje. Dei fleste historiane har lokal tilknyting til Jæren.
I vaskekjellaren på 1930-talet:
Pastell av Ola J. Nordsletten f. 1898

Pastell av Ola J. Nordsletten f. 1898

Her ser de Bothild Nordsletten, f. Hognestad i 1903, i full sving med klesvasken på 1930-talet slik mannen hennar såg henne.

Her er klede i «blåd» i trestampar. Me ser sinkbøtte og koparkjelen som står på vaskekomfyren og kokar. Og ikkje minst all dampen.

Biletet er i privat eige hjå Herborg og Tønnes Kverneland. Ola og Bothild er foreldra til Herborg.

————————————————————————————————————————————–

Jon O. Obrestad f. 1942 hugsar og klesvasken. Då han var liten og skulle ha tak i mora når ho vaska klede, kunne han ikkje sjå om ho var i vaskekjellaren. Han måtte bare ropa på henne og så lytta om det kom svar innanfrå dampen.

—————————————————————————————————————————————

Klesvasken under krigen føregjekk for hånd i trestampar laga av delte tønner. Ein kunne kjøpa tønner som det hadde vore sild, sirup e.l. oppi på handelslaget. Kleda vart gnidd og skurt mot vaskebrett av tre eller sink. For å beskytta kjolen brukte kvinnene store forkle av jutestrie. På Ueland kan dei og fortelja om ein slags manuell vaskemaskin som var konstruert og laga av ein lokal tusenkunster som heitte Risa. Det var ein behaldar av blikk med seildukstrekk og ein lang stav som man løfta opp og støtte ned med. Den var effektiv, men veldig tung å arbeida med. Dei meinte å hugsa at den eigna seg best til å skylja kleda med.

Frå boka Minefelt – Barndomsfortellinger fra krigsårene på Ueland. av Anne Cath. Grimstad, 2008 s. 94

I samlingane til jærmuseet finn me to variantar av slike «vaskestavar». Den til venstre av kopar ser «heimelaga» ut. Medan den til høgre liknar på den damene frå Ueland fortel om. Men den ser masseprodusert ut og har patentstempel: REJA  PAT –  ???

Er det nokon som kan fortelja meir om desse?

vaskestavarvaskestav, koparVaskestav, messing og seildukVaskestav, messing og seilduk

Her er vaskestav brukt til klesvask på Skretting:

Klesvask på Skretting

Her er tre jenter i full sving med klesvasken utafor eldhuset hjå Karl T. Skretting i 1937. Frå  venstre døtrene på garden Margit med vaskestaven og Åsa. Og til høgre tenestejenta Aslaug Skretting f. Nord Varhaug. Drengen på garden, Erling Haaland, slappar av i midten. – Ein vanleg situasjon i «middagskvilen».

Lisabet Risa: Bilete i Hå, Fotosamlinga i Hå: 1987/7    HÅ 24:93

—————————————————————————————————————————————-

Samtale med svigermor Jorunn Skjærpe f. Friestad, 1936, 4.nov. 2009

Den første vaskemaskinen hennar var heimelaga. Den laga mannen Åsbjørn f.1931, då han gjekk på Hurdalen Folkehøgskule, på slutten av 1940-talet. Sjå andre vaskemaskiner:

Ho gifta seg i 1955 og flytta inn på loftet hjå svigerforeldra i Nærbø sentrum (Hå). Der  stod vaskemaskinen i kjellaren.

Til å begynne med hadde dei bare lagt inn kaldt vatn i kjellaren. Varmt vatn måtte ho henta oppe på badet. Ho bar vatnet i bøtter ut og ned kjellartrappa. Seinare, i 1958 eller 1959,  fekk dei lagt inn varmt vatn i kjellaren.

Dei vaska klede ei gong i veka og brukte kjøpt såpepulver. Kleda vart lagt i bløyt med Persil kvelden før, sortert i kvite klær og «blåklær», i trestampar.Reklame Persil
På vaskedagen starta ho først med dei kvite kleda i tønna. For å få vatnet varmast mogleg måtte ho klemma ut det kalde bløytevatnet så godt det let seg gjera. Og bera ned brennvarmt vatn og slå i maskinen. Det vart fort avkjølt i den store tretønna. Og sidan dei oftast bare vaska ei gong i veka, så lek den alltid litt vatn i starten.
Etter at dei kvite kleda hadde «rulla» ei viss tid i maskinen, vart dei løfta over i kopargryta og kokt. Dei hadde fortsatt vedfyring i kjellaren til dette.
Så var det å få klemt godt ut det varme såpevatnet, slik at det kunne brukast vidare, og oppi i stampen med kleda for skyljing. Ho sette stampen under rennande kaldt vatn frå kranen.
Så skulle blåkleda oppi tønna. Det vart gjerne fylt i litt meir såpe og varmt vatn. Kokevatnet frå dei kvite kleda var godt å spe på med. Tilslutt var det arbeidskleda som skulle vaskast.

Om ho gjekk ifrå vaskemaskinen når den stod og sveiv så lukka ho alltid kjellardøra godt igjen. Det var ikkje deksel over aksling, reimar og hjul, så ho var redd at ungane skulle koma til og klemma eller brenna seg.
Etter kvart som kleda vart ferdigvaska og skylte så måtte dei vriast og klemmast for å få ut vatnet. Dei vart hengde over vaskebukkar (kleskrakkar) for å renna av seg. Når veret var godt så vart dei hengde rett ut på snora. Det var viktig å hengja kulørte klær med vranga ut slik at dei ikkje skulle falma.
Det var verre i regnver. Då prøvde dei å fordela kleda på vaskebukkar i kjellaren medan dei venta på betre ver. Dei måtte ikkje hengja kvite saman med blå for då kunne fargen smitta over. Dei måtte heller ikkje verta hengjande for lenge i kjellaren for då fekk dei lukt iseg. Og dei kvite var utsette for å få jordslag. Kleda vart tekne opp og tørka over omnen i stova etterkvart som det vart plass der, og etter som dei trong kleda.

Ho brukte tremaskinen til dei fekk Elto.
Då dei i 1965 flytta inn i nytt hus på gard, fire kilometer frå svigerforeldra, vart Eltoen frakta mellom husa på traktortilhengjar kvar veke. Sentrifuge fekk ho i 1967/68.

Ho fortalde og frå heimen sin. Ho vaks opp på Bru (Brusand i Hå kommune). Der vaska dei kleda i kjellaren. Det var same systemet med bløytleggjing og sortering i stampar. Ho hugsa at dei brukte Soda og Persil i bløytevatnet.
Dei hadde nikkepumpe i kjellaren. Grunnvatnet står så høgt der at dei stakk bare ned ein røyr i kjellargolvet så hadde dei innlagt vatn.
Dei varma vatnet i kopargryte, som dei fyrde under. Og vaska kleda etter tur i stamp med vaskebrett. Dei kvite kleda vart kokte i gryta etterpå. Faren sine dongeriklær vart og kokt i gryta til slutt.
Dei hadde ikkje sluk i kjellaren, så alt det brukte vatnet måtte dei bera opp trappa og kasta ut.

Når dei hadde småbarn i huset vaska dei oftare. Dei kokte babytøy på primus då dei yngste søskena hennar var små (1948 og 1952).
Ullklær til baby vart vaska etterpå i same vatnet. Desse måtte krystast forsiktig så dei ikkje tova seg.

—————————————————————————————————————————————-

Olga Engelsvoll, f. i Trøndelag fortel om at dei la kleda i bløyt i elva. Ei gong kom det flaum og heile kleda deira hadde forsvunne om morgonen.
Dei bar kleda opp til huset for vasking, og så ned igjen for skyljing. Til slutt opp igjen, der mora hadde varma vatn til det siste skyljevatnet.  Då fekk dei og varma fingrane før dei måtte ut og hengja opp kleda til tørk.

—————————————————————————————————————————————-

Karen Monge f. Friestad i 1928 hugsar frå sin heim at dei smurde kleda inn i grønsåpe før bløytleggjing. Dei vaska ikkje så ofte som ei gong i veka. Men heller annakvar eller tredjekvar veke. Dei sparde på vatnet og brukte det til mange omgangar. Til slutt var det heilt tjukt, som sorpevatn. Kleda var skikkeleg skitne før dei vart vaska, og det var ikkje lett å få dei reine. Særleg kvite klede som handkle og putevar. Etter at dei var vaska og kokte vart dei lagt ut til bleiking. Dei låg utover «som daude høns» i fleire dagar, når det var ver til det.

Klestørk

Harriet Backer, Jæderen 1884

—————————————————————————————————

Besøk på Bryneheimen, dagavdelinga 13. nov. 2009.

Her sat ein gjeng på ti – tolv damer rundt bordet og baka julekaker då eg fekk koma på besøk og snakka om klesvask og vaskemaskinar. Dei fleste hadde budd lenge i Time kommune, men dei hadde og erfaring frå andre stader. To av desse hadde hatt 8-vaskar i sin heim. Ellers nemnde fleire vaskestaven som den første vaskemaskinen dei hadde – den varianten med seilduk. Det ser ut til at den har vore ganske utbreidd. Heime hjå ei hadde dei vaskemaskin av tretønne laga av ein møbelprodusent på Gandal. Når dei starta tønna, som sveiv rundt og rundt, så var dei alltid redde for at det skulle spruta kokande vatn. Tønna lek alltid litt i starten då den var tørr.  

Fleire kunne hugsa frå ungdommen, då dei tente på gard, at dei vaska ikkje oftare enn kvar 3. eller 4. veke. Det var tungt og kleda var skitne. Særleg var det vask av drengjakleda og sengkleda deira som dei hugsa som eit mareritt. Dette gjalt og seinare i eige hushald. Det vart ei lette om dei fekk dreng med familie – og kone som vaska kleda hans.

Vaskemaskinane stod enten i brunnhuset eller i kjellaren. Det vart brukt mykje grønsåpe til klesvasken. Når det ikkje var klestørk ute så hengde dei kleda til tørk på høgaloftet – dei som hadde det. Fleire fortalde og om at når det var godt ver så vart kleda lagt ut til bleiking. Og det vart sagt at Mars ver den beste bleikemånaden.

Eg fekk høyre ei herme etter ein som hadde fått ny vaskemaskin med vrimaskin i huset. Han vart spurt om korleis det går med den nye maskinen. «Jau» svara han. «Det går godt, men me har ikkje ein knapp igjen i kleda!»  
Til toppen


6 Responses to “Klesvask”

  1. 1 IdaL

    Hei Ingeborg,- det er spennende med den nære historien. Jeg syns du har valgt et veldig godt tema, samt lurt å opprette egen blogg. Det rydder opp litt. Etter å ha vært litt»ute»en stund lurer jeg på om jeg skal gjøre det samme som deg.
    Hilsen IdaLH

  2. 2 Åshild

    Hei!
    Huset jeg bor i er en firemannsbolig bygget i 1947, og vaskekjelleren må ha vært veldig moderne den gangen selv om de ikke hadde en 8-vasker. Vaskekjelleren er utstyrt med en jøtulovn med jerngryte på toppen, i tillegg hadde de støpte skyllekar og klesrulle med sveiv.

    Har vært i kjelleren og fotografert, og sender bilder på e-post.

    Åshild

  3. 3 Åshild

    Glem e-posten. Jeg fant ut hvordan bilder kan postes i en kommentar og du får dem istedet direkte:

    Åshild

  4. 4 Åshild

    Hmmm… Jeg trodde jeg hadde funnet ut hvordan jeg poster bilder i kommentarer. Jeg prøver en gang til og krysser fingrene.

  5. 5 åshild

    Prøver igjen. Legger inn både url og html-kode. Begge virket på min egen blogg.

    http://picasaweb.google.com/lh/photo/eySAWRaFRvNMHj0IN0hAsw?feat=directlink

    Fra Vaskemaskin

    Åshild


Kommenter innlegget