Høytalerkasser

Målet var å bygge et ok annlegg for ganske låg pris. Eg valgte derfor å kjøpe inn eit høgtalarsett frå Clas Ohlson for ca 1000 kr (egentlig meint for bil..) som eg så bygde kassar til. For å få omtrent rette måla på kassen og på bassportane søkte eg litt rundt på nettet og fant nokre guidar som eg brukte under bygginga.

Eg er ikkje eigentlig ein hifi freak så lydkvaliteten var ikkje så ekstremt viktig.. Det skal for det meste bare brukast til mp3 avspilling likevel og der er jo kvaliteten så som så...  Men det var viktig at det såg ok ut! Eg valde difor å bygge kassane i hobby- og sponplater. Hobbyplater rundt sidene og svartlakerte sponplater foran og bak. Volumet på bassrommet er ca 45 liter viss eg ikkje hugsar heilt feil.. Bassportane er to røyr per høgtalar med diameter ca 5 cm og lengde ca 15 cm. Det er heilt tydeleg at dette var gode mål for anlegget spelar svært godt til å bare ha to 10"! Til å drive det har eg ein 2x160W forsterkar som eg kjøpte på QXL. Det er ein surroundforsterkar med 15W per surround kanal og 60W på center. På desse kanalane har eg kobla til nokre høgtalarar eg hadde liggande slik at eg får eit fullgodt surroundanlegg. 
Det er nok ein fare for at forsterkaren er litt krafitg i forhold til hoved høgtalarane sidan den er 160W 8 Ohm og høgtalarane er 225W 4 Ohm, men så lenge eg ikkje kjører anlegget på full guffe går det nok bra.

Her kan de sjå resultatet: