torsdag 30. september 2010

Tempo, tempo!

Taket er no ferdig ferdig og betongplatene har dei begynt å setje opp.
Ei fryd å sjå at det no er vanskeleg å hengja med i svingane.. kan nesten ikkje gå i detalj her, det går rett og slett "onda"..Med ikkje mindre enn 4 mann i arbeid så er det kanskje ikkje så rart. Rørlegger Hanøy har i tillegg lagt tilrette for rør idag og Helge og han har teikna innredninga til badet oppe.. Satser på det blir bra. No gjenstår det berre å kontrollmåle fuktighet i huset før dei kan dra til med plating og inndeling inne... me skulle ideelt sett hatt strøm til ein avfuktar som skulle gått døgnet rundt no, men me satser på det ikkje er så mykje fuktighet at det er nødvendig. Krysser fingre for bånn gass inne i neste veke..
Walther trur ikkje det er "umulig at me er inne til jul " så då har han planta ein masse med forventninger i heile Vestrheimskompaniet..All I want for x-mas:)




Regina

søndag 26. september 2010

Endelig slutt på helga!


Denne helga har eg kjent sterkt på utolmodigheten etter å komme i nytt, eget hus!
Det klør faktisk litt i både armer og bein etter å pakke sammen pikk og pakk
og flytte det med oss over brua.. iløpet av helga veit eg ikkje kor mange ganger me har kjørt bort.Magnus og Halvard er særlig ivrig på å komma seg over osen: eit vanlig sitat frå eldsteguten kan vera "eg klara ikkje ein heil dag her med deg mamma!"...
Gleda meg til mandag og progresjon på huset, det ser ut som om værgudane kompensere for den elendige starten dei sjenka oss i startgropa. 2 mnd forsinkelse pga snø er snart gløymt no.No ser me fram til ei solfyllt veke og håper på å at dei får all takstein på plass og at Helge,med litt hjelp frå meg, kan få unnagjort resten av detaljbeisinga!

God natt frå Hauglandskjelleren.

fredag 24. september 2010

Tante Maria er no oppdatert:)

Idag var det Maria sin tur til å bli med på synfaring på huset.. På vegen opp møtte me tre av arbeidskarane på veg til å ta helg, Walther derimot stod igjen på taket.
Mykje tak er på plass, men det går nok eit par dager ut i neste veke før dei kan trekkje innomhus...




Halvard og tante Maria testa ut plenen som leikeplass og me kunne konstatere at eit par nakne flekker på plenen ikkje gjer so mykje:) Var eg for gniten med frøa eller er jorda berre litt næringsfattig? Muligens kjem den sterkare tilbake neste vår?
No er det fredag i kjelleren:) Fredelsen er her etter ein nokså travel dag!

God helg!

onsdag 22. september 2010

Der ingen kunne tru at nokon kunne bu...

Fridagen idag gjekk ikkje med til beising og godt var egentlig det! Etter å ha hatt min debut hos kiropraktor igår unna eg meg ein skikkelig fridag med ingenting på agendaen=Deilig!Været var skikkelig ruskete så eg hadde ikkje trudd gjengen kunne jobbe på taket idag, men frå Austevollbrua kunne ein skimte 4 oransje regnfrakker på taket= godt jobba folkens! I tre tida idag så var dei ferdig med minst halvparten av taket. Helge har vore taksjef og har tatt ut takpanner uten innblanding frå meg...eg vart positivt overraska når eg fekk sjå resultatet, det til tross for at eg viste at mannen har skikkelig god smak:)


Etter deilig hausttur med Maria på Kongsen fekk eg telefon frå Bergen turlag..

Den nokså kjente Oddgeir Bruraset (Mr.Der ingen kunne tru at nokon kunne bu)ville komme på besøk til Austevoll og helde foredrag/kåseri og me i Austevoll turlag fekk i oppdrag og lage eit aldri så lite arrangement rundt dette.. Ikkje lenge etterpå hadde eg ei velkjent Nrk stemme på tråden.. eg berre måtte spørre: "E da sånn at du tenkjer deg at Austevoll er ein slik stad som ingen kunne tru..." " Åh nei du, langt ifrå, eg veit når sant skal seiast ikkje kor Austevoll ligg eingang!"
Det må me gjera noko med, no ser me fram til kulturkveld i kultursalen 3. november!

God tirsdagskveld:)

mandag 20. september 2010

Takstein og kløpulver.




Ein ny veke på huset, kanskje treng dei berre eit par til får å fullføre ute. Timingen er perfekt med tanke på dei som skal ha arbeidsplassen sin i og ved residensen. Får dei berre seg ei arbeidsdør som dei kan setje inn i hoveddørhola no så kan dei stengje alle kommande hauststormar ute!!

Taksteinen er iallefal godt plassert på taket og denne veka trur eg Walther kommanderer "alle mann på taket!"
Ingrid og eg var på ettermiddaginspekjon idag, ho lika seg no når ho kan vera inne. "Da e ikkje so koldt på tomten lenger" men herregud kor mykje "kløpulver"!
Isolasjonene ligg over alt og når ein ikkje kan ta på det så er det med eingong veldig vankelig å helda fingrane vekke... "E du heilt sikkert på at det klør? kor mykje klør da egentlig? "
Kanksje dei ein dag kan få rulla seg i restane, berre sånn for å få svar på spørsmålet!
No ser me fram til å få all arbeidskraften inni hus, bør ikkje vera så lenge til det!

God kveld!

onsdag 15. september 2010

It`s all about looks:)

Helge var veldig ivrig på at eg skulle ta meg ein rolig handletur til Lagunen.. "heilt for deg sjølv uten mann eller barn som forstyrrer deg..." stussa litt på den , den var igrunn litt spesiell! Men så kom eg på at han reiser avgårde på gutte/jakt tur frå i morgon formiddag til søndag! Haha, men ok: eg får reise då!

I tillegg til at ungane trengte litt nye klær skulle eg endelig få ta ut den hjørnesofaen som eg har tenkt på lenge! Med 2 mnd bestillingstid så var det ikkje så veldig tidlig heller... eg har aldri hatt ein hjørnesofa før, men eg lika meg godt innst i kroken hos svigers! Dessuten ser det ut som om stova vårt er teikna ut frå at me skal setje inn ein hjørnesofa... så til poenget, nett innom Living sine dører kom ein koselig mann og ville hjelpa. Eg visste at eg ville ha ein hjørnesofa og at eg ville ha ender på begge sider så då gjorde mykje av jobben seg sjølv.. måtte berre ta ut bredde på armlener og stoff og farge! ambivalensen slo sterkt inn ang lys eller mørk.. hmmm.. eg må ringe Helge! " Samme for meg, ta den du liker best".. ok eg går for den litt lysere grå: Vedtatt!

Ca. 20 seinare var eg på vei ut igjen i bilen... då kom eg på at eg ikkje hadde prøvd å setje meg ned i den eingang! Er eg sånn, berre det ser fint ut? Eg rusla tilbake satt meg ned i den og kunne konstatere at den hadde både utsjånad og komfort..
Den hyggelige Livingmannen såg litt forvirra ut!

mandag 13. september 2010

Lister, isolasjon, dører og tante Aud Helen:)

Ein ny veke starta med at det var ikkje mindre enn fire mann i full sving på huset, då vart det for vanskeleg å helda seg vekke denne mandagen og! Måtte berre opp og ta bilder av dagens arbeid!



Listene er nesten ferdig behandla, her må me flikke litt på endane.
Endelig har dei tetta huset med å setje inn den store altandøra, det siste store vinduet og vaskeromsdøra, hadde det ikkje vore for garasjen no så hadde huset vore tett!




På vegen bort til huset såg eg eit velkjent lyn på parkeringen til pappa, dvs Hege såg det. " Tante Aud Helen er hos mamma og dei!"..då var det berre å ringje ho ut og dra ho med på synfaring.. ut frå ei varm stue og opp i vinden! Alltid kjekt å møte ho! Ho likte sjølvsagt best utsikten mot sør til tross for at Stolmen låg langt bak i skoddheimen ikveld.

lørdag 11. september 2010

Ein regnfull, men fin laurdag!


Huset vart ferdig beisa igår så det var ikkje så farleg om me vakna til regn idag. Veldig godt å ha beisejobben unnagjort, me har igrunn nok med jobb, heim og tre små ++++ No er det ei stund til me treng/kan gjera noko sjølv på tomten igjen.
Utpå laurdagen kom svigers med oldebesten på besøk.. eg hadde tenkt kaffi i husveggen, men været vart litt for voldsomt. Så då vart det mat her i kjelleren før synfaring i residensen.. no trur me det var juni sist gang dei var her så her hadde mykje skjedd. Bloggen gjer ein inntrykk, men det er noko anna å sjå ting med fullt overblikk. Magnus og Ingvild likte seg og kunne sei seg enig med pappa i at det no begynner å bli "ikkje so steik hakki gale"!






Oldebesten slang på tampen inn søknad om sommarjobb som "slåttegutt" neste sommar..det tek me som eit kompliment! Gleder oss til sommarbesøket allerede, men grasklipparen skal få stå når me har finbesøk.

God laurdagskveld:)

Regina

onsdag 8. september 2010

Pictures igjen!

Det går rett og slett "onda" på tomten om dagen..det til trass for at Walther har lagt nede med forkjølelse. Inne har dei lagt golvplater i heile 2.etasje. Om ikkje lenge kan me kalla huset for tett, tre dører og eit stort vindu så er me der..





Listene er no klare for veggen , grunna og malt to ganger.. " kistene" er og grunna, klare for å bli beisa! Ærlig talt så er eg i grunn grundig lei av grunning no.. hadde gjort seg med litt regn!

Regina

mandag 6. september 2010

Ukristelig arbeid!

Etter endt Nordsjøløypedag i går, var det kaffi med opphavet i deira hage.
Pappa: "skal du beisa idag"
Mamma; " E du løyen Nils Harald, beisa på ein søndag?"
Pappa: "ja ho der pønsker på da, det ser eg"

Helge kom heim eit par timar og eg kunne sjølvsagt ikkje dy meg, gleda meg veldig til å få sjå listene kvite og klare for veggen. Beisekosten gjekk som trommestikker og eg ba til Gud om at ikkje mamma skulle komma på synfaring.. litt kaldt var det og, men eg berre MÅTTE bli ferdig med andre strøk.

Enden på visa vart at eg kom heim iskald og full i maling. Våkna mandag morgon med ein saftig forkjølelse, var ikkje dame for meir enn jobb og livet heime... Skulle hørt på mamma: holdt meg te kviling på kviledagen!

No er beisekosten skifta ut med te, ullteppe & ulltrøye: "Nett te pass!"

lørdag 4. september 2010

Helgearbeid...




To av dei småstore vindua i stova e no på plass. Huset var opprinnelig teikna med at desse skulle gå heilt opp i "mønet", men i og med at me teikna inn eit ekstra rom oppe måtte me ofra dette vinduet.. fasademessig hadde det vore finare med dei laaaange vindua, men praktisk sett er dette ein betre vri.
Walther smokka plutselig opp vannborda langs huset som takrennene skal henge på så då fekk me helga på oss til å beise desse før han skrur noko utanpå:derfor blei den gode fredagsfølelsen(fredelsen)uroa med ein times beising! No er det iallefall i boks.

Lurer på om det er listene som ligg på plassen no, tenk om me får behandla dei ferdig før dei kapper dei opp og heng dei på plass??
I morgon skal me arrangere Nordsjøløypedag på Hundvåkøy, først tur i ei nystellt løype før middag og underhaldning på "huset", håper dette blir kjekt for små og store: eg gleda meg uansett!
God lørdag!

onsdag 1. september 2010

Pictures!






Huset har no fått to strøk med beis, 3. og siste runde påbegynt!
Ungane forventa vindusvafler når vindua var plassert,kven kan ha funnet på slikt eit ord? Hadde berre Møllerens gulrotkake i hus så då blei det "vinduskake", kaffi og brus på ein heller vindfull og kaldt uteplass.Inne har dei begynt å legge golvplater i 2.høgda: ute gjer dei alt klart for takstein!

Hos Nils Arve og Gjertrud er dei i full gang no, me er i ferd med å få oss eit lite felt:)

Regina