Avduking av kulturhistorisk informasjonstavle ved Gravdalsvatnet!

dsc_3152

Samarbeidsprosjekt mellom fem velforeningar:

Eit samarbeidsprosjekt mellom Røen og Sjøvang Vel, Landamarka Vel, Toftevågen Vel, Langaneset Vel og Høylandsbygd Bygdalag har resultert i flotte informasjonsskilt.

Her fortel ein om viktige spor frå yngre jernalder på Halsnøy, bygdeborga på Tjobergshaugen og funnet av Halsnøybåten i Toftevåg for ca 100 år sidan. Skilta er sett opp ved Gravdalsvatnet og Fjellandsvatnet. Initiativet til  å reise skilta vart tatt av Johannes Eide.  Arbeidet er koordinert av velforeninga vår og er finansiert av tilskot frå Fjelberg Kraftlag, Adonis AS, Datahjelp AS og Eide-gruppa. Det er firmaet Arkikon i Bergen som har stått for den grafske utforminga av skilta, medan dei massive trestativa er designa og levert av AG3 Arne Gjerde.

Bileta nedanfor er tatt av på opningsdagen av Arne Bjørnevik.   Les meir på Hoylandsbygd.no

Arkeolog Per Ditlef Fredriksen kåserte levande og interessant om jarnaldersport på Halsnøy

 

Margot Nilsen frå Sunde har fått laga ein minibåt som vart sjøsett under opningsdagen. Båtbyggjar er nevø Harald Warberg, også han busett på Sunde.

Det var godt med folk på opningsdagen, somme hadde gått i nymerka turløype frå Fjellandsvatnet via Tjobergshaugen.

Lurblåsar Torstein Hatlevik frå Tysnes sytte for stemningsfull musikk til avdukinga.

Ingrid Stalheim Hillestad framførte ein velskriven prolog.  I framgrunnen kultursjef Kristian Bringedal, som overrakte 10 000 kroner frå Kvinnherad kommune til prosjektet.