Skriv ut

Gull

I 1862 fann ein gjetargut den første gullklumpen på Lykling. Frå 1882-1910 vart det drive gullgruver i stor stil langsetter kvartsårene i Lyklingeberga, med 4-500 mann tilsett på det meste og omlag 200 kilo som total gullfangst.  Tre store selskap, hovudsakleg finansiert og drivne av engelskmenn, men óg  ei rekke “enkeltmannsføretak”, snudde den vesle bygda på hovudet i dei ca 25 åra gruvedrifta varte. To hotell, eit hotellskip, fleire bakeri og ei rekke sjapper av ulikt slag vart bygd opp kring gruvedrifta.
Enno finnest gull på Lykling, men for å leite og ta med det gullet du kanskje måtte finne, må du gjera det ilag med oss!

Les meir om denne eventyrlege men også litt vemodige historia!

Les meir (PDF)

Tidsur

Fakta

(Aurum/Au), metallisk grunnstoff med atomnummer 79. Gull vert ikkje påvirka av andre stoff/syrer, men bind seg til kvikksølv. 1 liter gull veg 20 kg. På Bømlo ligg gullet i fast fjell (kvarts).

Stad: Lykling

Tilkomst: 1 km vidare til høgre langs sjøen frå Lykling kai. Parkering v/skilt på Verkjet, ved snuplass eller ved start Nordsjøløype (skilt v/vegen).