fredag 30. juli 2010

Uteområdet

Etter at restaureringa var ferdig såg det ut som ein krigsskodeplass i tunet og ei skikkeleg ryddeøkt sto for tur. Alt som kunne passera som ved vart kappa i ovnslengder og lagra i storsekk. Det var faktisk så mykje at me framleis har ein sekk ståande - fem år etter restaureringa.
Området ellers var grovplanert og ruskje men det var desverre korkje overskot eller pengar til å gjera noko med det straks.Først etter eit par ås såg me oss syn med å engasjera ein entreprenør til å pussa opp uteområdet.
Ei snedde gravemaskin og ein flink førar gjekk laus i tre dagar og resultatet vart ei fint tilpasa fylling på nedsida som vart dekt med matjord. På vestsida vart det pukka opp ein liten parkeringsplass som vart dekt med grus og på austsida av låvebrua, der det gamle steinlageret som var silopress på støypesiloen, vart det laga til med fin singel og grove heller så det vart ein fin uteplass. Deretter vart det sådd og planta og vips hadde me ein fin stor hage og over dobbeltså mykje plen som skulle klippast.
Sjå den fine utsikta det vart frå uteplassen nedanføre løa!

tirsdag 27. juli 2010

Floren

Floren, eller fjøset, er ikkje like gammal som resten av løa. Han vart bygd på slutten av førtitalet og avløyste den gamle tømmerfloren som sto for seg sjølv aust for løa. No var floren 55år gammal og etter kvart sørgeleg utdatert sjølv om forrige generasjon hadde oppdatert til røyrmjølk og forbrett i staden for spannanlegg og høykrybber. Nye retningslinjer for båslengder og anna gjorde at me dreiv meir som på nåde dei siste åra me hadde kyr, nybygg var heilt uaktuelt sidan kvoten på garden var i minste laget.
Me gjekk difor laus og vaska han ned og demonterte alt utstyr. Noko vart selt, mjølkeanlegget for til Honningsvåg på Stadtlandet der det sikkert er i full bruk den dag i dag. Resten vart sett til sides og vert vel sikkert kasta med det første sidan det ikkje er nokon som er interesserte i å kjøpa det.
Det var litt vemodig å gjera dette, det markerte slutten på mange generasjonar med dyrehald og mjølkeproduksjon på garden. Det er etter kvart mange bønder som opplever dette no, alt skal vera så stort og mat skal vera så billig - me får vona dei veit kva dei gjer dei som styrer dette...
Etter at alt var demontert måtte me fjerna ein god del betong på golvet. Golvet var oppbygd slik at det først var ei plate på ca 10cm i etasjeskiljet, oppå den var det så støypt på renner, golv, båsar o.a. På det meste i båsane var det 30cm påstøyp. Me kunne sjølvsagt ha støypt opp så me fekk flatt golv men då hadde me kome i konflikt med takhøgda så me måtte nok fint pigga vekk påstøypen og koma oss ned på etasjeskiljet.
Dette byrja me med for fem år sidan med at Ekehaug Maskin gjekk laus med ei lita maskin med pigg, dei vart ikkje heilt ferdige før me la det på is for fem år sidan så Hansen frå Skutle Betong gjorde ferdig jobben med ein kango hammar i vinter.

søndag 25. juli 2010

Medan me ventar..

Vidare framdrift ligg no litt på is medan me ventar på rammeløyve frå Voss Kommune. Denne tida tenkte me å utnytta til å gå igjennom alle pristilboda me har fenge og til å planleggja byggeprosessen fram mot opning. Me vonar å starta opp med bygginga i slutten av august eller i byrjinga av september så det er ikkje lange tida til å områ seg, i tillegg er me travelt opptekne med jordbæra for augneblinken.
Det er mykje som skal klaffa og me vonar me får det til å gli. Mellom anna er det ein del viktig infrastrutur som må på plass. Me må mellom anna grava og delvis sprenga 300m med kloakkgrøft, det skal lagast parkeringsplass, boring av brønn for grunnvarme og ein del av uteområdet må opparbeidast i haust. Travle tider i vente.
Heldigvis har me ein svært røynd byggmeister å lena oss på, han vil saman med oss laga ein framdriftsplan slik at sjansen for at ting klaffar aukar, men heilt sikre kan me aldri vera. Uføresette ting vil nok koma, så dei må nok taklast etterkvart.
Skulle nokon ha nokon gode råd å koma med er det berre å ta kontakt eller skriva nokon ord i kommentarfeltet.

fredag 23. juli 2010

Taket


Etter at svolene vel var oppattbygde var det på tide med taket. Snikkarane til Byggm. D. Gjøstein hadde allereie drive ei stund med hovudtaket. Som tidlegare fortalt vert dei store hellene brukt oppatt. Til svolene hadde me ikkje nok store heller samt at ein del av dei som var der frå før var av svært dårleg kvalitet så me valde å bruka 12 X 18 dråpelapp av Vossaskifer. Litt intens leiting på Finn.no gav ikkje så mykje resultat, den skiferen me såg på der var ofte av dårleg kvalitet eller for langt vekke.
Løysinga kom rekande på ei fjøl via ei lysing i lokalavisa Hordaland, ei hytte på Oppheim skulle rivast og taket var til sals rimeleg mot riving og fjerning. Me fekk tilslaget og reiv taket og frakta det ned her.
Også på svolene vart det lagt sutak av rupanel med duk oppå. Så vart det lagt rekter og lekter og pallane med skifer vart heiste opp på taket og lagt. Det var litt putl sidan det var meir som valma no i hjørnane så der måtte det leggjast forsterkingar under sløysane.
Til sist vart det sett opp takrenner av trykkimpregnerte bord og grovrestaureringa var over.

torsdag 22. juli 2010

Oppbygging av svoler

Etter at me var ferdige å dura på med maskin innvends var det på tide og byggja oppatt svolene som skulle vera ytrevegger i løa. Opp mot tunet måtte me støypa ein vegg opp i høgde med tunet. Sidan det var ikkje akkurat overflod av pengar leigde me inn to polske frå eit lokalt formidlingsbyrå til dette. Om det vart billegare veit eg knapt sidan desse to ikkje visste så mykje meir om forskaling enn eg gjorde. Men forskalinga kom no opp til slutt. Då me skulle støypa viste det seg at det nok var visse svakheiter i forma for den heldt på å rivna! Heldigvis gjekk det bra.Svolene på dei to andre sidene av løa var ikkje heilt nedrivne, deler av reisverket og nokre sperrer sto att. Her vart det supplert med reisverk og sperrer.
Me valde å bruka grove standarar på 6X6 tommar i reisverket i tilfelle me ville ha noko av konstruksjonen synleg seinare. Utanpå desse vart det lagt opp 2X4 liggjande på høgkant som spikarslag for gipsplatene som me hadde ytterst mot kledningen. Så grov material var det også vanleg å bruka i gamal tid men då med lenger mellomrom enn det me har brukt.
Som kledning valde me  å bruka ukanta 1" ospebord. Desse skal ikkje målast men gråna naturleg. I ein faldar med tilrådingar frå fylkesmannen var det tilrådd å bruka utadla sibirsk lerk men me meiner at osp har meir naturleg tilhøyrigheit til området og den har også gode eigenskapar med omsyn til råte så lenge ho ikkje kjem i kontakt med jord, så det vart osp. Før i tida brukte dei hunabord av ulike treslag til å kle løene, dersom det rotna var det berre å slå opp eit nytt men det skulle rotna mykje før det vart gjort.
No, fem år etterpå har kledningen gråna fint og løa ser skikkeleg gamal ut.

onsdag 21. juli 2010

Uvær

Detta veret me har no er rett og slett for gale. No skulle det vera toppsesong med jordbær men i morgon er det plukkestopp fordi det ikkje er nok modne bær!!
Det regnar hundar, kattar og trollkjæringar - alt er blautt!
Det verste er vel at det er byrja å rotna i Korona åkeren.
Eg kan trygt sei at 2010 ikkje kjem til å verta lista som eit av toppåra.
Ok, dampen er ute, me må vel finna oss i veret om me vil bu her i ein av dei vakraste krokane i verda, men likevel..

tirsdag 20. juli 2010

Starten på oppattbygginga

Så, etter at alt var rive, kasta og vaska var det på tide å byrja med oppattbygginga att. Golvet var ei utfordring då det var 1,5 m meter nivåforskjel frå vestre hjørna til austre hjørna. Dugeleg fall altso :). Vel og bra det men det kan vera greitt å føta seg og.
Me løyste dette med å dela huset inn i tre ulike nivå med utgangspunkt i stavane nede. Mellom nivåa vart det murt opp fine skifermurar av ein dyktig maskinkøyrar hjå Ekehaug Maskin.
Alle stavane, eller søylene vart sjekka om dei sto på trygg grunn. To sto på trygg fjellgrunn, ei sto på ei stor helle som kvilte på grunnmuren og to sto på silt. Dei tre siste var murte opp i naturstein, desse sto også på silt. Søylene på silt fekk ny fot av solid skifermurstein, dei andre sto som dei var.
Etter dette vart det fyllt opp med grov pukk i romma og golva vart grovretta. Det var ikkje ratt få kubikkmeter som gjekk med så det var godt det var plass til maskiner i rommet.
Det var veldig rart å koma inn i løa når ho var heilt tom og minna om korleis det brukte å sjå ut framleis var ferske, det var berre å lata att augo så kunne eg sjå stadl og smalfloren føre meg.
Men no var det tomt og det verka å vera uendeleg langt fram til det kunne verta noko brukande av huset, om det i det heile var mogeleg.
Men med nærare ettertanke var det faktisk etterkvart mogeleg å sjå kva for potensial bygget kunne ha som selskapslokale. Om ein såg vekk frå det trasige og ruskne kunne ein sjå at det oste av atmosfære og tradisjon og ville verta perfekt til det me hadde tenkt.

mandag 19. juli 2010

Mmm...jordbær!!

Det er søte tider no, me har akkurat starta å plukka Florence, den seinaste sorten me har. Sesongen så langt har vore litt skjemt av regn, desse bæra er fastare og toler litt meir væta. Og at dei er gode kan nok dei ti jentene på biletet gå god for. Dei kom oppom åkeren her hin dagen og kjøpte seg nokre korger og meinte det var beste bæra dei hadde smakt.
Sommaren og jordbærsesongen er ei slitsom tid for oss, men også ei fin tid me ikkje ville vore utan. Me møter mange kjekke folk på torget som set pris på at dei kan kjøpa lokale bær. Dette er ikkje sjølvsagt i dag, mange småskala produsentar har lagt ned og jordbærdyrkinga er konsentrert på nokre få stader i landet.
Til neste år når Store Ringheim er vorte gjestetun vil me nok få det endå travlare, jordbæra vil me likevel halda fram med.

Men no er det årets sesong som gjeld, velkomne til torgs for å smaka på gode jordbær!

søndag 18. juli 2010

Vasking

Tømmerveggane var dekte av 150 år med skit, alt dette måtte vekk både der veggane skulle vera synlege og ellers. No, når alt var tomt, var det rette tida til ein storvask. Me fann ut at beste metoden var med høgtrykkspylar, først bløyta og så gå laus med full kraft.
Det var eit ekstra moment med høgda sidan tømmerveggane er i andre høgda og det var ingen golv. Dette løyste me stort sett med stige og tau i tllegg til eit stillas på dei verste plassane. Ein kan trygt sei at det var ein skikkeleg våt og skiten jobb men det vart skikkeleg fint etterpå. Det var veldig greitt å få det gjort medan det ikkje var noko anna i huset, berre spyla på utan å tenkja på at noko kunne verta øydelagt.
Når skiten vart vekke endra fargen seg frå grå overalt til brun der det var furutømmer og kvit der det var ospetømmer. Ja, de las rett, det var ein god del ospetømmer i løa. I ein av ospestokkane var det til og med skore ut ANO 16 hundre og noko og 80. Det var sikkert frå den tida løa var sett opp siste gong før ho vart flytta til staden ho står no. Tenk, over trehundre år gamalt ospetømmer!
Vaskinga var det i hovudsak Svein som tok seg av, men også Svein Ivar la inn ein god jobb der i fjor før me skulle til å restaurera meir innvends.
Godt det er gjort!

fredag 16. juli 2010

Jordbærver

Det kan sjølvsagt berre vera noko me trur men det verkar som om kvart år når sesongen er i gang så byrjar dritveret. Varme, regn og uver er noko av det verste som finnes for mogne jordbær - då er det råtetid.
I det siste har me hatt nett slikt ver, ja i går var det så gale med vind og regn at parasollen min vart øydelagd og eg måtte reisa heimatt for første gong på 30 år. Heldigvis vart det betre utpå dagen så eg kunne reisa nedatt og seja resten av bæra.
I dag var det heldigvis betre, men no i kveld kom det sjølvsagt regn att og eg fryktar for korleis det går med bæra. Berre tida vil visa...
Inntil vidare er eg vel ein av dei ivrigaste på yr og pent, saumfer alle trendar for å sjå om det kan vera ei von på sikt.

torsdag 15. juli 2010

Profilering

Det er lenge til me skal opna men me har likevel vald å satsa på å utvikla profilen og starta marknadsføringa av prosjektet. Me meiner at det er svært viktig å vera klar og gjerne ha ein god del tingingar den dagen me opnar.
Profilering er viktig sidan profilen på mange måtar skal visa kva me ynskjer med prosjektet. Me har ingen særleg kompetanse på dette sjølve så me måtte ut i marknaden for å finna hjelp. Heldigvis så kjenner me ei svært dyktig dame som driv med grafisk design og profilutvikling - Bodil Haga. Ho held til på Stord, men avstand er ikkje noka problem i denne bransjen sidan både kommunikasjon og utvikling går via nettet.
Ho har laga logen Store Ringheim, som de ser øverst i denne bloggen. Ho har laga rammene for bloggen vår. Ho har også laga ein førebels faldar som me no distribuerar frå torgbua vår. De kan sjå ho her på docstoc.
Me tykkjer resultatet er både smakfullt og enkelt og viser til det me har tenkt Store Ringheim skal stå for; god kvalitet, gode opplevingar, god atmosfære.
Det kan vera litt skummelt å gå såpass høgt profilert ut men me skal gjera vårt beste for å leva opp til det.

fredag 9. juli 2010

Kaos i tunet

All denne rive, bære og byggeaktiviteten på ein gong fyllte sjølvsagt opp tunet med rus, rask og treavfall på rekordtid.Alt dette måtte så sjølvsagt sorterast og fjernast. Alt som var reint nok kappa me opp til ved, men innsausa vegger frå stall og smalflor ville me ikkje ha i hus. Det hagla med velmeinande gode råd som å brenna det opp eller grava det ned men me landa heldigvis på løysinga med å levera det som treavfall på deponiet til IHM. Veldig greitt då - ein containerbil med tømmerkran svingar innom tunet og pakkar containeren full og vekk er det. Vel, det vart ein god del meir enn ein container så det var godt me slapp å slita med det sjølve meir enn me alt hadde gjort. Eg meiner å hugsa at me leverte i overkant av 200m3 treavfall.
Erlend, Ali og Jon var gode hjelparar i denne tida, det var ikkje ratt få storsekker med raskaved me pakka og stua vekk. Me har fyrt med gamlaløo kvar vinter sidan, men ser no omsider slutten på den veden.
Det var ei tungvint tid med kaos i tunet, bilar og rot over alt så det var jamen godt å få det gjort og koma vidare i prosjektet.

torsdag 8. juli 2010

Jordbærtid

Livet går sin gang på garden sjølv om mykje dreier seg om prosjektet vårt. No er det jordbærtid. I dag var første dagen vår på torget denne sesongen, på høg tid. Det er vel omlag det seinaste me har byrja nokonsinne. Bæra var gode og søte då, dei vert berre betre dess lenger det går før dei modnast.
Dei neste fire vekene vert det travel aktvitet i tunet, særleg om morgonen. I 6-7 tida kjem ein skokk med lokale ungdomar som plukkar bær. I 9 tida pakkar me i bilen og køyrer ein god km ned til torget i sentrum for å starta salget. Skikkeleg kortreist mat!
Når me opnar til neste år vil nok jordbær frå garden også verta ein fast gjest i menyen om sommaren. Jordbærkake, rørte jordbær, fruktsalat med jordbær - mange mogelegheiter, jordbær og champagne..
Det er langt fram men me gledar oss allereie.


Inntil då er de sjølvsagt hjarteleg velkomne til å handla bær på torget så lenge me har!

onsdag 7. juli 2010

Brudlaup




Store Ringheim skal også vera staden for dei store anledningane slike som brudlaup. Der har huset lange tradisjonar allereie sidan dei fleste brudlaupa her på garden er vorte feira der. Bileta her er frå mor og far sitt brudlaup på femti talet. Det var eit tradisjonelt bondebrudlaup som vara i tre dagar. Det var prosesjon frå kyrkja og til gards, plasseringa i denne var fastlagd i tradisjonen på dei ulike stadane. Deretter var det sjølvsagt mykje mat og leik og moro i tre heile dagar til ende. Me kan mellom anna nevna reising og felling av tuntre, skoauksjonar der alle tilgjengelege sko vart stolne om natta og auksjonerte ut dagen etter til stor moro, anna hærverk som opphenging av barnevogner, sko etc i telefonstolpar, flaggstenger eller andre stader.
Folk arbeidde hardt før men jammen hadde dei sans for å mora seg og.
Me meiner staden vår er særdeles veleigna til slike arrangement når me opnar til våren. Me har ein stor sal til middagen, me har god plass til myldring mellom øktene - både ute og inne, me vil få opplegg for både musikk og mikrofon til talar slik at sjølv dei mest lågmælte vert høyrde, og skulle nokon få lyst til å laga litt uskuldige spilloppar kan sikkert det ordnast også - me får sjå.
Me synest også at plasseringa vår - ute på landet men berre 1,5km frå sentrum er perfekt. Kanskje det kan verta brudlaup med prosesjon att på Voss? Hest og kjerre er også godt innan rekkjevidd.
Me har allereie hatt ein del førespurnader så om de er giftelystne kan det vera lurt å ta kontakt i god tid : )

tirsdag 6. juli 2010

Utgraving

Etter at alt som kunne rivast var rive og utbore var det tid for å fjerna 150 år med drit. Heldigvis var det nå plass til ei lita gravemaskin inne i løa. Denne kunne lessa opp smalamøk i hengaren som eg køyrde ut på bakkane, resten eller mesteparten av det som var der inne var bortimot ein halvmeter tjukt lag av stein, jord og anna før ein kom ned på fjell eller silt.
Eg hadde alltid trudd at stavane som held oppe løa sto på fjell sidan ho hadde halde seg rett i ryggen i over 150 år men dette viste seg å vera berre delvis rett, nokre sto på fjell, ei sto på steinfylling og nokre sto på silt. Me flytta ikkje på nokon sidan dei hadde stått stabilt i over 150 år.
Den vesle gravemaskina samla i hop all lausmassen og la han ut på nedsida der ei større tok over og la han ut i ei fylling som no seinare er vorte ein fin plen. Det vart ein del kubikkmeter av det, det hadde vorte litt av ein jobb med spade og trillebår!

mandag 5. juli 2010

Svinhuset

Svinhuset på garden var eit lite rom murt opp under låvebrua. Der var det trongt og mørkt sjølv om det opprinneleg var ein liten glugge ut der som steinsiloen ligg no. Eg kan ikkje hugsa at det har vore griser der, sannsynlegvis vart det slutt på det då gamlefloren vart riven og ny flor sett opp rundt 1950. Me hadde i alle fall gris i floren då eg var liten.
Gris var dåtida sitt system for å kvitta seg med bioavfall, det var ikkje kasta mykje mat og det som vart kasta gjekk rett i grisen og resirkulert ut att som saltflesk, spekeflesk, grisakorv, blodkorv og pannekaker og mykje anna godt.

Det var litt rart å sjå det vesle mørke fangeholet som hadde vore grisen sin tilhaldsstad, i dag hadde ein vel vorte tiltala for dyreplageri og frådømt retten til å ha dyr om ein hadde prøvd seg på grisehald der men det var andre tider då. Eg tenkjer nok at folk på den tida var like glade i dyra som me er no.

søndag 4. juli 2010

Stødl

I helga reiste me i Kroné, stølen til Store Ringheim. Me det var Jorunn, Svein Ivar, Ju Jeong, Erlend og meg. Det finnes vel knapt ein Vossagard utan fjellstøl, vår ligg altså i Kroné rett nord for Svartahorgi eller for dei som ikkje er lokalkjende - i øverste enden av elva som endar ved Tvinde Camping.
Stødl er eit paradis der me reiser når me treng fred og ro, eller berre skal ha det godt. Helga gjekk med til avslapping og fisking - som vel eigentleg også er avslapping : ). Selet vårt er lengst til høgre, lengst til venstre er selet til Vetle Ringheim og i midten er floren til Eggjahaugen.

lørdag 3. juli 2010

Riving av siloane

Siloane var eit kapittel for seg sjølv. Silohistoria på garden starta på 60 talet då det vart støypt ein solid bunkers der som den nordlige svola var før. Denne vart fyllt med ei høykanon og pressa ned med stein som vart lempa ut og inn gjennom eit hol i veggen. Tungvint kan me nok tykkja i dag men det var nok eit stort framsteg i si tid.
Nokre å seinare vart det bygd ein silo i konnbrotet, denne var laga av tre, pløgde golvbord frå skogteigen vår i Skulestadmoen.
Denne vart også snøgt for liten så det vart sett opp ein rund Soldal tresilo i høybrotet. Denne var med eit lite påbygg rundt 8m høg og fyllte opp heila høybrotet. Fyllinga av desse siloane vart opprinneleg gjort med ei høykanon, sidan med ein silotransportør (transportband). Graset vart frakta inn på laoen med traktor og hengar, det var ikkje høgde for å tippa så det vart brukt ein lem bak i hengaren, i denne var det festa ein kjetting som hang ut bak, denne kjettingen vart så festa i ein solid stokk innst å laoen før traktoren kjøyrde ut att og lemmen drog lasset av - snedig. Det var litt av eit styr i siloslåtten, me måtte vel vera tre-fire personar på laoen og i siloen for å ta unna før neste lass kom. Innimellom så måtte silotransportøren flyttast frå eine siloen til hin, det var tungt og trongt men effektivt syntest me på den tid. Knappe fjorten dagar tok slåtten då mot to månader med hesjing tidlegare, i år kom ein traktor med ei stor slåmaskin og slo ned alt på to timar, dagen etter kom ein balleentreprenør og balla det på ein ettermiddag...
Men no var det rivinga dette skulle handla om. Støypesiloen var heilt uaktuell å riva, dessutan så høver han fint til toalettanlegget i løa.
Den vetle tresiloen var skikkeleg solid bygd, så det var litt av ein jobb å få han vekk. Her kom røynslene med arbeid i tau godt til nytte, det er ikkje moro å stå i ein stige med brekkjern utan å vera sikra. Brekkjern var forresten ikkje nok, eit skikkeleg langt skogsbrytejern måtte til. Heldigvis var ikkje denne siloen impregnert så han vart til god ved.
Den store siloen var meir utfordrande, det var 8 meter ned og lite plass til å setja opp stigar så her var det å henga i tau og saga og bryta etter beste evne. Det var ein seig kamp før ein kom så langt at alle spikrar og band var nede og ein kunne til å lø han ned men det gjekk bra.Denne siloen var av 4" impregnerte golvbord, desse har me teke vare på og vil bruka til eitkvart.