Haramsøya

Ei perle på Sunnmørskysten.

Eg er fødd og oppvaksen på Haramsøya, som ligg nord for Ålesund. Haramsøya er ei flott øy i Haram kommune i Møre og Romsdal. Øya har eit Areal på er 13,3 km2. Det bur ca 800 personar på Haramsøya og om eit år kjem det fire til.

På Haramsøya er det spesielt to arbeidsplassar med mange tilsette. Det er H-produkter og NorWest AS. Ellers arbeidar mange på Rolls Royce si avdeling som ligg på naboøya Longva/Skuløy/Flemsøy. På H-produkter arbeidar både far min og bror min. Her er skule til og med 10. klasse, lækjarkontor, tannlækjar og sjølvsagt post og butikk. I dei seinare åra har det og kome eit havsportsenter på Haramsøy. Det ligg på Ulla og heiter sjølvsagt Ulla havsportsenter.

Her se du huset eg har vakse opp i. Det ligg cirka ein og ein halv kilometer frå ferjekaia mot Haram. Eg budde her saman med foreldra mine, bror min og søstera mi til eg byrja på vidaregåande skule. Då flytte eg på hybel. Eg og familien min flytta til Haramsøya somaren 2009 og tok over huset i januar 2010.

Ein av dei finaste plassane på øya er Ulla fyr, som ligg på Kvernholmen. Fyret ligg ytterst ute mot havet i vest, der vêret sei ifrå viss det vil, og naturen er på sitt flottaste.  Husa og eigedomen er i Kystverket sine hender, og blir tatt vare på av Ullafyrets venner. Det er og mogleg å overnatte på Ulla fyr. Du finn meir informasjon på www.Ullafyr.com.

Det har etter kvart vorte vanleg med litt turisme på Haramsøya og og det har kome nokre overnattingstilbod på øya. Har du lyst til å ta deg ein tur og treng overnatting kan du prøve ein av desse plassanae.
Ulla fyr
Ulla havsportsenter
Haramsøy småbåtlag - sjøbuda

 

 

Andreas Sylte © 2008 - andreas@syltenett.net - www.syltenett.net