Ein blogg om knattecross, motocross, trening, reiser, barn og familieliv , lek og morro :)

Frode #999


Eg heiter Frode Sagvaag.
Er født i Bergen og oppvokst i Sagvåg.
Har alltid interessert meg for moped, motocross, motorsykler og biler.
På yrkesskulen gjekk eg maskin-og mekaniker grunnkurs, ønsket
var å bli bilmekaniker. Etter det var eg skulelei og begynte å jobbe
 på Utbjoe Auto, der eg var i 1 år. Rundt denne tida dreiv eg med motocross.

Kom ut for ei ulykke med cross og sleit korsbånd og leddbånd, og måtte fjerne
minisken. Var tilbake på cross-sykkelen under et år etter. Dessverre enda det med ein ny kneskade og måtte ta ny operasjon på korsbånd og leddbånd og karrieren blei lagt på hylla.

I -92 begynte eg som feierlærling, samtidig som eg begynte som innkallingsmannskap for Brannvesenet. I -95 tok eg svennebrev i feierfaget og ifra -95 utdannet eg meg videre innen brann og redning. Har idag masse kurs og utdanning frå Norges Brannskule.
 I 2001 tok eg Befalsutdanning ved Norges Brannskule.

 I 2003 hadde eg et veldig spesielt år. Då blei mor mi veldig sjuk, samtidig som Linda gjekk gravid med Daniel. Daniel blei fødd 30 juni 2003.
25.august 2003 døde mor mi, berre 48 år.
Eg og Linda hadde allerede bestemt oss for å gifte oss. Det gjorde me den 25.oktober 2003 (På mamma sin bursdag) Eg hadde ei veldig vanskelig tid etter ho døde, men samtidig hadde eg lyst å utvikle meg meir innen brann og ville til et større brannvesen. Eg søkte i Haugesund og fekk jobb der i 2004. Då bestemte me oss for å flytte til Haugesund.

I Haugesund Brannvesen traff eg fleire kollegaer som var interessert i motocross. Det resulterte i at me var 4 stykker som kjøpte ein cross-sykkel for å mosjonere. Kneskaden satte begrensinger for min del. Fekk stadig større problem med foten i kvardagen.

I 2008 hadde dei ikkje anna mulighet enn å sette inn fullprotese i foten. Operasjonen var ikkje vellykka og smertene vedvarte. I 2009 måtte eg ha ny operasjon, og dei fant ein feil i den første protesen.

Etter denne operasjonen har berre formen blitt bedre og bedre og er no tilbake i full jobb som brannkonstabel og  røykdykker.

Lysten etter å kjøre cross-sykkel klarte eg ikkje å motstå. Har no kjørt aktivt i 3 år og håper å fortsette med dette. Er veldig fornøgd med unga og familie med samme lidenskap!



Alle innlegg med Frode,
klikk på linken;


 Frode

Frode

Frode og Severin


KTM 350 SXF 2011mod.













Bloggurat