I januar '10 drar vi til Vest-Etiopia for å jobbe hovedsaklig med landbruks-, miljø- og kvinneprosjekter. Vi reiser ut for Det Norske Misjonsselskap og skal jobbe for Mekane Yesus-kirken sin utviklingsorganisasjon (DASSC). Følg oss på bloggen vår!



onsdag 28. april 2010

Overbuljongterningpakkmesterassistent

Dette er den smekre tittelen på eit av Øystein Sundes album, og har forsåvidt ingenting med Etiopia å gjera. Assosiasjonen fekk eg då eg las overskrifta på saksdokumentet til vårt fyrste møte i styringsgruppa til programmet me jobbar i. Der stod følgende at lese: "Ethiopian Evangelical Church Mekane Yesus Development And Social Service Commission Western Ethiopia Integrated Environment And Food Security Development Program Coordination Unit Management Committee". Kort og godt. Og eg som i mitt lettsinn har hatt for vane å kalle det heile for PCU. Heretter skal eg halde meg til den offisielle forkortinga: EECMY-DASSC WEIEFSD PCU MC. Så får det ikkje hjelpe om eg får assosiasjonar til hakkespettforkortingane i Donald Duck og vennene hans.

Ulike kulturar er moro, og ein tur på Mapping Authority i Addis kunne vore ført opp som ein av byens store attraksjonar. Som den naive nordmann eg er, hadde eg forestilt meg ein disk der eg kunne plukke ut eit kart, betale og gå ut. Etioparane er tydelegvis ikkje av same oppfatning. Slik føregjekk seansen:
1. To uniformerte vaktmenn helsar oss velkommen, føretar kroppsvisitasjon og slepp oss inn.
2. Vel inne tar Dame 1 mot oss, fører oss inn i neste rom og introduserer oss for ein annan herremann.
3. Denne herremannen tar oss med inn på eit nytt rom, blar opp i ein kartkatalog og viser oss kartet over Gimbi. Ja takk, seier Silje og byrjar å rulle saman kartet. Nei, du, dette er bare ei prøve. Dermed blir me ført inn på neste rom.
4. Her må me setja oss ned medan Dame 2 bak skrivebordet skriv ei kvittering for handelen vår.
5. Silje blir deretter ført inn på eit nytt kontor for betaling, her betalar ho sine Birr til Dame 3 og kjem tilbake med kvitteringa til Dame 2.
6. Dame 2 signerer kvitteringa. I mellomtida har me fått kartet, og kan difor takke for handelen.
7. Ute i gangen vinkar me høfleg farvel til dame 1.
8. Ved utgangen må me vise kvittering og kart til Vaktmann 1, dermed er med gjennom nålauget.
9. Ute i friluft att, med kartet under armen.
Det er ein kunst å få arbeidet til å vara.

Seint i morgon kveld set me oss på flyet til Norge, det er tid for ein del veker på kurs i Stavanger og deretter nokre veker ferie. På mange måtar er det litt rart å skulle reise heim att til Norge etter så kort tid, men av praktiske årsakar måtte det bli slik. Me er iallefall takknemlege for å kunne sjå att familie og vener, og i juli er me attende i Etiopia, forhåpentlegvis utkvilte og fulle av pågangsmot!

søndag 25. april 2010

I sivilisasjonen att

Papirtørking etter vannlekkasje


Verden er urettferdig
                                                                            

Kaffiplantene tørker i Beghi


Alternativ tørkesnor


Som ved eit under kom me no inn på bloggen for fyrste gong på eit par månadar, så no gjeld det å smi mens nettsensuren har ein svak augneblink. Me må bare beklage at det ikkje blir så hyppige innlegg og at me ikkje får svara på kommentarane dykkar, men som som sagt før har myndighetane her eit stramt grep om ytringsfridomen og alt som skjer på nettet, spesielt no før det føreståande valet 15. mai. For vår del tyder det at me ikkje kjem inn på bloggen, me kan ikkje eingong sende link til bloggen i e-postar, chat o.l.

Me kom attende til Addis seint på fredags kveld etter ein lang dags ferd frå Gimbi til hovudstaden. Då me tok ei pause i Ijaji (halvvegs mellom Addis og Gimbi) for å treffe nokre prosjektfolk der, fekk me sjå at det eine bakhjulet var fullt av olje. Det viste seg då at bakakselen var defekt, og at me ikkje kunne køyre dei siste 20 mila som stod att. Dermed var det bare å parkere bilen på synodesenteret der, demontere delane for reparasjon i Addis og takke ja til tilbodet frå utruleg rause prosjektmedarbeidarar om å køyre oss til hovudstaden med ein prosjektbil. Me var utruleg glade for at det gjekk som det gjekk, og at ikkje det same hende forrige helg då me var i bushen heilt ved grensa til Sudan...

Dei siste to vekene har me stort sett jobba intenst med budsjettrevisjon og planar for neste år. Prosjektleiarar og rekneskapsførarar frå alle dei fire landsbyutivklingsprosjekta var samla i Gimbi, der Dr Tadelech, Silje og eg i PCU-administrasjonen arrangerte workshop og hjalp dei i hamn med budsjettarbeidet. Lange dagar og hektisk jobbing opp mot deadline, men me kom godt i mål. Mange dyktige prosjektmedarbeidarar rundt om, dei treng bare nokre ekstra puff bak når det gjeld å overhalde norske tidsfristar....

Etter budsjettet var i mål, drog me til Beghi-Gidami for å sjå på prosjektet som blir drive der. Dette området ligg heilt på grensa til Sudan, og det er utruleg moro å få sett ulike delar av dette flotte landet. Mykje fin natur, og trivelege folk overalt. Prosjektet såg ut til å fungere bra, me hadde dessverre ikkje tid til å sjå meir enn nokre glimt. Det som likevel skilde seg ut her som i dei andre prosjekta, er kvinnearbeidet. Saving&credit groups gjev kvinnene makt over eigne ressursar og pengar, og endrar tydeleg deira rolle i heimen og i samfunnet. Heia Afrikas kvinner, dei er det tak i! Prosjektets største problem for tida var den ekstra langvarige tørka som området opplever no. Bekkar og elver hadde tørka inn, noko som m.a. hadde ført til at dei fleste av plantene på den eine planteskulen dei dreiv hadde visna. Me får bed om at regntida snart melder sin ankomst.

I Gimbi er me no relativt godt installert i huset vårt. Det tekniske er fortsatt ikkje i orden, men me får gyve laus med friskt mot når me kjem attende etter Norgesopphaldet vårt i sommar. Det kjipaste me opplevde var nok den natta me vakna av lyden av vatn som spruta, og det viste seg at det fossa vatn ut frå doen vår (som forøvrig aldri har fungert...).  I sin visdom har nokon anlagt badegolvet 20 cm høgare enn resten av huset, utan sluk. Dermed rann alt vatnet inn i stogu, og vips så var to pc-vesker, masse dokument, bøker og andre saker og ting kliss-klass. Pc'ane gjekk det heldigvis bra med, men me bruka eit par timar på å leggje alle ark og bøker utover heile huset til tørk. Flaks at me hadde stengt av vatnet då me var i Addis forrige gong, dette hende fyrste natta etter at me kom attende. Dessutan slit me med ein delegasjon særdeles pågåande rotter som det ikkje nyttar å irettesetja i ein faderleg eller moderleg tone. Me får sjå om solide rottefeller frå Norge kan overtale dei til å la oss vera i fred, men antakeleg må me i tillegg gjera ein solid innsats for å tette att mest mogleg av sprekkar og hol i veggane. Huset er visst kjent for sine store rotter i vegger og tak, så truleg må me finne oss i å ha gjester som krafsar og spring om nettane. Då er det ein god trøyst å ha ein hage full av avokado og mango, og ein veranda der me kan sitja i tropenettene å sjå på stjernene og høyre på alle Afrikas fantastiske lydar:-)

P.s: Forbetra omnar er eit element i alle landsbyutviklingsprosjekta våre. Fordelar med desse er m.a. mindre røyk i rommet, mindre vedforbruk, betre arbeidsstilling og mindre brannskadar. Legg ved ein link til ein biletserie på BBC som handlar om tilsvarande omnar i Kongo: http://news.bbc.co.uk/2/hi/africa/8580967.stm.

I min fars fotspor

Det er ikkje alt ein skulle ta etter far sin. Far min var misjonær i Kongo, og mykje av eventyra mine stammar anten frå åra med han og familien der eller fabulering i etterkant om alt dette landet hadde å by på. Min kjære far gjorde òg mykje godt der, men akkurat det eg gjorde etter han i natt kunne eg nok hatt ugjort.

Denne aprilnatta 2010 i Vest-Etiopia er det eg som er misjonær. Misjonærlivet byr i sanning på meir enn salmesong og tropehjelm, og etter forrige feltreise har det bydd på helsemessige uregelmessighetar. Silje har alt vore dårleg i fleire dagar, medan eg tenkte at denne står eg nok over. Så feil kan ein ta. Ikkje veit eg kva me har fått i oss av fant og utøy, men i ettermiddag kom kvalmen kastande over meg og sidan det har eg legje urøyrleg på sofaen for ikkje å kaste opp. Ettermiddag blei til kveld, og kvil blei til nattesøvn. Stabilt ryggleie på madrassa på golvet, alle andre positurar medførde overhangande fare for mat i retur.

Så kom den elendige rotta. Det høyrdest ut som ein middels stor St. Bernhard var i sving på naborommet kjøkkenet, og då noko singla i golvet var det tid for husbondens handling. Ute på kjøkkenet såg eg bare snurten til rotta i det ho forsvann inn i holet sitt, akkurat som i ein Tom&Jerry-film. Attende låg ein kjøkkenvisp halvvegs inne i opninga. Eg fekk skalka att kjøkkendøra på ny, sett matavfallsbøtta ut på verandaen og gjekk for å leggje meg då kvalmen kom over meg med nye krumspring. I min visdom tenkte eg at det beste må vel vera å stikke ein finger i halsen å få ut noko av dette som lagar krøll. Som tenkt, så gjort. Eg listar meg ut på verandaen, og i det eg skal utføre ei minimal kraftanstrenging og lyfte opp avfallsbøtta skjer det katastrofale. Eg bæsjar på meg.

Ikkje har eg opplevd dette sidan barndomen i Kongo, men den karakteristiske kjensla av væske langs låret er ikkje til å ta feil av. Den same kjensla som far min måtte ha hatt den dagen i 1985 då han ikkje rakk inn på misjonens hovudkontor i Bukavu før den krittkvite misjonærbuksa hans ikkje lenger var så kvit. Eg set umiddelbart frå meg bøtta, og tuslar lettare anspent gjennom hagen og ned til utedassen. På huk over eit hol i Afrikas røde jord tar eg min hevn. Eg har ikkje jobba på gamleheim og kan difor ikkje skalaen som blir nytta for å skildre avføringas beskaffenhet, men såpass skjønar eg at i mitt tilfelle må eg befinne meg på ein av skalaens ytterpunkt.

Slukøyra ruslar eg opp att til verandaen med shortsen i handa. Hadde det ikkje vore for mine etiopiske naboar vegg i vegg, hadde eg valt Adams drakt på min retur under tropehimmelen. Nokre meter lenger borte i hagen blir eg ståande krumbøygd under eit tre medan resten av mageinnhaldet kjem ut den øvre nødutgangen, og triumfferda mi er komplett. Då har eg iallefall gjort det eg hadde sett meg føre. Eg innser at det er vel optimistisk å ta ein dusj allereie, dessutan er det ikkje vatn anna enn i tønna. Dermed blir eg sitjande på verandakanten og glo, kun avbrote av målbevisste utferder til holet mitt nede i hagen. Det blei igrunn ei fin stund der eg sat og dingla med beina på verandaen, og etterkvart kjem også Silje ut og set seg ned for å snakke om den forunderlege magen. Utifrå det ho skildrar skjønar eg at heller ikkje damene alltid luktar rosa blomar, og at dei òg kan erfare at det som var meint som ein liten fjert ut i vêret kan gjeva eit heilt anna og meir konkret utfall.

No sit eg på ei avis på golvet i tropenatta og rablar ned ein misjonærs memoarar. I morgo skal eg kjøpe rottefelle og vaske underbuksa mi.

onsdag 7. april 2010

Fjernundervisning

TV-pastor Egil Svartdahl. Eg kan ikkje heilt setja ord på kva det er med den mannen, men for min del er det ingen tvil om at han må ha gudgjevne evner til å kommunisere evangeliet. Gong på gong går talene hans så sterkt inn på meg at tårene kjem der eg vaskar opp eller sit i sofaen medan eg høyrer på nedlasta taler på pc'en.

I påska har eg høyrt på "Påskevandring 2006". For ein fantastisk guiding gjennom påskeevangeliet! Påska er over for i år, men det er fortsatt ikkje for seint å laste ned ei påskevandring eller anna undervisning til pc'en din. Skru opp lyden og du har ei gudsteneste tilgjengeleg til ei kvar tid, om du så skulle vera midt i bushen i Afrika!

Egil&co kan lastast ned frå www.rexmedia.no. Du må riktignok registrere deg og betala nokre hundre kroner, men det er det jammen verd! (Det var dagens reklame i ein elles reklamefri blogg:-) )

lørdag 3. april 2010

Påskelam og klisterføre i Addis Abeba


Idag vakna eg til lyden av piskeslag i gata. Det er langfredag, og det fyrste som slo meg var at her er det nok ein påsketradisjon eg ikkje har sett før. Det var det forsåvidt, men heldigvis ikkje av den typen eg frykta. Lyden eg høyrde kom frå pisken til sauegjetarane, og overalt i hovudstaden er det idag store og små saueflokkar som blir drivne rundt for at byens innbyggjarar skal få kjøpt seg ein sau til festmåltidet på påskedag. Nesten som isbilen i Norge, men atskillig meir høgtideleg. Her er det stor fest for alle som ikkje har ete kjøtt sidan fastetida starta. Påskelammet skal feirast.

Sjølv om me er nesten like høgt over havet som Galdhøpiggen, er det dårleg klisterføre i Addis. Me kom hit i går, og overalt langs vegane hit var det fullt av sauer, geiter og hanar til sals. Inni fullstappa bilar og på toppen av høgt lasta takstativ flaksa hanane, og sauer og geiter stod på toppen av lastebilar og på fanget til passasjerane bakpå pick-up'ane. Herleg fritt for eit kvart EU-direktiv, og korkje mattilsyn, biltilsyn eller anna tilsyn blandar seg. Eit og anna tilsyn for dyrevelferd hadde likevel vore på sin plass...

Me har hatt to flotte veker i Gimbi. Huset vårt er riktignok ikkje heilt på stell endå, og vatn har me bare hatt to halve dagar sidan me flytta inn. Livet er likevel utruleg fint, og nok ein gong får me stadfesta at det ikkje er det materielle som gjev livsglede. Fin natur, gode menneske og meiningsfull kvardag veg til gagns opp for det me måtte sakne av norsk standard. Jobbmessig har me hatt hendane fulle av budsjettarbeid, revisjon og søknadsrådgjeving, men det er godt å vera i gang med den delen av arbeidet òg. Mange trivelege kollegaer rundt oss, og den etiopiske gjestfriheten er stor!

I tillegg til prosjektadministrasjon har me òg fått sett to av dei fire integrerte landsbytutviklingsprosjekta me jobbar inn mot. Forrige veke hadde me ein dagstur til Bikilal, eit prosjektområde som ligg på landsbygda utanfor Gimbi. Denne veka hadde me tre dagar til Nonno-Benja. Dette området ligg eit par timars køyring frå Ijaji (når det er gode vegforhold), og Ijaji ligg omtrent midt mellom Gimbi og Addis langs hovudvegen. Prosjektstaben her er ein gjeng med gladfolk, og saman har me ete injerra og wot til me fekk mellomgolvet i halsen, ledd ein heil haug saman og ikkje minst har kvitingane fått stotra seg fram på vårt nye språk til allmenn forlystelse. Veldig interessant og spennande er det òg å sjå resultatet av arbeidet som blir gjort, anten det gjeld landbruk, helse eller mikrokreditt for kvinner. Smilet frå mange av bøndene me møtte fortel meir enn nokon prosjektrapport, og ein hadde til og med fått fortenestemedalje frå statsministeren for sitt eksemplariske og nytenkjande jordbruk. Og når ein heil landsby som har fått reint vatn gjennom prosjektet klappar for Norge og rettar hendene ut mot oss idet dei velsignar oss og fedrelandet vårt, skal ein vera hardhjerta for ikkje å la seg bli røyrt.

Ha ei velsigna påske alle saman, og som vaktmannen vår sa idag: «This is a day of rememberance.»



Påkøyrd slange på veg til Gimbi.
5-6 m lang og 15 cm i diameter


 Må innrømme at me ikkje var heilt blide då dei
 lokale handverkarane hadde montert splitter ny
dusj og resultatet såg slik ut pga sementgrising.


Sjarmerande?!?

Slik ser vegane ut når me er ute i felt, ofte er det
ingen veg og då er det bare å finne seg ei rute.
Lenge leve Toyota Landcruiser!

 Silje fekk seg ein god kamerat i Nonno-
Benja som ho hadde mykje moro med.


  Gulrot er ein av grønsakane som blir introdusert
 gjennom prosjektet, og her er ein stolt bonde.

Ingen John Deere og åtteskjærs vendeplog her,
men to oksar, ein bonde og ein liten plogspissgjer også nytta.

 Ein geitebukk held seg fast mil etter mil på veg
 til Addis, påske og dei evige jaktmarker.