Såpe


Såpekoking

Joakim Anda f. 1924 var med mor si og kokte såpe då han var liten. Han har teke vare på ei oppskrift som stod i avisa «Rogaland» i 1942.
Opptaket her er gjort i 1998 i brunnhuset på Vitengarden, Jærmuseet.

oppskrift heimelaga såpe

Heimelaga såpe fungerte ikkje så godt i dei nye vaskemaskinane som kom. Og det vart etterkvart meir og meir vanleg å kjøpa vaskepulver. Her er ein kavalkade over reklamer frå 1930, 1950 og 1960 talet:

Kva er såpe?

Feitt + lut = såpe.

Me kan bruka alle typar feitt som inneheld feittsyre til å laga såpe av. Det kan vera frå planter, fisk eller dyr.

Lut kan vera til dømes Natriumhydroksyd (kaustisk soda), gjæra urin (ammoniak), kaliumkarbonat, (pottaske) eller uttrekk av treaske.

Når det skjer ein kjemisk reaksjon mellom feittet og luten (forsåping) vert det danna såpe og glyserin.

I moderne såpeproduksjon vert glyserinen skilt ifrå og brukt til andre ting, men ikkje i den heimelaga. Glyserinen gjer huda mjuk og hindrar uttørking.

I Sæbekogebogen av Sumo Lotus (Urtegårdens forlag, 1999, s. 31) kan me lesa om at dei fattigaste samla urin i 3-4 veker, lot det stå og gjæra, for så å bruka det til såpe. Seinare lærde dei seg å framstilla askelut som erstatta urinen. Dette var i Danmark.

På Jæren vart urin brukt lenge. Ialfall til innpå 1900-talet- kanskje 1920?

Var det på grunn av at her ikkje vaks skog?
Til toppen


No Responses Yet to “Såpe”

  1. Kommenter innlegget

Kommenter innlegget