T U R A R
Ullafjellet byr på eit irrgrønt storstilt platå med utsikt over storhavet. Traktorveg over fjellet til Haramsgrend på sørsida av Haramsøy. Ta turen til Ullahornet med Bjørnsonprofilen og utsikt over Ulla. Her er hekkeplass for havørn og sjøfugl.

Ulla fyr ligg på Kvernholmen ytst mot storhavet. Det er gangbru over til Kvernholmen. Her kan du fiske frå svaberg. Fyrområdet er fuglefreda.

Krogs-holmane ligg godt skjerma ytst i Longvafjorden. Dykking, fisking og familieleirplass. Holmane er fuglefreda.

Ullaholmen byr på eit mangfold av forskjellige artar sjøfugl. Norsk villsau finn vi også. Ullaholmen er fuglefreda.

Ulla-nausta. Dei eldste nausta er frå om lag 1650. Den best bevarte naustrekkja i området. Verna åttringnaust med gamle båtar og fiskereiskap. Ved naustrekkja ligg Ulla småbåthamn som er eit naturleg samlingspunkt for lokale båtfolk.

Ullasanden. Kritkvite sandstrender for bading og leikeplass for born.






Ulla Havsportsenter - Rorbuer, 6290 Haramsøy, Norway. Tel: +47-97042871, E-post: au.havsport@gmail.com