Skriv ut

Kis

To typar kis er utvunne på Bømlo, begge i periodar frå 1865 til såvidt ut på 1900-talet. Skjerping etter kopar- eller svovelkis vart svært populært året 1864 både på Bømlo, Stord, Karmøy og Varaldsøy. På Bømlo vart det skjerpa mange stader på Finnås samt på Alvsvåg, Fylkesnes, Sønstabø og Espevær, men det var førekomstane på Lindøy og Alvsvåg som viste seg rike nok til ordinær drift av noko omfang. Spora etter gruvedrifta er tydelege den dag i dag; inngjerda gruvehol, gamle husmurar og haugar med rustfarga pukk. Rustfargen kjem av oksidert jern (Fe) som finnest i begge kistypane.

På Alvsvåg inneheldt kisen mest kopar, og koparkis vart utvunnen her i tre toårsperiodar; 1865-67, 1882-84 og 1905-07. Vigsnes Gruber (Karmøy) med sine franske eigarar hadde 90 mann i arbeid på Alvsvåg i 1882.
I Lindøy Svovelkisgrube vart det som namnet seier utvunne svovelkis i perioden 1865-75. Det Bergenske Grubeselskab var eigar og hadde 30 mann i arbeid her på det meste.

Koparkisen var råstoff for det edle myntmetallet kopar (Cu), medan svovelkisen var råstoff for svovel som var ein ettertrakta ingrediens i medisin og ammunisjon. Det er truleg den då “moderne” produksjonen av svovelsyre og dynamitt frå 1860-’70-talet som gjorde sitt til at prisen på svovelkis steig så mykje at mange prøvde seg på utvinning av kis i vårt distrikt.

Les meir (PDF)

Tidsur

Fakta

Svovelkis (FeS2) består av jern og svovel og tilhøyrer mineralgruppa sulfidar. Brukt m.a. til svovelsyre. Sjølve kisen er blank messingfarga og steinen rundt kraftig svovelfarga. Koparkis (CuFeS2) er eit sulfidmineral og viktigaste koparmineralet i Noreg. Gulare enn svovelkis og kan ripast med kniv. Oksyderer med turkis farge.

Stad: Lindøy og Alvsvåg

Tilkomst: Til Lindøy m. eigen båt. Til Alvsvåg etter avtale med grunneigar (pga beitedyr), via kontaktmann på mob.nr. 959 25 054.