torsdag 25. mars 2010

Sjå diskusjonsforum på Fronter

Eit diskusjonsforum ndgj. Leksjon 2 er lagt på Fronter. Eg har testa det ut litt....

Leksjon 2, Nokre refleksjonar i forhold til presentasjon av materialprøver






Førebels tankar som gjeld utforming av materialbibliotek.
Presisering:
Eg lagar eit materialbibliotek med tanke på bruk på mellomtrinnet der eg for tida underviser. Biblioteket vert laga for å gje kunnskap og tankar om val av teksturar med funksjonell eller dekormessig bruk innan arkitektur.
Eg set meg som mål å lage å lage litt over 20 prøver, med ca fem i kvar hovedkategori: Tre, papir, stoff og "andre" som i mi samling betyr saga stein, metall, og transparente stoff.
Kasse:
Ca. 20cm x 20 x 62. Veggene i kassa vert sette saman av materiale med ulike strukturar og teksturar på alle seks sider. Oppdeling: Sjå skisse.
Tenkjer meg pr. i dag kryssfiner på eine langveggen, reiskapsbehandla (v-jern) furu for å gje illusjon av bordkledning på andre langveggen, "rekved" på eine kortveggen og gjerne endeskiver av einer på andre kortveggen. Lokket blir av plexiglas.
Eg tenkjer såleis at sjølve kassa / eska har ein funksjon i presentasjonen.
Langs eine langveggen er det plass til ei eller fleire presentasjonsplater som skal ha samtidig plass til fire kvadratiske teksturprøver på ca. 12x12 cm eller der omkring(som altså heng "på spikar" for å kunne variere mellom prøvene. Denne presentasjonsplata er ca. 60cm lang for lett å kunne montere den på gipsvegg som eit "fast" dekorasjonselement. I presentasjonen lagar eg eit kvadratisk hol på ca.10x10 for å kunne vise dei transparente prøvene.
Eg trur eit slikt materialbibliotek for mellomtrinnet, bør vere enkelt og gje døme på materialprøvar som elevane kan velje ut frå kunnskap og tankar om funksjon og dekor.
Når det gjeld kategorien tre, har eg på mellomtrinnet lyst til å vise og undervise om forskjellen mellom fire av dei lettast tigjengelege treslaga våre, furu, gran, bjørk og einer,- i arkitektursamanheng. Difor vil eg ha med alle desse fire tresortane som ein start i trekategorien. Eg vel vidare å gje nokre fleire døme på materialprøver av einer. Dette gjer eg for å vise eit eksempel på ulik bruk i høve bearbeiding av eit materiale. Valet av einer til denne eksemplifiseringa er gjort på grunn av lokalt lett tilgjenge på kraftig og tørr einestaur, - lett å bearbeide også på detaljnivå (seig og sterk) og med ein "passeleg" fin trestruktur som er grei å bruke i modellsamanheng. Og ikkje minst er den eit glimrande døme på at når det gjeld bruk og oppleving av teksturar, brukar vi mange sansar: Lukta av einer, gjev velvære i sinnet!
På ungdomsskulen eller vgs ville eg nok ha konsentrert meg om berre eit treslag for å eksemplifisere ulike bruksmåtar ut frå val av teksturbearbeiding / ikkje bearbeiding av dette eine treslaget.




torsdag 18. mars 2010

Leksjon 3. oppgåve 2


Trefuturistiske bygningskroppar. Hovudform: 8x8x13 cm. Trekke ut og legge til enkle tilleggsformer som er mindre enn hovudforma. A3-format.

Leksjon 3, oppgåve 4


Topunktsperspektiv med høg horisontlinje. Teikna på A3: Eit rett gateløp med hus på begge sider av gata. Frihand med linjal til hjelpeliner og støtte på sjølve teikninga.




Refleksjon: Dette var ei spennande og utfordrande oppgåve for ein urøynd. Husa på "mi" side av gata steig ikkje opp så lett som eg tenkte dei skulle gjere. Her er eit av utkasta mine.


Teikninga er scanna på kopimaskin på beste oppløysing. Likevel ein del detaljar som vart vekke undervegs.

Leksjon 3, oppgåve 3


Enkelt interiør. Sentralperspektiv. Frihand med hjelpelinjer

Leksjon 3, oppgåve 1b


Fyrstikkeske, topunktsperspektiv med låg horisontlinje. Frihand med hjelpelinjer

Leksjon 1, oppgåve 1a


Opa fyrstikkeske i topunktperspektiv, høg horisontlinje. Frihand med hjelpelinjer

torsdag 4. mars 2010

Utprøving i undervisning

Eg har arkitektur "på programmet" i mi 6./7.klasse no. Eg gav dei då ei tilpassa garasjeoppgåve der eg brukte same teikninga med same mål som vi fekk utdelt.

Elevane lagar no skisser før dei skal lage seg ei arbeidsteikning med bruk av målestokk, truleg 1:25. Seinare skal dei lage bustaden. Eg tenkte at dei kanskje kunne lage bygget som gruppearbeid, men, nei,- dei ville lage kvart sitt hus. Brukar då kryssfiner til botn, stenderverk i list, Biltema oppfyringspinnar til utvendig paneling mm. + papp, tapet,- ymse overflater inne. Her trengst det lim, mykje lim

Første to timane gjekk som ein røyk.

Leksjon 1, heimeoppgåve 4


Garasje, plan

Garasjen ser ut til å vere isolert bra (15cm vegger). Eg vel å utvide garasjen littegrann ved å ta vekk garasjeporten og kjøpe eit vinterhagesett (isolerte element) Før det har eg støypt golv på tilbygget og legg varmekablar i heile garasjen og sler på avrettingsmasse, legg parkett og set i gang med å setje inn fleire vindauge, samt dele av arealet i gang / vindfang, kjøkken, bad, soverom og stove. Alt blir litt lite, men stort nok også for eit lite studieår. Senga er på berre 120 cm,- også det stort nok når fruen kjem på besøk. Skap og møblar er heimelaga der standardmål ikkje er mogleg.

Stresslessen med skammel er plassert ved dei store skyvedørene og kan lett flyttast ut mot den fleksible vinterhagen. Denne er i lett demonterbare element. Praktisk i varme vårmånader og nødvendig for å få godkjent bruksendring på garasjen. Må seie eg er imponert over etat for bustadgodkjenning i Volda. Det ser ikkje ut til å vere nei i deira munn. Her skal eg nok trivast, - ei tid

Leksjon 1, heimeoppgåve 4


Garasje, fasade

Leksjon 1, Heimeoppgåve 4


Garasje, snitt

mandag 1. mars 2010

Arkitektur - Leksjon 1 - del av oppgåve 5

Etter 4. årstrinn skal elevane m.a. kunne planlegge og bygge modellar av hus og rom ved hjelp av digitale verktøy og enkle handverksteknikkarDei skal dessutan kunne teikne hus og rom sett rett ovanfrå, rett framanfrå og rett fra sida.

Etter 7. årstrinn skal elevane m.a. kunne byggje modellar av hus i målestokk med utgangspunkt i eigne arbeidsteikningar. Dei skal også få montere utstillingar og andre presentasjonar i ulike typar rom.Dei skal studere og vurdere ulike typar hus og bruken av desse i nærmiljøet.

I faga matematikk skal elevane etter kvart kunne bruke måleeiningar og målestokk rett. I norskfaget skal elevane kunne gjere greie for tankar og idéar skriftleg. Dei skal kunne skrive rapport over ein arbeidsprosess og utvikle fantasi og skaparevne.

I samfunnsfag og naturfag finn vi fagmål som går på lokal arkitektur og bruk av naturmateriale i ein skapingsprosess.

Det er innlysande at ei oppgåve liknande som ”garasjeoppgåva” vil vere medverkande til å kunne oppnå dei faglege måla. Spesielt trur eg det er svært lærerikt for elevane å jobbe med ”teori”, dvs. matematikk, norsksjangrar og handverksteknikk i samband med praktiske oppgåver som denne. Slike oppgåver gjev også sterkt rom for kreativitet og til øving i munnleg samtale om faglege problem.