teater-skjaak.no © 2007 • Privacy Policy • Terms of Use

Forestillinger:

• Jotunheimen underholdning »

• "Diktarplager i Lom »
Ein kabaret - Norddalsdiktarane i skjemt og alvor. August 2007.

 

Bilder:

Bilder fra "Undervegs med Ibsen" 2006

Bilder fra "Undervegs med Ibsen" 2007

Meir om Olsokspelet på Skjåk Spel- og Dansarlag si heimeside HER

Meir om Olsokspelet på Skjåk Kommune si heimeside HER

       

 

"Undervegs med Ibsen"

Peer Gynt i Presthaugen

 

Spelet 2009:

Det vert på ny spel i 2009! Manus er vidare bearbeidd og fleire nye skodespelarar blir å sjå i aksjon.

 

Peer Gynt: ”Norsk av fødsel men verdensborger av gemytt”

Bli med om lag 70 aktørar undervegs med Ibsen inn i det gamle Lom og fantasien si verd. Denne kvelden får du møte den Gudbrandsdalske Peer. Ibsen si tekst, Grieg sin musikk, bunader og tømmerveggar så langt auga ser - Vakrare blir det ikkje!

 

Regi: Endre Skjåk

Med: Endre Skjåk, Mari Wiig Salvesen, Hildegunn Hovde, Tom-Stian Lenningsvik, Eilev Øverbø, Aslak O. Brimi, Skjåk Spel- og Dansarlag, Hest til fjells m. fl.

Arrangør: Jotunheimen Underholdning i samarbeid med Skjåk Historielag og Lom Heimbygdslag. 

 

Forestillinger:

Fredag 24. juli kl. 19:00 - start ved Storstabburet, Lom Bygdamuseum

Søndag 26. juli kl. 19:00 - start ved Storstabburet, Lom Bygdamuseum

Mandag 27. juli kl. 19:00 - start ved Storstabburet, Lom Bygdamuseum

 

Billetter:

Billetter kan kjøpes i døra eller ved forhåndssalg på turistinformasjonen i Lom. Tlf 61 21 29 90 

Inngang kr 200,- barn under 12 år gratis.

 

NB: Forhåndssalg og begrenset antal plasser!

 

Olsok-kvelden - onsdag 29. juli - blir det Olsokmesse i Lomskyrkja med familie-arrangement i Presthaugen etterpå.

 

Meir info om Presthaugen, sjå MiNG si heimeside:

http://www.gbdmuseum.no

 

Aktører:

Peer Gynt - Endre Skjåk

Mor Åse - Mari Wiig Salvesen

Solveig - Hildegunn Hovde

Knappestøperen/Bøygen/Dovregubben/Ibsen - Tom Stian Lenningsvik

Den Grønnkledte - Kari Tone Sperstad

Ingrid på Hægstad - Guro Grimstad

Presten/ Hægstadbonden - Sigmund Bråtet

Budeiene - Ingrid Jogerud, Randi Rust, Gunn Berit Vole Mork

Mads Moen/Veslefaen - Erlend Aurmo

Far til Mads - Jon Nyland

Mor til Mads/Kari Husmannskone - Astrid Skjåk

Mor til Solveig - Marianne Stensgård

Far til Solveig - Hans Hågå

Aslak Smed - Inge Blakarstugun

Hægstadbonden - Jon Nyland

Kjøgemester - Lars Kvalheim

m.fl.

 

 

Undervegs med Ibsen - om spelet:

I 1862 kjem Henrik Ibsen til Lom på veg over Sognefjellet. Ein mann undervegs gjennom landet for å samle folkesagn og sanger. Ibsen var enno ein relativt ung mann og tidleg i forfattarskapen sin. Ein mann undervegs i livet mot noko stort. Noko veit vi sikkert om besøket hans, mykje kan vi berre gjette oss til og fantasere vidare om. Sikkert er det at den etterkvart verdskjende diktaren og dramatikaren fekk bu hjå presten Aars, og her må ha fått høyre mange gamle segner og forteljinger han lagra i hovudet for seinare bruk. Det vi kan fundere omkring er korleis møtet Ibsen hadde med det lomske og det gudbrandsdalske påverka forfattarskapen hans vidare, slik vi kan sjå spor etter det i fleire verk, ikkje minst Peer Gynt.

 

Når vi skulle setje opp Peer Gynt med Presthaugen som ramme måtte det bli den nasjonalromantiske varianten, og ”Undervegs med Ibsen” viser oss den Gudbrandsdalske Peer. Vandrespelet i Presthaugen har vorte svært godt motteke, og det er nå det tredje året vi vandrar rundt Olsokhelga. Desse kveldane ynskjer vi å ta dykk med på ei vandring inn i fantasien til Ibsen og inn i det gamle Lom. Inn i den bygda som diktaren møtte for nær 150 år sidan, og som ein fortsatt kan sjå det i Presthaugen. Målet er ikkje å gje ei historisk korrekt skildring av kva som hende den gongen, men å få sett fantasien i sving omkring kva som kanskje kan ha hendt, og få levandegjort nokre av dei scenene som kan ha kome som ei direkte fylgje av det han fekk sjå og høyre her i bygda.

 

Fekk han nyss om eit bruderov? Møtte han ei budeie eller tre? Høyrde han ein leik som fortsatt vert spela? Høyrde han ei jente som song til guten sin? Svara får du ikkje av oss, men vi vonar at mange, både unge og gamle, vil fylgje oss undervegs med Ibsen inn i det gamle Lom og fantasien si verd denne kvelden. Ibsen si tekst, Grieg sin musikk, bunader og tømmerveggar så langt auga ser - Vakrare blir det ikkje - Vel møtt!

Foto over: Mari Wiig Salvesen og Endre Skjåk i "Undervegs med Ibsen" 2006 Foto: Fjuken v/Kristbjørn Rosshaug

 


Kontakt:

Endre Skjåk

Tlf: 901 35 738

Mail: endre.skjaak@gmail.com