Hornelandsvegen 23 - front

Etter opp og ned utallige trapper, inn og ut like mange hovuddører og tapte budrunder, har me endeleg funne draumehuset. Me enda opp i Hornelandsvegen på ein eigedom kalla «Soltun». Huset er frå 1957, men det er skifta både tak og vindauge siste åra. Den førre eigaren var snikkar og forskalingssnikkar – noko ein ser igjen i alle krikar og krokar. Her er det gjort grundig og presist handtverk! Huset er særs velholdt. Sjølv om interiørstandarden er frå 60- og 70-tal er det ikkje mykje å utsetje på det byggtekniske.

Oppussing

For tida held me på med kraftig oppussing av «Soltun», noko som innebærer at me diverre må ofra alle dei rosa taka og lilla listene.  Du kan følgje med på arbeidet her.