Sportsdykking i havområdet rundt Ulla, som er ei perle for dykke-entusiastar. Der har havet alltid vore som et spiskammer, her finn du det meste. Sjølvsagt må ein leite på rett plass. Vi har også nokre vrak, og fjellvegger, men sist og ikkje minst ein enorm tareskog som enno skjuler vrak frå seilskutetida. Ei heilt spesiell havgrotte ligg og ventar for den som tør, men her må havet vere smult. Organiserte turar vert arrangerte. Forholda for fridykking rundt havsportssenteret er i internasjonal klasse. På tilliggjande kvite sandstrender kan dei yngste studere krabbe flyndre på nært hald. Dykkarkurs blir arrangerte i samarbeid med Ålesund Dykkersenter. Ulla Havsportsenter har tilgjengeleg fyllestasjon for luft med 200 og 300 Bar, og utleige av tørrdrakter med komplette sett for sportsdykking og våtdrakter med utstyr for fridykking for junior og senior.

DYKKEMÅL FRÅ ULLA HAVSPORTSENTER

1. Liabukta.
Her har havet polert og grave ut ein kvelving under ein kjempestor stein. Han stikk 2 meter opp av havet, ligg tett ved land og er lett å sjå. Du finn inngangen på sør aust sida. Plass til 2 dykkarar. Spanande om du likar holer, mørke....... Avhengig av smul sjø og lykt.

2. Kvernholmen / Ulla fyr. Naturdykk i tareskogen, her kan vi møte på steinkobben, og mykje fisk. Nødvendig med fint vêr.

3. Ullasundet. Straumdykk i tareskogen når veret tilseier det. Her ligg steinbiten på rette årstida. Ein fin plass for fridykking der både sei og lyr ligg på lur.

4. Stavneset. Ei av dei flotte havgrottene vi har langs kysten, 80 meter lang og endar i ei hole med masse småstein. Her har du store jettegryter, fargar, glattpolerte veggar og ei kjensle av å forske i det ukjende. Det er svært glatt inne i hola, ein må ha med lykt og berre dra dit når sjøen er roleg.

5. Kaarbuen. Litt vegg ned til 30 meter på vestsida, sandbotn og små steinurer på austsida, artig plass med kraftig straum til tider.

6. Kjeholmen. Havnatur, der stein- og tare- og sandbotn er sentralt. Her finn du mykje fisk om du er glad i fridykking.

7. Røholmen. Eit område med småkupert terreng og sandsletter, der du finn krabbe, breiflabb og kamskjel. Flott å gjere strandhogg der ein kan stelle fangsten, ei perle om våren. Då er heile holmen ein stor blomehage.

8. Håneset ligg godt skjerma i Longvafjorden. Små sandhyller og steinur der ein finn krabbe. Her kan du vere heldig å sjå havets kardinal som ligg i hola si, der han skal vere. Ein flott plass for dykking om dagen for å gjere seg kjend for seinare nattdykk frå båt.

9. Krogsholmane ligg godt skjerma i Longvafjorden og har lange sandområde 5-12 meter som endar i ei lang steinur som går ned til 20 meter. Her skjuler det seg alt frå krabbe til steinbit og blekksprut. Her finn du også kamskjel, om enn ikkje så mange. Godt eigna for dag/natt dykk frå båt.

10. Bringa. Restar av vraket etter fraktebåten ”Gustav Vigeland” som forliste 16. juli 1923. Mannskapet vart berga av fiskebåten ”Jostein”, M 47 H, av Ulla. ”Gustav Vigeland” kom frå Russland lasta med kol og gjekk på Bringa i skodde. Båten gjekk ned på nordsida av Bringa. Lokale dykkarar har funne vrakrestar etter ”Gustav Vigeland” i seinare tid. Det må vere finevêr når vi tek turen ut til Harøy-falla då det er mange grunner i dette området. Rundt Bringa er det store kløfter/sprekker før botnen flatar ut ned til 40 meter djupne. Her nede ligg restane av båten som enno ikkje er funnen.

11. Fjørtoftneset. Her ligg vraket av det hollandske flutskipet ”Stat Gravenhagen” som forliste i 1720. Vraket er ikkje funne enno.

12. ”Konsul Carl Fisser” i Valderøyfjorden. Kjent plass for vrakdykking.

13. ”Iris” i Hessafjorden. Kjente plass for vrakdykking.

14. Skodjestraumen med bil, naturdykking, fotografering, og eit steinbit-eldorado.

15. Flyvrak. Her ligg restane av ei mislykka heving av eit tysk flyvrak. Det er 50 meter djupt og mykje straum.

Dykkemåla er merka med raude tal på karta.


For informasjon om dykkerkurs: Ålesund Dykkersenter, www.dykkersenter.no


Sjå reportasjar:

Nordøyane – som perler på en snor
Dykking nr. 4 -2002
Åpne side Åpne PDF Last ned PDF
Le pays du poisson roi
Apenéa, Oct. 2003
Åpne side Åpne PDF Last ned PDF
Plongées dans les fjords
Plongée Magazine, Oct/Nov 2003
Åpne side Åpne PDF Last ned PDF
På jakt etter Storholmens hemmeligheter
Sunnmørsposten, september 2005
Åpne side Åpne PDF Last ned PDF
Spekkhoggere ved Ulla
Sunnmørsposten, februar 2004
Åpne side Åpne PDF Last ned PDF
Dykkarkurs 2006
Haramsnytt, juni 2006
Åpne side Åpne PDF Last ned PDF
Turisme og dykkarkurs
Haramsnytt, april 2007
Åpne side Åpne PDF Last ned PDF
Jakter på det siste bilete
Haramsnytt, april 2007
Åpne side Åpne PDF Last ned PDF




Ulla Havsportsenter - Rorbuer, 6290 Haramsøy, Norway. Tel: +47-97042871, E-post: au.havsport@gmail.com