Bakgrunn og status

Steinriket Bømlo er eit prosjekt  som vart starta og drive av Bømlo Kommune. Initiativet kom frå Framtid for Lykling v/leiar Anne Johannesen som etterlyste tiltak i gullgruvene. Eit presentasjonsprogram for heile den unike bergverkshistoria vår vart deretter utvikla gjennom eit RUP-forprosjekt hos Hordaland Fylkeskommune i samarbeid med HSH, Samarbeidsrådet for Sunnhordland, Sunnhordland Museum, Framtid for Lykling, Langevåg Utvikling og Moster Gruveprosjekt. Prosjektet  fekk 1, 8 mill i støtte til realisering av div. tiltak i 2010, m.a.  1.mill. frå Konsesjonskraftordninga hos Hordaland Fylkeskommune.

Målet er å gjera kjent og tilgjengeleg den usedvanleg rike bergverkshistoria i øykommunen, der sju bergarter og metall er kommersielt utvunne gjennom tidene. Tiltaka våre er utstillinga i Moster Amfi, steinsliperi og aktivitetar kring amfiet, nettsider, servicehus/publikumstoalett på Lykling kai (v/kleber- og gullgruvene), skilting til lokalitetane, turbok og utlåns-GPS’ar med innlagte løyper til lokalitetane (Coast Alive-tilskot). Det er óg vår ambisjon å lage film om denne historia.
Hovudmålgruppa er “den opplyste 12-åring”, dvs eit ålment publikum. Kvar vår vert det arrangert eit seminar i Moster Amfi m. ekskursjon der vårt eminente Fagråd føreles over ymse tema frå vår rikhaldige bergverkshistorie.

Drift og resepsjon av Steinriket Bømlo er lagt til Moster Amfi, der det er ope heile året og vår permanente utstilling kan opplevast. Det er oppretta eit Fagråd som skal bidra til auka forsking og formidling av historikken. Fagrådet består av amanuensis Øystein Jansen (UiB), prof. John Inge Svendsen (UiB), amanuensis Asle Bruen Olsen og amanuensis Knut Andreas Bergsvik (UiB). Dette er eit kremlag av fagfolk når det gjeld Vestlandet og arkeologi/geologi, og me er svært krye over å ha dei med på laget!

Har du meir info om bergverkshistoria vår? Kontakt oss på brynjar@stautland.net

  Følg oss også på Facebook!

Sjekk elles opningstidene for tilboda (kafé mm) i Moster Amfi og Langevåg Bygdatun.

Opningstider

Andre ressursar

Biletet under: Vår bergverksutstilling i den gamle gruvegangen i Moster Amfi.