Skamdalsaksla

| 1-50 | 51- 95 | 96-147 |

Gnr-02

| A-D | E-H | I-L | M-R | S-Å |

Historie Brukere Bilder Rettelse av bok Kontaktsperson

Historie

Ågskardet

Skamdalsaksla

Gården lag 339 m o.h. og om lag 1% km fra sjøen i eit breitt sekk pa. austsida av fjellet Aksia beint opp for garden Skamdalen, med bratt li ned på nordsida og det flate dalføret kring øvre Urlandåga pa sørsida. Mager sandjord. Namnet er

Skamdalsaksla (skamm'darsaksla), pa S., men i Skamdalen seier dei no oftast Sætra (sæt'ra), avdi Skamdalen hadde sæter her i sju år fra 1892, da garden var nedlagd.

Grensa i nord mot gnr. 1 Skamdalen går under fjellkanten. Grensar i sørvest mot Urlandåga, gnr. 56 i Sør-Rana og aust mot Nord-Rana allmenning.

S. skal etter ei segn vere rydda ikring 1700 av ein same som var gardsdreng i Skamdalen, men det er uvisst. Den uskyldsette plassen «Øvre Schamdall er nemnd i 1766, etterat brukaren to år før er oppførd under Skamdalen. Plassen vart vel rydda ferst i 1760-åra. Kalla «Schamdalsaxelen» frå ikring 1800. Har alltid vori berre eitt bruk. Siste brukaren flytta i 1888 og sidan har ingen budd fast her. Kom i 1892 under Skamdalen, som først hadde sæter her i sju år og sidan har nytta S. til bumark. I 1933 leigde Elias Stien S. til sæter.

S. ligg for høgt til at dei kunne drive kornavl, men hamnegangen er bra. Lite skog; mest bjørk.

Matrikkelgarden Skamdalsaksla, gnr. 2.

Uskyldsett, men taksert til 10 rd 1803 (svara til oml. 5 mark fisk). 1803: «Fornøden» skog til brenne, men ikkje tømmer. Skyldsett med matr. 1838: Matr.nr. 148 Inr. 290, skyld 1 ort 23 sk. 1865: 4 mål åker, mager sandjord, 200 mål dårleg england. God hamnegang. Frostlendt og kornet «modnes sent». «På grund af gårdens høie beliggenhed modnes kornet så sjeldent, at kornavlingen ingen betydning tillægges ligesom denne af samme grund er serdeles snefast og i det hele taget en meget dårlig gård.» 1885, då Coldevin skulle selje til staten: 4 kyr, 5 småfe. Ikkje hest. Skog berre til husbruk. 1891: Skyld 56 øre.

Buskap og utsæd (i tønner).

 

Hestar

Storfe

Sauer

Bygg

Poteter

1845

1

6

10

1

1

1865

1

6

9

¼

4

Folketal.

 

Husbondsfolk

Kårfolk

Tenestefolk

Innerstfolk

1801

2

2

2

0

1865

7

2

0

0

Kårfolka hadde dertil 1 fosterbarn i 1801.

Eigarar.

S. vart rydda i allmenningen og var dermed ein del av rydningsgodset (sjå s. 149), som Jacob Coldevin selde til staten i 1888. Brukaren i Skamdalen, Johannes Tommassa, kjepte Skamdalsaksla av staten i 1892, for 270 kr.

Ågskardet

Topp

Plassen lag 205 m o.h. og om lag 1 3/4 km fra sjøen, pa sørsida av Skamdalselva i nedre Ågskarddalen. Namnet er Ågskardet (åg'skale), dvs. «elveskardet», truleg etter skardet ovanfor plassen. Har vori skrivi m.a. «Aaskaret» og «Aasskaret». Grensar i vest mot Skamdalen, i nordvest mot Hesjevika, i nordaust mot Kjelddal og i sør mot allmenningen.

Å. vart visst rydda ikring 1830, men vi veit ikkje brukarnamna for ikr. 1860. For den tid budde det somme tider lappar (samar) her, men dei dreiv lite jordbruk. Særskilt skyldsett fra 1892, som ein del av allmenningen. Fraflytta i 1916.

Å. hadde kvern i Skamdalselva.

Matrikkelgarden Ågskardet, gnr. 147,3.

Skylddelt fra Nord-Rana allmenning, gnr. 147 bm. 1 14/9 1892. med bnr. 3 og skyldsett for 0,30 skyldmark.

Buskap og utsaed (i tønner).

 

Hestar

Storfe

Sauer

Geiter

Bygg

Havre

Poteter

1845

1

4

4

2

1

0

1

1865

1

4

4

2

1

0

5

Folketal 1965: 6 husbondsfolk, 1 kårfolk og 2 innerstfolk.

Eigarar.

Jacob Coldevin sa seg ansvarsfri dersom Å. ikkje hørte til Nord-Rana allmenning, da han skulle selje til staten i 1888. I 1892 heitte det at plassen feilaktig var lagt til «De uopryddede almindinger» i si tid, men no  tilbakeførd  til  frk.  Marie Brodtkorb (som åtte Skamdalen). Arvingane hennar selde til Theodor Thomassen i Skamdalsvik for 3000 kr. I 1920. Han testamenterte Å. til brordotra Ingeborg Nilsd. Bustnesli, f 1884; hml. tl. 16/5 1958. Ho selde til søskena Ole Martin Bustnesli f 1892, Tomas Andreas Bustnesli, f. 1881, Sakrine Nilsd. Bustnesli, f. 1887 og Dine Nilsd. Forsbakk, f. 1888, m. skjøte tl. 3/7 1958. Dei selde til Johannes Stien m. skjøte tl. 8/7 1959.