søndag 29. juli 2007

Morosamt med bilde


Fekk dette bildet frå Torstein Morken, må berre dele det med alle døkk andre.

Ny olsoksuksess
















Skjåk spel og dansarlag bidrog til å lage liv og røre også på dei to siste Peer Gynt forestillingane i Presthaugen. Oppgåva vår er å skape liv og røre i gjestebodet på Hægstad. Det gjer vi. Tusen takk til alle dansarane. Og tusen takk til Endre Skjåk, Hildegunn Hovde og Mari Wiig Salvesen og alle dei andre som er med å skapar ein fantastisk flott Peer Gynt i Presthaugen.





Foto:RESteen

fredag 27. juli 2007

Olsok i Presthaugen







"Teaterfriskusen" Endre Skjåk står også i år i spissen for "Peer Gynt" i Presthaugen. Vi er med som gjestebodsfolk i bryllupet på Hægstad. Ei oppleving for oss som er med - og ei flott vandreskodespel. Det byrjar med Bukkerittet ved Storstabburet, bryllup med bruderov i Glimsdalstunet, møte med Den Grønnkledde, møte med Dovregubben, møte med tre budeier, Bøygen, mor Åses død, knappestøperen - og ikkje minst den trufaste Solveig.
Her er det berre eit å si: Reis og sjå!
Foto: R.Rust

tirsdag 24. juli 2007

Innsida


Slik er brosjyra vår inni.... Framsida ser du på førre innlegget. Dersom du klikkar på bildet så blir det større

Landsfestivalen 2008


Velkommen til Skjåk 2008

Vi gler oss til du kjem til Skjåk og Landsfestivalen i gamaldans 2008. Heile bygda ynskjer deg og fylgjet ditt velkomne!

Landsfestivalen blir arrangert i kommunesenteret Bismo 16. - 20. juli

Hovudarena blir Skjåkhallen. Der står matteltet, der finn du Skjåk ungdomsskule med stemnekontor og øvingsrom.

Festivalkampen og lokaliseringa av dei andre aktivitetane blir i kort gangavstand frå Skjåkhallen. Vi har ikkje festivalhotell, men to store festivalcampingar. Festivaldansen utanom Skjåkhallen og matteltet er Mogard Gjestgiveri. Skeid kro er ei triveleg kro midt i Bismo. Alt i gåavstand frå arenaen.

Det er elles mange campingplasar i bygda, sjå overnattingslista. Vil du bu på hotell, er Grotli høgfjellshotell, eller hotella i Lom ei moglegheit.

Skjåk har gode arrangørerfaringar. Titanofestivalen starta her. Countryfestivalen i Skjåk er eit årleg arrangement. Vi har Irskfestival, Ludofestival, Lauvsprett om våren og Grotlitreff kvar haust. Landest største veteranbilløp "Flåklypa Grand Prix" blir og gjennomført kvar vår.

Når den 16. juli 2008 nærmar seg, finn fram danseskoa, last opp bilen med gode venner og godt festhumør og set kursen mot Skjåk. Velkomne skal dykk vera alle saman.

Med vennleg helsing hovudkomiteen, Randi Rust

mandag 23. juli 2007

Vi er igang




Landsfestivalen i gamaldans vart strålande gjennomført i Vågå sist helg. Før mesterkonserten sundag var vi på plass og la ut informasjon. Vi var også på scenen og ynskte alle velkomne. Etter konserten var det svært mange som gav uttrykk for at dei gler seg til å kome til Skjåk. Vi har allereie booka nesten 100 festivalvognplasser.
Foto:R. Rust

mandag 2. juli 2007

Dansekveldar hausten 2007

Det blir dansekveldar i gymsalen på Nordberg skule i haust att og. Vi byrjar den 18. september og avsluttar 23. el 24 november. I løpet av desse kveldane skal vi ha springleik kurs.

Ståk i Skjåk


Ståk i Skjåk
er ein marknadsdag ein laurdag i juni. I
år var laurdagen attpåtil St.Hans og
av alle ting regna det i Skjåk.

Likevel var det ein triveleg dag som vart opna av diverse underhalding på den nye scena ved Lom og Skjåk sparebank. Der var seniordansarane med, Skjåkswingen og siste post på scena var det vi. Vi starta med ein stutt springleik og etterpå ein reinlender der vi inviterte publikum til å bli med. Og folk dansa. Gamaldans er ein breiddeidrett i Skjåk.
Vi avslutta St. Hans med å arrangere utefest i Bismo. Festen regna bort - men vi hadde det moro vi som var der.

Dansens dag


Vi vart invitert til å markere Dansens Dag under høgmessa i Skjåk kyrkje den 29. april 2007. Vi dansa vals føre dåpsbarn og prestar inn i kyrkja, springleik midt inni preika og avslutta høgmessa med ein glad reinleder. Vi dansa oss ut og resten av kyrkjehopen kom etter. Spelmennene var Magnar Slettede, Bjørn Birkeland, Ola Galde og Per Kveen. Tusen takk til presten som inviterte oss.

Posted by Picasa

Peer Gynt i Presthaugen



Også i år vil delar av Peer Gynt bli vist som vandreteater i Presthaugen i Lom. Det er Endre Skjåk som spelar Peer, på same tid som han instruerar ein stor flokk glade amatørar.
Skjåk spel og dansarlag er med som gjestebodshop på garden "Hæggstad", der Peer kjem og røvar brura. Vi treng mange par som kan stille i bunad (gjestebodspynta) og vera med. I år er det tre kveldar, den 26, 27 og 29. juni. Ring til meg - eller skriv ei melding.

Birkerbeinerdans


Vi fekk utfordringa til å vera med å prøve å lære "Birkebeinarane" på TV 2 å danse. Vi tok imot dei i garden på Andvord i Lom. Dansekurset var på eit par timar i ei av stuguane på Andvord medan tv-kamera surra og gjekk. Vi dansa oppatt og oppatt... Og litt reinlender og parhalling lærte dei før det var meir skitrening

Gudbrandskappleiken 2007


Gudbrandsdalskappleiken 2007 vart arrangert i Heidalshallen. Heidals spel og dansarlag hadde stelt i stand ein gild kappleik. Mykje folk og mykje god spel og god dansing. Vi stilte med tre par i kappdans, vi deltok i dansemønstring og mange av oss deltok i G-dans. stilte Det var ei uhøgtideleg gamaldanskonkurranse. Ragnar Vang i senior spel fele og fekk napp i fatet "Spel, best over 50". Vi hadde fyllt opp ein minibuss.... alle vi som var med der hadde ein utruleg morosam kappleikstur

Årsmelding 2006

Årsmelding 2006

Styret har i år vore samansett slik:
Randi Rust leiar
Marianne Stensgård
Aud Wencke Kvålshagen Banken
Kjell Kvålshagen økonomi
Rikard Skjelkvåle
Ole Håve vararepresentant
Hans Hågå - spelmannslags representant


Vi kan sjå attende på eit aktivt år - og eit år som gjev oss utfordringar for både 2007 og ikkje minst 2008. Vi er tildelt arrangøransvaret for Landsfestivalen 2008.

Aret 2006 byrja med ”Danse Jula Ut” på Dønfoss grendehus. Denne gongen var det ”Honndalsmusikken” som hadde konsert og var med å spelte til dans.
Honndalsmusikken er leia av Svein Nesje, Stryn og vi fekk oppleve den nordfjordske svipen og dåmen med fire hardingfeler i solo og samspel.
Så kosta vi skyss og deltaking på 7 ungar frå Skjåk slik at dei fekk delta på kurs i samband med Folkemusikktreffen i Vågå. Det var kurs i både spell og dans.

Det neste som stod på programmet var å arrangere offentleg dansefest. Bjørn Turtums gammaldansorkester tok kontakt med oss og i samarbeid skipa vi dem 4. mars til fest i Marlo grendehus med aldersgrense 15 år. 216 løyste billett.
Vi hadde stand for å verve fleire medlemar i samband med Skjåk dagen sist i mai.
Olsok fekk vi vera med på ei spesiell oppleving. Peer Gynt vart oppsett i Presthaugen i Lom, og laget fekk invitasjon til å vera med å vera gjestebodshop på Hægstad. Eit morosamt og lærerikt oppdrag, det er ikkje kvar dag at over 350 står og ser på oss og PeerGynt kjem og røvar brura.

Vidare deltok vi både på Gudbrandsdalskappleiken og på Landskappleiken.
Ettersom han i år var på Beitostølen var reiseavstanden overkommeleg.
Vi stillte med lag i lagdans pluss to par i B-klassa!

Kjersti og Torstein Morken, Tone Heldal og Hans Hågå, Mona Grimstad og Kjell Kvålshagen, Marianne Stensgård og Arnstein Fjerdinggren, Helen og Arve Hole, Randi Rust og Ole Håve utgjorde lagdanslaget. Guro Grimstad spelmann.
Marianne Stensgård og Arnstein Fjerdinggren og Randi Rust og Trygve Auale deltok i Bklassa, dans vanleg fele.

Danseaktiviteten vår har vore god, båe i vårhalvåret og i haust.
Vi prøvde oss med reprise på polskurs i vår. Her var det heller magert oppmøte. Då gjekk det betre med dei vanlege øvingskveldane som i år har vore fast på Nordberg skulen.
Vi hadde intensive springleikøvingar innan kappleiken og leigde nordover Kari Grøsland til å spela for oss på øvinga. Ho spelte til oss på Gudbrandsdalskappleiken. Guro Grimstad stilte som spelmann på Landskappleiken.
I haust har vi hatt fokus på masurka og dette gav god uttelling på oppmøte. Mange fine dansekveldar på Nordbergskulen i haust.

Elles har vi sponsa dansedagen på ungdomsskulen med instruktør og spelmann. Svært godt og populært tiltak.
Randi deltok på eit instruktørkurs i mars - hvis det blir fleire slike kurs må fleire vera med. Det er viktig å auke kunnskapsnivået til laget.
Sigrid Skjelkvåle Aaboen, Mari Synnøve Blankenborg og Rikard Skjelkvåle var representantane våre i eit møte når det gjald dans og framtida til dansen i Gudbrandsdalen.

Den aller største hendinga dette året er at vi fekk tildelt å arrangere Landsfestivalen i Gammaldans 2008. Arbeidet er i gang og styret håpar å kunne kunngjere hovudkomiteen på årsmøtet.
Styret har hatt 5 styremøte og handsama 30 saker. Vi har har 58 medlemar.
Sentralen 27. des. 2006
Randi Rust

Historie

Skjåk spel og dansarlag
Etter å lege i dvale i mangeår, byrja dansarane å røre på seg og kom i olympisk form. OL i 1994 vart inspirasjonen til at spel og dans i Skjåk fekk skikk på organisasjonsarbeid att. Men det gjekk 12 år, innan vi søkte om opptak i Landslaget for Spelemenn. (www.folkemusikk.no)I august 2002 vart vi opptekne som medlemslag i LfS. Med det vart vi ein del av eit nasjonalt felleskap som arbeider for å ta vare på og bruke mangfaldet av kulturarv innan vokal folkemusikk, innan spel og dans.