onsdag 30. juni 2010

Dei første gjestene..

Dei første gjestene er på plass i løo, dei har laga seg buplass oppunder taket rett over låvedøra. Foreldra har hatt travle tider ei stund no med å jaga flugar og anna mat som dei har fora opp desse søte små med.
Dei kan vel knapt kallast betalande gjester sjølv om dei held nede flugebestanden i tunet men dei gjer ikkje så mykje skade heller - og søte er dei.
Dette vert nok siste sesongen med låvesvaler i løa, til neste år er det tett og heilt andre gjester som har teke over, men til dess kan me gleda oss over desse her.

tirsdag 29. juni 2010

Vossaløe, kva er det?

Ei vossaløe er ein spesiell konstruksjon som har vore svært utbreidd på Voss i eldre tid. Det er ein konstruksjon der løa står på stavar og er såleis ein kombinasjon av tømmer og grindbygg. Grunnen til at di vart utvikla her er nok at det var rikeleg med tømmer på Voss i motsetnad til ytre strøk av fylket. I første høgda der det var grindbygg var det tømra opp ulike florar eller husdyrrom. I eldre tid var ofte kyrafloren plassert for seg sjølv utanfor løa. Inni løa var det så lafta ogg smalflor (sauefjøs), stall og rom til andre dyr. I vår løa var det smalflor, stall og svinhus.
Desse florane var ikkje ein del av løekonstruksjonen og kunne difor rivast og erstattast med nye etterkvart som dei rotna, sjølve løa kunne verta ståande - ret og slett genialt.
Løa var som regel oppbygd med eit konnbrót i eine enden og eit høybrót i andre enden og laoe med laoabru i midten. Rundt løebygningen var det som regel svoler med ulik funksjon. Hjå oss var det ei hakkesvol der me hadde hakka halm etter treskinga, og ei vognsvol der ulike kjerrer sto. Svolen var også viktige på den måten at dei verna konstruksjonane mot ver og vind. Ute var dei som regel kledde med ståande hun eller ukanta bord, desse var i regelen umålte.
På bileta ser de konstruksjonane som er blottlagde då me reinska ut i løa under restaureringa. Her er ein link til docstoc der de kan lasta ned ein pdf med ei beskriving av løetypen.
På det siste biletet ser de smalfloren som stikk ut under tømro etter at me har rive svole.

mandag 28. juni 2010

Menyar etc

I desse dagar er me såvidt byrja å laga menyar for mat som skal serverast i løa. Me har ikkje noko i boks enno men har drøfta oss fram til nokre føringar i arbeide.
  • Maten skal halda høg kvalitet..
  • Det kjem ikkje til å verta servert tradisjonell snøggmat (fast food)
  • Me satsar på lokale råvarer i den forvissinga at på Voss og Vestlandet forøvrig finn me dei beste råvarene i landet.
  • Det vil verta ein miks av tradisjonsmat og andre matrettar.
Me vonar dette er noko som vil slå til. Me er begge glade i god mat og meiner at god mat er ein viktig del av totalopplevinga ved ei tilskiping.
Me kjem i første omgang til å få maten inn som catering, men det vert mat etter vår eigen meny som berre vil verta servert her. Planen er deretter å gradvis gå over til å produsera maten her på staden.
Ambisjonen er å verta kjende for å vera ein stad med god mat, me vonar me får det til.

søndag 27. juni 2010

Restaurering av taket

Taket på løa var i ein heller tvilsom forfatning men heldigvis framleis nokonlunde tett. Det skumle var at åkane på sperrene var byrja å rotna så hellene var på sig og kunne eigentleg detta ned kortid som helst. Det er her snakk om heller på 1,5 X 2m som veg mange hundre kg så risikoen ved at dei datt ned var langt over det akseptable. Me brukte Byggmeister David Gjøstein som entreprenør, han og firmaet er ekspertar på restaurering av gamle bygg, dessutan hadde me veldig positive røynsler med David då han som pur ung snikkar bygde huset vårt, så valet var lett. Mobilkran frå O.L. Kythe vart innleigd og taket for av i ein fart. Hellene vart fint stabla opp og merkte for dei skulle opp att seinare.
Deretter vart alle gamle åkar fjerna og ein del øydelagde sperrer vart bytta ut. Ein del åkar var så rotne at snikkarane sa hellene måtte ha legje på gammal vane, det var i alle fall ikkje hald i åkane.
Etter at sperrene vart reparert og oppretta vart det lagt sutak av pløgde bord oppå dei, ein takduk oppå der før rekter og lekter vart lagde på. No var taket tett. Det vart deretter gjort ein god del med bygget som eg kjem inn på seinare, før hellene vart heiste på att. No vart det berre brukt storheller på hovudtaket, på svolene var det for lite heller til at det rakk så der vart det istadenfor lagt 12 X 18 dråpeskifer.
So langt so godt!

lørdag 26. juni 2010

Løo før restaureringa

Før restaureringa sto løo nett som ho hadde gjort når siste dyret forlet bygningen året før. Som de ser av bileta var det rimeleg trongt og skite der inne. Løo var tilpassa dei endra hauste og konserveringsmetodane for gras ved at det var sett inn siloar i høybrot og kornbrot. I nord hjørnet var det støypt ein solid betongsilo. I tillegg var det ein stall og ein smalflor inne i løo i første høgda, desse var svært dårlege og ihopsigne. På eine biletet ser de oppsida av løo der smalflorveggen er på veg til å siga ut.
Det verste med tilstanden var igrunnen taket, alle dei store hellene var på sig og eit år tidlegar ramla det ned ei svær helle som havne langt uti tunet, det var skremmande. Taket hadde legje der sidan 1860 og i tillegg hadde omlegginga til silo gjort at det vart meir fukt inne i løo og sperrer og åkar byrja å rotna.
Me sat altså med eit hus som var byrja å verta fårleg på den eine sida og som var heilt utdatert og ubrukeleg på den andre sida, noko måtte gjerast. Me såg det slik at me hadde to val; riva eller restaurera. Riva hadde vore det enklaste og heilt sikkert rimelegaste, men det er rart med slike gamle hus som har prega tunet i nesten 150 år, det er vanskeleg å skilja seg av med dei. Me var også så smått byrja å ta fram att gamle planar om å starta med ei eller anna form for utleige eller turisme og såg på løo som ein mogeleg ressurs i so høve og. Bygget er også heller spesielt i nasjonal samanheng, det er ei vossaløe som stort sett berre har vore bygd i indre strøk av Hordaland på Voss og i Granvin og Ulvik. Før var det slike på kvar ein gard medan dei no er vortne heller sjeldne og det er ingen som so langt har bygt om ei slik til servering/forsamlingslokale.
Så valet vart restaurering.
Me søkte på STILK midlar og fekk det og så gjekk me i gang.

fredag 25. juni 2010

Prosjektet

På denne bloggen vil me i tida framover gje litt inblikk i soga til Store Ringheim fram til no, særleg med omsyn til restaureringa av den gamle løa. Mesteparten av innhaldet vil dreia seg om tida framover mot opninga til våren. Me vil prøva å beskriva gjennom daglege drypp korleis prosessen går, illustrert med bilete, og vonar at de lesarar vil finna dette interessant. Dersom nokon av dykk skulle ha gode råd eller forslag til gode løysingar om korleis me skal innreida eller utforma løo til selskapslokale tek me imot dette med takk, bruk gjerne kommentarfeltet eller send oss ein epost.
Me vil også setja stor pris på om de hjelper oss å spreia oppslutnaden om bloggen ved å senda ein link til folk de trur er interesserte.

torsdag 24. juni 2010

Griseflaks

Skal ikkje nett sei det er sjeldan eg er heldig men ofte er det ikkje heller. I dag derimot så rakk eg å sprøyta jordbæra for siste gong, jobba med jobben min som dagleg leiar i Hogst og Rydding, hjelpa Jorunn med å fiksa dammen i hagen og til slutt så rokk me akkurat å få tørrveden i storsekk og dekt til før regnet kom - halleluja, det er mest som å køyra inn siste høylasset medan dei første tunge dråpane dundrar på løtaket!
Og ikkje berre det, regnet er særdeles velkome sidan jordbærplantane er tystare enn barkøen på Vossajazz (no offence) og sikkert nyt kvar dråpe som kjem.
Ein kjempedag altso!

onsdag 23. juni 2010

Bloggurat

Eg har forresten presentert bloggen min på Bloggurat.

Om Store Ringheim

Store Ringheim er ein gard på Voss ein god kilometer frå sentrum mot Bavallen. Ringheimsnavnet er gamalt, antakeleg frå jarnalderen, og tydinga er uviss. Namnet Ringheim høyrer i dag til fem gardar på Voss med fleire bruk og ein by i Tyskland. Garden vår er ein av dei gardane og ligg fint til rett under Hagahaugen med eit fantastisk utsyn over bygda.

Garden kom inn i slekta i 1778 då tipp,tipp oldefar Johannes kjøpte garden av presten Jens Bergendahl, før det var han driven av forpaktarar for ulike presteenkjer på Voss. 
Garden var fram til notida sine store omveltingar i landbruket driven som ein tradisjonell større Vestlandsgard med korn, kyr, sauer, gris og hest. Her var og ein liten eplahage og humlagard. 
Me overtok garden på 90 talet og fortsette på same måten men med grønsaker og jordbær i tillegg, noko me allereie hadde drive med sidan 80 talet. Desverre viste det seg heller fort at dette ikkje var bærekraftig med landbrukspolitikken i dag så me måtte leggja gradvis om. Først var det smal´n me ikkje hadde råd til lenger, så vart det kyrne og til sist vart det grønsakene. I dag er kyrne i ei samdrift med har med ein fjern nabo, bakkane vert slegne av entreprenørar og me sjølv driv med jordbær og torgsal som ein liten tilleggsproduksjon til våre vanlege yrke.
Som de ser så set badnabodne pris på litt bær hjå Best´n og Mormor : )

Denne omlegginga førte naturlegvis til det vanlege dilemmaet på gardar i våre dagar - mange hus står tomme og må vedlikehaldast, kva skal me gjera med dei?
Hjå oss var det først og fremst prekært med ei gamal Vossaløa me har. Den vart sist sett opp i 1860 då han tipp oldefar omregulerte tunet frå rekkjetun til firkanttun, men deler av ho er betydeleg eldre. Me fekk STILK midlar til vedlikehald i 2005 og tok dermed ei total ytre renovering av løa - ut med stall, smalflor, siloar etc, av med tak, ned med alt rote og øydelagt og opp att med nytt der det trengdest og på at med taket og voila! løa sto nett som i 1860!
Men me var vel eigentleg ikkje komne lenger for me kunne ikkje bruka huset til noko nyttig sjøv om det no var vorte trygt og vil stå sikkert og godt i nye 150 år. 
Deretter vart ideen fødd - me vil bruka ho til samlingslokale og serveringsstad. Ein slik stad i nærleiken av sentrum har me og mange med oss sakna og me ser at tunet og løo vår har stort potensial til å verta ein stad der mange vil trivast.
Me er komne så langt at bygget er prosjektert, rammeløyve vert søkt i desse dagar og prosjektet er finansiert gjennom Innovasjon Norge og Voss Sparebank.
Denne bloggen vil no først og fremst handla om prossessen så langt og den daglege dont og utfordringar vidare fram gjennom bygging og innkøyring til opning til neste vår. Me vonar at mange vil følgja oss på ferda.