Nyhende

POLICY:  FAKTURERINGS- VERSUS BETALINGSGEBYR

Dei siste åra har ei rekke firma velta sine faktureringskostnader over på kundane, dette kalla for faktureringsgebyr, og vert frimodig nok gjort både på pairfaktura og e-postfaktura, det siste som ikkje krev papir, konvolutt eller porto. Offentleg sektor avviser dette kontant, men desse firma prøver praksisen mot andre private.

Rådgivande Agronomar AS praktiserer dette aldri overfor sine kundar.  Vi meiner at det ikkje er kunden sitt problem at vi treng å skrive faktura for å få inntekter.  Skulle det vere så gale, får vi og andre heller la vere å skrive faktura.

På denne bakgrunnen vedtok eigarane i Rådgivande Agronomar AS følgande i mars 2014: Våre leverandørar bør merke seg at eit kvart fakturagebyr vert møtt med eit like stort betalingsgebyr, og dette vert å kunngjere på heimesidene og i kommunikasjon med leverandørar.

LEVERANDØRREGISTER MD 2013

"Register over leverandørar av kalk, utstyr og tenester for kalking av vatn og vassdrag" er laga av Miljødirektoratet (MD) i Trondheim for at ein til ei kvar tid skal kunne gi ei oversikt over leverandørar av kalk, utstyr og tenester i samband med kalking av vatn og vassdrag. Her er også alle referansar til kalkdoseringsanlegg som er i drift.
Hos MD har ansvaret vore hos Hanne Hegseth og Marianne Olsen Reitaas i samarbeid med Karl-Jan Erstad i Rådgivande Agronomar AS.

OMYA har i 2013 samla alle sine norske verksemder under fellesnamnet OMYA Hustadmarmor AS. Norwegian Talc AS har vorte OMYA Hustadmarmor AS Knarrevik, og Hammerfall Dolomitt AS har tilsvarande vorte OMYA Hustadmarmor AS Hammerfall.

I 2013 omfattar registeret også silikatiske kalkingsmiddel (flytande natriumsilikat). Desse utgjer 2 produkt, Miljøsilikat 335 frå Franzefoss Miljøkalk AS og Krystazil 40 frå BIM Norway AS.

LEVERANDØRREGISTER MD 2013 er lagt ved som Acrobat Adobe-fil (348 kB).   Det er også lagt ut på heimesidene til Miljødirektoratet  både under Publikasjoner - Sortert på tema - Dyr og planter og under Publikasjoner, datert 04.02.2014.
Dersom nokon har problem med å laste ned denne rapporten - eller for øvrig ønsker tradisjonell rapport - kan ein få papirutgåve ved å ta kontakt med Miljødirektoratet.

Det kan vere feil i registeret. Før kjøp bør ein derfor kontrollere opplysningar mot varedeklarasjonen frå leverandøren, og det kan skje endringar i varedeklarasjonar i løpet av året, godkjent av MD etter nøyaktige vurderingar av kvalitet etter Kontrollordninga, samanhalde med produksjonskontroll hos kalkleverandørane.

PUBLIKASJON VASSDRAGSKALK 2012

ÅRSRAPPORTEN 2012 for Kontrollordninga for vassdragskalk under Direktoratet for naturforvaltning (DN) vart presentert i slutten av mai 2013, med omtale av offentlege kalkingstiltak for å redusere skadeverknaden av forsuring av vassdragsnaturen.

MoLab AS har hatt oppdraget med dette arbeidet f.o.m. året 2009, og ansvarleg ved dette laboratoriet har for 2012-utgåva vore vært Lars Kåre Andreassen.
Hos DN har ansvaret vore hos Hanne Hegseth i samarbeid med Karl-Jan Erstad i Rådgivande Agronomar AS.

Del I Omsetnadsstatistikk viser at 2012 har vore eit middels år for kalkinga med, med 38.579 tonn, tilsvarande 34.569 tonn målt som   kalsiumkarbonat-ekvivalentar.  Som vist over dei siste åra viser miljødata at surleiken i nedbøren har stabilisert eg etter jamn nedgang over ein periode på 10-15 år, og kalkforbruket er tett knytt til nedbørsrvariasjonar i nedslagsfelt for dei kalka vassdraga.   Kalkforbruket i 2012 var ganske nøyaktig på gjennomsnittet for dei 3 føregåande åra 2009-2011.
Litt kalk vert også nytta i private prosjekt som fell utanom denne statistikken.

Del II Kjemiske analysar viser at det i 2012 på nytt har vore påvist tilfelle av oksid/hydroksid. I motsetnad til 2007 og 2008, då det ikkje var påvist oksid/hydroksid i noko produkt i form av målt Aktiv CaO, var det funne svært mange i perioden 2009-2012, derav i 4 prøver i 2012 – 2 i Miljøkalk NK 3, 1 i Miljøkalk VK 3 og 1 i Miljøkalk Sa 3.  Dette skuldast truleg sementrestar i kalken, og det rettaarsmed mot dårleg reingjering av tankbilar før kalktransport.
Av andre parametrar vert Ca- og Mg-innhaldet samanhalde med NV-tal, tørrstoff mot deklarasjon, og volumvekt analyserer vi som ein viktig brukseigenskap. Siktekurver er viktige for løysingsevne.  Det har m.o.t. desse parametrane vore berre små avvik på kvalitet som vedkjem effektivitet av kalken.
Visse tungmetallnivå har utløyst alarm, med mange tilfelle av litt høge nivå for kvikksølv (Hg), koppar (Cu) og sink (Zn) i kalksteinsmjøl NK3, men denne ureine kalken vart trekt frå marknaden f.o.m. 01.07.2012, ved inngåing av nye Rammeavtale under DN. 

ÅRSRAPPORTEN 2012 er lagt ved som pdf-fil (Adobe Acrobat) (790 kB).
Han vert også lagt ut på heimesidene til Direktoratet for naturforvaltning, no Miljødirektoratet.
Dersom nokon har problem med å laste ned denne rapporten, kan ein få papirutgåve ved å ta kontakt med Rådgivande Agronomar AS eller Miljødirektoratet i Trondheim.

Vitskapleg prov for julenissen sin eksistens
Scientific evidence for the existence of Father Christmas
Rein wissenschaftlich gibt es den Weihnachtsmann

Det å vere julenisse og flygande reinsdyr er ei stor påkjenning, men juridisk kan eksistensen ikkje utelukkast.
To be Father Christmas and his flying reindeers is a burder not to sustain, but legally the existence can not be excluded.
Die Anforderungen Weihnachtsmann und seine fliegenden Rentiere zu sein scheinen unerträglich, aber juridisch ist die Existenz nicht ausgeschlossen.

Scientific analysis enclosed (in German) (pps file, 0,6 Mb)
(origin:
Gino Grasso 2003)

NGF-ekskursjon Devonfelt Sunnfjord 15.-16.09.2011

Norsk Geologisk Forening (NGF) arrangerte 2-dagars utferd til Kvamshesten under leiing av geolog Per Terje Osmundsen frå Norges Geologiske Undersøkelse (NGU), spesialist på Devonfelta frå eiga forsking og feltarbeid.  Ein rapport og fotomontasje kan lastast ned som pdf-fil Kvamshesten utferd 2011 (74 Mb).

LEVERANDØRREGISTER DN 2009

"Register over leverandørar av kalk, utstyr og tenester for kalking av vatn og vassdrag" er laga av Direktoratet for naturforvaltning (DN) for at ein til ei kvar tid skal kunne gi ei oversikt over leverandørar av kalk, utstyr og tenester i samband med kalking av vatn og vassdrag. Her er også alle referansar til kalkdoseringsanlegg som er i drift.
Hos DN har ansvaret vore hos Roar Asbjørn Lund og Jorunn Vikan Larsen i samarbeid med Karl-Jan Erstad i Rådgivande Agronomar AS.

Det er merkbare endringar i kalkmarknaden.  Nok eit firma har forsvunne - Glærum Kalksteinsgruve AS er lagt ned pr. 30.09.2009.

For øvrig har den største leverandøren, Franzefoss Miljøkalk AS, lagt om namnsetting og kodar for nesten alle sine produkt.

LEVERANDØRREGISTER DN 2009 er lagt ved som Acrobat Adobe-fil (343 kB).   Det vert også straks lagt ut på heimesidene til Direktoratet for naturforvaltning, både under Publikasjoner - Sortert på tema - Dyr og planter og under Publikasjoner (Annet) på Kalkingssida.
Dersom nokon har problem med å laste ned denne rapporten - eller for øvrig ønsker tradisjonell rapport - kan ein få papirutgåve ved å ta kontakt med Rådgivande Agronomar AS eller Direktoratet for naturforvaltning.

Det kan vere feil i registeret. Før kjøp bør ein derfor kontrollere opplysningar mot varedeklarasjonen frå leverandøren, og det kan skje endringar i varedeklarasjonar i løpet av året, godkjent av DN etter nøyaktige vurderingar av kvalitet etter Kontrollordninga, samanhalde med produksjonskontroll hos kalkleverandørane.

PUBLIKASJON VASSDRAGSKALK 2008

ÅRSRAPPORTEN 2008 for Kontrollordninga for vassdragskalk under Direktoratet for naturforvaltning (DN) vart presentert i midten av mai 2009, med omtale av offentlege kalkingstiltak for å redusere skadeverknaden av forsuring av vassdragsnaturen.

Eurofins Analycen AS har hatt oppdraget med dette arbeidet f.o.m. året 2005, og ansvarleg ved dette laboratoriet har for 2008-utgåva vore Jan Morten Edh.
Hos DN har ansvaret vore hos Roar Asbjørn Lund i samarbeid med Karl-Jan Erstad i Rådgivande Agronomar AS.

Del I Omsetnadsstatistikk viser at 2008 har vore eit toppår på kalkinga med, med 51.519 tonn, tilsvarande 43.588 tonn målt som   kalsiumkarbonat-ekvivalentar.  Andre miljødata tyder på at surleiken i nedbøren har stabilisert eg etter jamn nedgang over mange år, og 2008 har vore eit nedbørsrikt år som har drive opp kalkforbruket i dei kalka vassdraga.   Kalkforbruket har vore vel 10% over gjennomsnittet for dei 3 føregåande åra 2005-2007.
Litt kalk vert også nytta i private prosjekt som fell utanom denne statistikken.

Del II Kjemiske analysar viser at det i 2008 ikkje har vore påvist tilfelle av oksid/hydroksid.
Ca- og Mg-innhaldet vert samanhalde med NV-tal, tørrstoff mot deklarasjon, og volumvekt analyserer vi som ein viktig brukseigenskap. Siktekurver er viktige for løysingsevne.  Det har m.o.t. desse parametrane vore ein del avvik på kvalitet som vedkjem effektivitet av kalken. Visse tungmetallnivå har utløyst alarm, spesielt eit par tilfelle av litt høge nivå for  nikkel (Ni), koppar (Cu) og vanadium (V) i kalksteinsmjøl NK3, men overskridingane har vore få og små i 2008.  Vi følger også nøye nivå for kadmium (dansk korallkalk) og variasjonar i kvikksølv for to norske kalksteinsmjøl. Det kan verte aktuelt med inngrep om overskridingane vert vurdert som alvorlege.

ÅRSRAPPORTEN 2008 er lagt ved som pdf-fil (Adobe Acrobat) (509 kB).
Han vert også lagt ut på heimesidene til Direktoratet for naturforvaltning.
Dersom nokon har problem med å laste ned denne rapporten, kan ein få papirutgåve ved å ta kontakt med Rådgivande Agronomar AS eller DN.

LEVERANDØRREGISTER DN 2008

"Register over leverandørar av kalk, utstyr og tenester for kalking av vatn og vassdrag" er laga av Direktoratet for naturforvaltning (DN) for at ein til ei kvar tid skal kunne gi ei oversikt over leverandørar av kalk, utstyr og tenester i samband med kalking av vatn og vassdrag. Her er også alle referansar til kalkdoseringsanlegg som er i drift.
Hos DN har ansvaret vore hos Roar Asbjørn Lund og Jorunn Vikan Larsen i samarbeid med Karl-Jan Erstad i Rådgivande Agronomar AS.

Det er berre små omskifte på aktuelle leverandørar i høve til 2007, og etter ein overgangsperiode er det oppkjøpte og samanslåtte selskapet Boston Øgrey vorte til Boston AS. Det er faktisk ingen store endringar i eller direkte sletting av produkt i året som har gått. Derimot vil ein finne mindre endringar for kontaktpersonar og adresser.

LEVERANDØRREGISTER DN 2008 er lagt ved som Acrobat Adobe-fil (665 kB).   Det er også lagt ut på heimesidene til Direktoratet for naturforvaltning, både under Publikasjoner - Sortert på tema - Dyr og planter https://www.dirnat.no/content.ap?thisId=500037419&language=0 og under Publikasjoner (Annet) på Kalkingssida https://www.dirnat.no/content.ap?thisId=500030461.
Dersom nokon har problem med å laste ned denne rapporten - eller for øvrig ønsker tradisjonell rapport - kan ein få papirutgåve ved å ta kontakt med Rådgivande Agronomar AS eller Direktoratet for naturforvaltning.

Det kan vere feil i registeret. Før kjøp bør ein derfor kontrollere opplysningar mot varedeklarasjonen frå leverandøren, og det kan skje endringar i varedeklarasjonar i løpet av året, godkjent av DN etter nøyaktige vurderingar av kvalitet etter Kontrollordninga, samanhalde med produksjonskontroll hos kalkleverandørane.

RÅDGIVANDE AGRONOMAR AS
VÅR AVDELING PÅ FAGERNES

ValdresNæringshageSkiltrådAgr1red.jpg (34753 bytes)ValdresNæringshageSkiltrådAgr3redMinimum.jpg (29743 bytes)

 

 

 

 

 

Cand. agric. Helene Grøndalen har sidan juli 2007 vore etablert i Valdres næringshage, Fagernes.
Hennar spesialitet er landbruksbruksrådgiving innan gjødselplanlegging og kvalitetsstyring i landbruket.  Ta kontakt direkte med ho på tlf.
90782966 eller e-post helene.grondalen@raadgivande-agronomar.no

 

PUBLIKASJON VASSDRAGSKALK 2007

ÅRSRAPPORTEN 2007 for Kontrollordninga for vassdragskalk under Direktoratet for naturforvaltning (DN) vart presentert i byrjinga av mai 2008, med omtale av offentlege kalkingstiltak for å redusere skadeverknaden av forsuring av vassdragsnaturen.

Bioforsk Lab / Analycen AS har hatt oppdraget med dette arbeidet f.o.m. året 2005, og ansvarleg ved dette laboratoriet har for 2007-utgåva vore Jan Morten Edh.
Hos DN har ansvaret vore hos Steinar Sandøy i samarbeid med Karl-Jan Erstad i Rådgivande Agronomar AS.

Del I Omsetnadsstatistikk viser at vi har ein årlege svingingar i kalkforbruket frå 41.530 tonn i 2004 og 45.657 tonn i 2005 til 49.191 tonn i 2006, for så å falle litt ned til 44.096 tonn i 2007. Målt som tonn kalsiumkarbonat-ekvivalentar vert det eit fall frå 42.258 tonn i 2006 til 37.592 tonn  i 2007. Denne nedgangen er knytt til både litt mindre kalkforbruk på dei enkelte lokalitetane ved mindre surt vatn og etterverknad av tidlegare kalking, og til årsavariasjonar i nedbørsmengde.
I tillegg til desse kalkmengdene som er levert til DN som hovudkunde, har det i nokre av åra vorte brukt ein del hundre tonn i privatfinansierte prosjekt som ikkje er med i statistikken.

Del II Kjemiske analysar viser at det i 2007 ikkje har vore påvist tilfelle av oksid/hydroksid.
Ca- og Mg-innhaldet vert samanhalde med NV-tal, tørrstoff mot deklarasjon, og volumvekt analyserer vi som ein viktig brukseigenskap. Siktekurver er viktige for løysingsevne.  Det har m.o.t. desse parametrane vore ein del avvik på kvalitet som vedkjem effektivitet av kalken. Visse tungmetallnivå har utløyst alarm, spesielt eit par tilfelle av litt høge nivå for  nikkel (Ni) i kalksteinsmjøl NK3, og nytt av året er overskridingar for vanadium (V) i NK3, faktisk i 5 av 11 prøver.  Vi følger også nøye nivå for kadmium (dansk korallkalk) og variasjonar i kvikksølv for to norske kalksteinsmjøl. Det kan verte aktuelt med inngrep om overskridingane vert vurdert som alvorlege.

ÅRSRAPPORTEN 2007 er lagt ved som pdf-fil (Adobe Acrobat) (439 kB).
Han vert også lagt ut på heimesidene til Direktoratet for naturforvaltning.
Dersom nokon har problem med å laste ned denne rapporten, kan ein få papirutgåve ved å ta kontakt med Rådgivande Agronomar AS eller DN.

Fagføredrag Vefsna forsøksring 25.-27. feb. 2008

I veke 9 deltok Rådgivande Agronomar AS på fagmøte i regi av Vefsna forsøksring, i Bindal, på Vega, i Sømna og på årsmøte i Hattfjelldal.
Fagføredrag om landbrukskalking for Helgeland (4,2 Mb) og om jordmikrobiologi (3,3 Mb) ligg til fri nedlasting.

Trekolmile kan løyse ein del av CO2-problemet

"Kol i form av trekol i jorda held stand i titusentals år."
Kronikk om pyrolyseteknikk og kolfastlegging i Nationen 11.02.2008, pdf-fil til nedlasting.

Av Lars Hylander, Folke Günther og Karl-Jan Erstad

Maskinelt utstyr for pyrolyse er gitt som prinsippskisse.

 

LEVERANDØRREGISTER DN 2007

"Register over leverandørar av kalk, utstyr og tenester for kalking av vatn og vassdrag" er laga av Direktoratet for naturforvaltning (DN) for at ein til ei kvar tid skal kunne gi ei oversikt over leverandørar av kalk, utstyr og tenester i samband med kalking av vatn og vassdrag. Her er også alle referansar til kalkdoseringsanlegg som er i drift.
Hos DN har ansvaret vore hos Steinar Sandøy i samarbeid med Karl-Jan Erstad i Rådgivande Agronomar AS.

Det er nokre endringar frå året før. I 2007 er Steens Kalkverk AS kjøpt opp og vorte ein del av Franzefoss Miljøkalk AS, og Einar Øgrey Skjellsandindustri AS er kjøpt opp av Boston AS under namnet Øgrey Boston.

LEVERANDØRREGISTER DN 2007 er lagt ved som WORD2000-fil (1038 kB). Alternativt kan det last ned som REGISTER DN 2007 Adobe-format (158 kB). Det er også lagt ut på heimesidene til Direktoratet for naturforvaltning, både under Publikasjoner - Sortert på tema - Annet https://www.dirnat.no/content.ap?thisId=500033042&language=0 og på Kalkingssida https://www.dirnat.no/content.ap?thisId=500030461.
Dersom nokon har problem med å laste ned denne rapporten - eller for øvrig ønsker tradisjonell rapport - kan ein få papirutgåve ved å ta kontakt med Rådgivande Agronomar AS eller Direktoratet for naturforvaltning.

Det kan vere feil i registeret. Før kjøp bør ein derfor kontrollere opplysningar mot varedeklarasjonen frå leverandøren, og det kan skje endringar i varedeklarasjonar i løpet av året, godkjent av DN etter nøyaktige vurderingar av kvalitet etter Kontrollordninga, samanhalde med produksjonskontroll hos kalkleverandørane.

PUBLIKASJON VASSDRAGSKALK 2006

ÅRSRAPPORTEN 2006 for Kontrollordninga for vassdragskalk under Direktoratet for naturforvaltning (DN) vart presentert i slutten av april 2007, med omtale av offentlege kalkingstiltak for å redusere skadeverknaden av forsuring av vassdragsnaturen.

BIOFORSK Lab har hatt oppdraget med dette arbeidet f.o.m. året 2005, og ansvarleg ved dette laboratoriet har for 2006-utgåva vore Heidi Nordahl, Kim Johansen og Olve Frederichsen.
Hos DN har ansvaret vore hos Steinar Sandøy i samarbeid med Karl-Jan Erstad i Rådgivande Agronomar AS.

Del I Omsetnadsstatistikk viser at vi har ein merkbar oppgang i kalkforbruket frå 41.530 tonn i 2004 og 45.657 tonn i 2005 til 49.191 tonn i 2006:   Etter ein fallande tendens er vi tilbake på 2003-nivå. Målt som tonn kalsiumkarbonat-ekvivalentar vert det ein auke til 42.258 tonn i 2006, som også er i overkant av 41.833 tonn i 2003. Denne oppgangen er sterkt knytt til dei store nedbørsmengder i 2006. For øvrig er treng den enkelte lokaliteten til vanleg mindre kalk enn før, både grunna noko mindre sur nedbør og etterverknad i vassdrag av tidlegare tilført kalk, som så ligg som ein viss buffer i systemet.
I tillegg til desse kalkmengdene som er levert til DN som hovudkunde, har det i nokre av åra vorte brukt ein del hundre tonn i privatfinansierte prosjekt som ikkje er med i statistikken.

Del II Kjemiske analysar viser at det i 2006 har vore påvist ei rekke tilfelle av oksid/hydroksid i kalksteinsmjøl NK3 og i ein skipslast med kalksteinsmjøl VK3, og dette vert følgd opp av DN.
Ca- og Mg-innhaldet vert samanhalde med NV-tal, tørrstoff mot deklarasjon, og volumvekt analyserer vi som ein viktig brukseigenskap. Siktekurver er viktige for løysingsevne.  Det har m.o.t. desse parametrane vore ein del avvik på kvalitet som vedkjem effektivitet av kalken. Visse tungmetallnivå har utløyst alarm, spesielt eit par tilfelle av høge nivå for koppar (Cu) og nikkel (Ni) i kalksteinsmjøl NK3, og vi følger også nøye nivå for kadmium (dansk korallkalk) og variasjonar i kvikksølv for to norske kalksteinsmjøl. Det kan verte aktuelt med inngrep om overskridingane vert vurdert som alvorlege.

ÅRSRAPPORTEN 2006 er lagt ved som pdf-fil (Adobe Acrobat) (888 kB).
Han vert også lagt ut på heimesidene til Direktoratet for naturforvaltning.
Dersom nokon har problem med å laste ned denne rapporten, kan ein få papirutgåve ved å ta kontakt med Rådgivande Agronomar AS eller DN.

STOPP PRESS STOPP
HELENE GRØNDALEN - NY PARTNAR I VÅRT FIRMA AV FRIE RÅDGIVARAR

Cand. Agric. Helene Grøndalen har sine faglige kjerneområder innen husdyrfag, jord- og plantekultur. De viktigste arbeidsoppgavene i 2007
er gjødselplanlegging og KSL-revisjoner.
Sjå meir om Helene under Om oss.

RAPPORT KALKDOSERARKURS VOSS

I oktober 2005 heldt Direktoratet for naturforvaltning kurs for driftspersonell ved kalkdoseringsanlegg på Voss, med deltaking også av kalktransportørar og forvaltninga hos fylkesmennene i kalkingsfylka.

Foredrag og gruppearbeid er samla i ein eigen DN-rapport (intern serie), nummerert TE 1204, redigert av Karl-Jan Erstad.  Denne rapporten kan lastast ned som pdf-fil (2,64 Mb).  Alle deltakarar på kurset får tilsendt papirutgåve.

Rapporten er også å finne under Direktoratet for naturforvaltning, sjå https://www.dirnat.no/content.ap?thisId=500030461  Publikasjoner: Tema, Dyr og planter. Type, Annet.  Papirutgåve kan tingast hos DN.

SUVEREN SKJELLSAND FRAMLEIS I FJØRFEFÔR?

Skjellsand er i ferd med å forsvinne som kalsiumkjelde i kraftfôr til fjørfe. Det bør ikkje skje, av omsyn til kvaliteten i fjørfeproduksjonen. Bøndene bør presse på kraftfôrleverandørane sine, for å få dei til å halde fram med å bruke dette verdifulle norske råstoffet.

«Det å kutte skjellsand i fjørfefôr må det åtvarast mot, for val av varer som driftsmiddel til landbruket er ikkje berre eit kalkulator­stykke, men også i høg­ste grad kvalitet», skriv Karl-Jan Erstad.

Kronikk i Bondebladet nr. 20 av 18. mai 2006 for nedlasting (866 kB).

LEVERANDØRREGISTER DN 2006

"Register over leverandørar av kalk, utstyr og tenester for kalking av vatn og vassdrag" er laga av Direktoratet for naturforvaltning (DN) for at ein til ei kvar tid skal kunne gi ei oversikt over leverandørar av kalk, utstyr og tenester i samband med kalking av vatn og vassdrag. Her er også alle referansar til kalkdoseringsanlegg som er i drift.
Hos DN har ansvaret vore hos Steinar Sandøy i samarbeid med Karl-Jan Erstad i Rådgivande Agronomar AS.

Det er forholdsvis små endringar frå året før. I 2006 er ytterlegare eitt firma fjerna frå registeret - Hordaland Skjellsandtørkeri AS som gjekk konkurs på nyåret 2005.

LEVERANDØRREGISTER DN 2006 er lagt ved som WORD2000-fil (644 kB). Alternativt kan det last ned som REGISTER DN 2006 Adobe-format (930 kB). Det er også lagt ut på heimesidene til Direktoratet for naturforvaltning, under Publikasjoner - sortert på tema - Dyr og planter eller https://www.dirnat.no/wbch3.exe?ce=29434
Dersom nokon har problem med å laste ned denne rapporten - eller for øvrig ønsker tradisjonell rapport, kan ein få papirutgåve ved å ta kontakt med Rådgivande Agronomar AS eller Direktoratet for naturforvaltning.

Det kan vere feil i registeret. Før kjøp bør ein derfor kontrollere opplysningar mot varedeklarasjonen frå leverandøren, og det kan skje endringar i varedeklarasjonar i løpet av året, godkjent av DN etter nøyaktige vurderingar av kvalitet etter Kontrollordninga, samanhalde med produksjonskontroll hos kalkleverandørane. Oppdateringar vil skje fortløpande i denne utgåva på Internett.

PUBLIKASJON VASSDRAGSKALK 2005

ÅRSRAPPORTEN 2005 for Kontrollordninga for vassdragskalk under Direktoratet for naturforvaltning (DN) gir ei oversikt over dette aktivitetsområdet, der store offentlege summar vert sett inn i form av kalkingstiltak for å redusere skadeverknaden av forsuring av vassdragsnaturen.

BIOFORSK Lab har hatt oppdraget med dette arbeidet f.o.m. året 2005, og ansvarleg ved dette laboratoriet har for 2005-utgåva vore Heidi Nordahl, Kim Johansen og Olve Frederichsen.
Hos DN har ansvaret vore hos Steinar Sandøy i samarbeid med Karl-Jan Erstad i Rådgivande Agronomar AS.

Del I Omsetnadsstatistikk viser at vi har ein viss oppgang i kalkforbruket frå 41.530 tonn i 2004 til 45.657 tonn i 2005, etter ein tendens til merkbar reduksjon og fleire år. Målt som tonn kalsiumkarbonat-ekvivalentar vert det ein auke frå  36003 i 2004 til 38.684 i 2005. Denne oppgangen skuldast helst eit år med store nedbørsmengder, mens den enkelte lokaliteten til vanleg treng mindre kalk enn før, både grunna noko mindre sur nedbør og etterverknad i vassdrag av tidlegare tilført kalk, som så ligg som ein viss buffer i systemet.
I tillegg til desse kalkmengdene som er levert til DN som hovudkunde, har det i nokre av åra vorte brukt ein del hundre tonn i privatfinansierte prosjekt som ikkje er med i statistikken. Dette har vorte mindre i det siste.

Del II Kjemiske analysar viser at det i 2005 har vore påvist ei rekke tilfelle av oksid/hydroksid i kalksteinsmjøl NK3, og dette vert følgd opp av DN.
Ca- og Mg-innhaldet vert samanhalde med NV-tal, tørrstoff mot deklarasjon, og volumvekt analyserer vi som ein viktig brukseigenskap. Siktekurver er viktige for løysingsevne.  Det har m.o.t. desse parametrane vore ein del avvik på kvalitet som vedkjem effektivitet av kalken. Visse tungmetallnivå har utløyst alarm, spesielt ein markant auke i koppar (Cu) i kalksteinsmjøl NK3, og vi følger også nøye nivå for kadmium (dansk korallkalk) og variasjonar i kvikksølv for to norske kalksteinsmjøl. Det vert framleis arbeidd med å finne alternativ til denne nemnde korallkalken.

ÅRSRAPPORTEN 2005 er lagt ved som pdf-fil (Adobe Acrobat) (323 kB).
Han vert også lagt ut på heimesidene til Direktoratet for naturforvaltning.
Dersom nokon har problem med å laste ned denne rapporten, kan ein få papirutgåve ved å ta kontakt med Rådgivande Agronomar AS eller DN.

Noreg let EU og Tyskland styre
Karl-Jan Erstad, dr. scient, Korssund i Sunnfjord

Nationen, kronikk, torsdag 23. mars 2006

Nationen sette 20. mars fokus på ei dansk analyse som viste at EU styrer det overordna lovverket.  Dette er dels til liks med Noreg, men vi er mykje skuld i det sjølve, fordi vi let vere å møte i komiteane som EØS- og CEN-medlem.

- Last ned heile kronikken (162 kB).

GJØDSLING OG KALKING I EIT LYNGOMRÅDE I NOREG

K.- J. ERSTAD
Påfølgande skogkonferansen RESTORATION OF FOREST SOILS IN POLLUTED AREAS in Praha i mai 2004 kom denne publikasjonen ut i JOURNAL OF FOREST SCIENCE seinvinteren 2006.

SAMANDRAG PÅ NORSK
Rapporten tar føre seg verknad av kalking og gjødsling med fosfor og koppar på lyngdominert utmarksbeite ved Gjesdalsstølen i Jølster i perioden 1991-96.  Forsøksfeltet var innegjerda mot beiting.
Avlingsnivået for beiteplantar gjekk jamt opp over forsøksåra, og det var tendens til at aukande kalkmengder åleine og moderate kalkmengder i kombinasjon med råfosfat var hovudfaktorar bak dette.  P og Cu i plantane var sterkt påverka, og P-gjødsling og kalk separat auka P-opptaket, mens Cu-opptaket heng direkte saman med koppersulfatgjødsling.
Plantesamfunnet ga klar respons på tiltaka.  Blåtopp gjekk fram ved å dra nytte av mineralisert nitrogen.  Røsslyng gjekk tilbake, krekling og blokkebær var likesæle, blåbær ga negativ respons, mens tyttebær likte god næringstilgang.
Beitegraset smyle gjekk fram, mens finnskjegg stod under sterk konkurranse og hadde ikkje fordel av næringstilgangen.
Mose- og lavvekst gjekk gradvis tilbake under allsidig kalk- og gjødselpåverknad.
Jordsmonnet, jernhumuspodsol, reagerte voldsomt på tiltaka.  Dei første og sterkaste endringane kom i strø- og råhumussjiktet (Ol og O), men ved vandring av kalk ned i underliggande sjikt E og Bsh endra jordkjemien slik at humus hengde att i utvaskingssjiktet E.  Jordsmonnet gjekk inn i ein brunjordssyklus.  Mg, K, og Na vart pressa bort av Ca.

Heile publikasjonen kan lastast ned som Adobe Acrobat-fil (253 kB), engelsk tekst med tsjekkisk samandrag.

RØYNEBERGSAND - BIOTITT AUKAR K-RESERVAR OG PLANTEOPPTAK - ENKLE FORSØKSFELT I FORSØKSRINGEN AGDER - FULL RAPPORT 2004-05
Publisert 20. januar 2006 
Artikkel i Økologisk Landbruk 8. februar 2006,
i Bondevennen 10. mars 2006
- og i Vestlandsk Landbruk 14. mars 2006

Feltforsøka med biotitthaldig Røynebergsand og organisk gjødsel (hovudsakleg husdyrgjødsel) til kaliumfattig økologisk dyrka eng på Agder er enkle demonstrasjons- og utprøvingsfelt.
I 2004 og 2005 oppstod det etter kvart synlege skilnader mellom rutene;  det reine 0-leddet (ugjødsla) viste svært låge avlingsnivå grunna direkte N-mangel, og dette kunne føre til abnorme kjemiske analyseverdiar p.g.a. misvekst.  Det var store variasjonar mellom felt m.o.t. til K-innhald i plantemateriale, men alt var innan normalvariasjon på 1,2-3,25 % K i tørrstoff.  Optimalområde er 2-3,5 % K, men først under 1 % K skal dette i seg sjølv utløyse dramatisk misvekst og visuell avlingssvikt.  I 2004 og utover i 2005 var det ein sterk og aukande tendens til større K-opptak på rutene tilført Røynebergsand.  For elementa Ca og til dels Mg var det også ein tendens til auka innhald i plantemateriale på samme rutene gjødsla med Røynebergsand, men denne var helst knytt til effekt av nyleg tilført mineralmateriale.

Effekten på jord av K i Røynebergsand har tiltatt ved gjentatt tilførsel i forsøksperioden, og det er i ferd med å bygge seg opp reservar i jorda etter fleire dosar tilført, årleg over 3 år.   Forsøket er av svært avgrensa omfang, derav knappe måledata, men i 2004 var det sterk tendens til effekt på jorda sitt innhald av både K-AL og K-HNO3, og f.o.m. våren 2005 var det statistisk sikre utslag for K-HNO3-nivå der 1 tonn/daa Røynebergsand var tilført årleg.  Det var ikkje påvist effektar på Ca- og Mg-AL-nivå i ordinære 0-20 cm jordprøver, men verknaden på planteinnhald skuldast truleg ein verknad i dei svært planteaktive øvre 1-2 cm av jorda.

Årsrapporten kan lastast ned her (WORD-format - 650 kB).

Artikkel i Økologisk Landbruk Nr. 1-2006 finst her som pdf-fil (180 kB),  frå Bondevennen Nr. 09/10 kan pdf-fil (765 kB) lastast ned her, og likeså frå Vestlandsk Landbruk Nr. 3-2006 ligg pdf-fil (676 kB) her.

Norsk Kalkforening

Geologisk skrift 2005

November 2005

2005 er eit jubileumsår for norsk geologi, og kalkbransjen har produsert eit geologisk skrift som omhandlar karbonatgeologi og omgjevnader hos verksemdene.

Rådgivande Agronomar AS har samla fagleg materiale og ført skriftet i pennen.  Papirutgåve kan ein tinge ved å ta kontakt med Norsk Kalkforening eller medlemsverksemdene i kalkbransjen.  Elektronisk versjon kan lastast ned her som Geologisk Skrift (pdf-fil, 5,6 MB - høgreklikk og velg "Lagre mål som"). 

Noreg kuttar europeisk standardiseriering og lovgiving

Månadsskiftet september-oktober 2005 har vore merka av artiklar i Nationen om europeisk lovgiving og standardisering.

Første artikkel 28. september hadde fokus på tysk og norsk lovgiving (pdf-fil, 115 kB).  Noreg overtar vel 17% av lovene våre gjennom EØS-avtalen, men når Tyskland overtar om lag 80%, så er det kanskje tyskarane som har utforma dei likevel?

Den andre artikkelen 4. oktober med vekt på standardiseringa (pdf-fil, 78 kB) påpeiker at Noreg kan vere med på å lage mykje av reglane landet får i hovudet gjennom EØS-avtalen. No kuttar Mattilsynet ned på norsk deltaking for å spare pengar.  Mattilsynet meiner at ein ikkje veit om ein får valuta for pengane, men følger etaten med på fagområda?

Direktør Kristina Landsverk tykkjer ikkje at Mattilsynet har fått svar frå Standard Norge som godtgjer at Mattilsynet får valuta for pengane, og vil prioritere andre oppgåver, som t.d. faren for fugleinfluensaepidemi.  Karl-Jan Erstad, Rådgivande Agronomar AS, har svart på dette i replikk (pdf-fil, 163 kB) 7. oktober.

Noreg vanskjøttar seg sjølv
Karl-Jan Erstad, dr. scient, Korssund i Sunnfjord

Dag og Tid, laurdag 3. september 2005

I jubileumsåret er det tydeleg at Noreg ikkje er hendt til å styre seg sjølv, og nokre av oss ser det som mest framtidsretta å slutte seg til eit anna, solid land med orden i sysakene.

   Heile artikkelen (Word-dokument - faksimile)


 



Forsøk i Nordfjord forsøksring og Indre Sogn Forsøksring 2002-04

OLIVIN I FLEIRÅRSDOSE
GJØDSLING AV ENG I BREDALFØRE
I SOGN OG FJORDANE
3. OG SISTE FORSØKSÅR 2004
AVLINGAR OG KJEMISK INNHALD
Publisert 05. april 2005

Forsøksfelta på kaliumrik jord oppunder Jostedalsbreen, i høvesvis Myklebustdalen i Gloppen og Fjærland i Sogndal kommune, var lagt ut i år 2002.  Det var samansette forsøk der fullgjødsel 25-2-6 og 18-3-15 var prøvd ut saman med svovelkalksalpeter, til 2. slått i kombinasjonar med Hydro-KAS, og i tillegg var det tilført olivinmjøl til 3 ledd.  I 2002 var mengdene olivinmjøl 20 og 40 kg/daa, så i 2003 auka til det tidoble som fleirårsdose.
I 2004 til liks med i 2003 var det statistisk sikre utslag for magnesium i plantetørrstoff ved dei auka mengdene av olivinmjøl, og dette kom på toppen av lettløyseleg Mg i fullgjødsel.

Ledd som var tilført svovelkalksalpeter eller Hydro-KAS, viste tendens til auka Ca-nivå, og det var mest klart ved 2. slåtten.  K-innhaldet i plantetørrstoff var ganske stabilt ved 1. slått, men ved 2. slått gav ekstra K i fullgjødsel signifikant auka opptak og framviste antagonisme mot Ca og Mg.
P viste ikkje utslag på forsøksledd, men derimot mellom forsøksfelta, særleg sterkt ved 2. slått.  P-innhaldet i avlinga var høgast i Myklebustdalen.
Svovelkalksalpeter og fullgjødsel gitt også til 2. slåtten var nødvendig for å halde opp S-forsyninga til plantane gjennom heile vekstsesongen. 

Helst klimatiske faktorar gjorde at det var avlingsskilnader mellom felta knytt til gjødsling.  Fjærland har meir innlandspreg, og det var sikkert større utvaskingstap i Myklebustdalen.  Skilnadane mellom ledd var små i Fjærland, mens vi i Myklebustdalen hadde avlingsdepresjon for ledd med berre husdyrgjødsel, og vi fann signifikante nedgang ved 1. slått også for nokre ubalanserte gjødslingar med mineralgjødsel.


Heile Årsrapporten for nedlasting i WORD-format (1,66 Mb) eller i ZIP-format (0,87 Mb).


Forsøk i Vefsna forsøksring 2004

Effekten av åtingsmiddel på snø 

I eit forsøksfelt i Hattfjelldal på Indre Helgeland vårvinteren 2004 vart åtingsmidla Oddakalk, Norstone Røynebergsand, Norstone Røynebergstøv,  Hammerfall Myldedolomitt og Visnes Eklogittstøv utprøvd i mengdene 30, 60, 90 og 180 kg/daa. Beste åtingseffekten hadde Oddakalk, som no er ute av produksjon. Nest best var Røynebergstøv, mens Hammerfall Myldedolomitt, Røynebergsand og Visnes Eklogittstøv kom litt bak.

Publikasjonar for nedlasting:
Artikkel i Vestlandsk Landbruk, mars 2005 (pdf-fil 3,45 Mb)
Artikkel i Norden, oktober 2004 (pdf-fil 0,46 Mb)
Heile Forsøksrapporten (3,5 Mb), med fotomateriell, grafikk og statistiske data, kan lastast ned i WORD-ZIP-format her - evt. i direkte WORD-format (antivirus-program kan stoppe *.doc-nedlasting).

LEVERANDØRREGISTER DN 2005

"Register over leverandørar av kalk, utstyr og tenester for kalking av vatn og vassdrag" er laga av Direktoratet for naturforvaltning (DN) for at ein til ei kvar tid skal kunne gi ei oversikt over leverandørar av kalk, utstyr og tenester i samband med kalking av vatn og vassdrag. Her er også alle referansar til kalkdoseringsanlegg som er i drift.
Hos DN har ansvaret vore hos Steinar Sandøy i samarbeid med Karl-Jan Erstad i Rådgivande Agronomar AS.

I 2001 innførte vi ein ny tabell E. Denne gir oversikt over finmalne kalktypar med momentanløysingsdata (reaktivitet). Dette er data som trengst ved bruk av simulerings-modell for å rangere kalkprodukt mot kvarandre, ikkje minst ved val av kalktype i prosjekt.
I 2003 er dette ytterlegare bygd ut med overdoseringsdata. I 2004 er det berre gjort mindre rettingar i løpande data m.o.t. produktspesfikasjonar og leverandørar, kontaktpersonar, adresser og telefonar. I 2005 er så langt eitt firma fjerna frå registeret - Korall AS som gjekk konkurs sommaren før.

LEVERANDØRREGISTER DN 2005 er lagt ved som WORD2000-fil (626 kB). Alternativt kan det last ned som REGISTER DN 2005 Adobe-format (205 kB). Det er også lagt ut på heimesidene til Direktoratet for naturforvaltning, under Publikasjoner - sortert på tema - Dyr og planter eller https://www.dirnat.no/wbch3.exe?ce=19274.
Dersom nokon har problem med å laste ned denne rapporten - eller for øvrig ønsker tradisjonell rapport, kan ein få papirutgåve ved å ta kontakt med Rådgivande Agronomar AS eller Direktoratet for naturforvaltning.

Det kan vere feil i registeret. Før kjøp bør ein derfor kontrollere opplysningar mot varedeklarasjonen frå leverandøren, og det kan skje endringar i varedeklarasjonar i løpet av året, godkjent av DN etter nøyaktige vurderingar av kvalitet etter Kontrollordninga, samanhalde med produksjonskontroll hos kalkleverandørane. Oppdateringar vil skje fortløpande i denne utgåva på Internett.

PUBLIKASJON VASSDRAGSKALK 2004

ÅRSRAPPORTEN 2004 for Kontrollordninga for vassdragskalk under Direktoratet for naturforvaltning (DN) gir ei oversikt over dette aktivitetsområdet, der store offentlege summar vert sett inn i form av kalkingstiltak for å redusere skadeverknaden av forsuring av vassdragsnaturen.

WEST LAB Services AS har hatt oppdraget med dette arbeidet for siste rullerande 4-års-periode 2001-2004, og ansvarleg ved dette laboratoriet har for 2004-utgåva vore Åse Jorunn Tjelta.
Hos DN har ansvaret vore hos Steinar Sandøy i samarbeid med Karl-Jan Erstad i Rådgivande Agronomar AS.

Del I Omsetnadsstatistikk viser at vi har ein markant nedgang i kalkforbruket frå 61.035 tonn i 2001 til 48.507 tonn i 2002, og så ein svak oppgang att til 49.354 tonn i 2003, med ein ny nedgang til 41.530 tonn i 2004. Målt som tonn kalsiumkarbonat-ekvivalentar vert det ein nedgang frå 54.118 i 2001, til 42.089 i 2002, 41.833 tonn i 2003, og til 36.003 tonn i 2004. Året 2000 var eit meir ekstremt år enn 2001 når det galdt nedbørsmengder og -mønster, og 2002 var eit direkte tørrår. Lågare løyvingar til kalking dei siste åra har også gjort seg gjeldande.
I tillegg til desse kalkmengdene som er levert til DN som hovudkunde, har det i nokre av åra vorte brukt ein del hundre tonn i privatfinansierte prosjekt som ikkje er med i statistikken. Dette har vorte mindre i det siste.

Del II Kjemiske analysar viser at det i 2004 ikkje har vore påvist oksid/hydroksid i noka kalkvare.
Ca- og Mg-innhaldet vert samanhalde med NV-tal, tørrstoff mot deklarasjon, og volumvekt analyserer vi som ein viktig brukseigenskap. Siktekurver er viktige for løysingsevne.   Det har m.o.t. desse parametrane vore ein del avvik på kvalitet som vedkjem effektivitet av kalken, mens tungmetallforhold som vedrører miljøkrav (kvikksølv) har ikkje vore urovekkande dette året. Som tidlegare har vi eit kjent unntak for dansk korallkalk (konstant høgt kadmiumnivå) som vert brukt i t.d. Akershus enkelte av åra (gytesubstrat). Det vert framleis arbeidd med å finne alternativ til denne korallkalken.

ÅRSRAPPORTEN 2004 er lagt ved som pdf-fil (Adobe Acrobat) (944 kB).
Han vert også lagt ut på heimesidene til Direktoratet for naturforvaltning.
Dersom nokon har problem med å laste ned denne rapporten, kan ein få papirutgåve ved å ta kontakt med Rådgivande Agronomar AS eller DN.

KONFERANSE FÖRSURNING OCH KALKNING 2004 FOTOKAVALKADE FRÅ UMEÅ 07.-09. SEPTEMBER

Naturvårdsverket og Direktoratet for Naturforvaltning (DN) arrangerte Svensk/norsk forsurings- og kalkingskonferanse i Umeå over 3 dagar i september. Plenumsføredrag og -debattar (0,75 Mb) var oppdaterte på trongen av framhald i kalking trass i utsleppsreduksjonar, grunna overskriding av tolegrenser og langvarig påkjenning av jord-vatn-systemet. Posters og workshops var godt organiserte.
Utferder viste fleire aktuelle tema i Västerbottens Län: Biologisk rehabilitering, bru- og tunnelkonstruksjonar, helikopterkalking med ulike produkt ved terrengkalking utført av Nordkalk AB (0,9 Mb) og Svenska Mineral AB (1,1 Mb), tilpassing av bekkekalking, uheldig kalking i ombrogene kvitmosemyrar (1,2 Mb), og bormangel i skog (1,7 Mb) (furu og bjørk) etter ekstreme dosar av kalk. Spesielt å sjå for oss nordmenn var også dominansen av finnmarkspors (1,4 Mb) i barskogen.

Arrangementet oppviste svært god organisering i regi av Naturvårdsverket og Västerbottens Län. Noreg i regi av DN er vertskap for den neste konferansen i 2006.

International conference

RESTORATION OF FOREST SOILS IN POLLUTED AREAS

26 – 28 May, 2004

Prague, Czech Republic

Samandrag frå den internasjonale konferansen

Generelt har det atmosfæriske nedfallet av SO2 til skogøkosystemet vorte redusert gjennom siste tiåret, men nedfallet av NOx and NHx har ikkje endra seg.

Trugsmålet frå stor jordsurleik mot jordprosessane varer ved. Dette krev særlege tiltak for å forbetre jorda ved å tilføre kalk eller alternative kalkingsmiddel.

Detaljar frå observasjonane og merknadene frå konferansen, som gitt under, kan studerast i vedlagte samandragsdokument (på engelsk).

  1. Dagssituasjonen for jordforsuring i Europa and USA og omfanget av problemet som miljøtema og i forhold til økonomiske tap.
  2. Kva er sjansane for mottiltak i skog og andre landskapstypar, og i tilstøytande økosystem?
  3. Tilrådingar for – og framtidige forskingstema – vedrørande vitskap, skogforvaltning, og for politikk og administrasjon.

For øvrig vil alle vitskaplege dokument frå konferansen ganske snart verte publisert i Journal of Forest Sciences (Praha).

EFFEKTIVE ÅTINGSMIDDEL PÅ SNØ I VEFSNA
Publisert 09. juli 2004

I eit forsøksfelt i Hattfjelldal vårvinteren 2004 vart åtingsmidla Oddakalk, Norstone Røynebergsand, Norstone Røynebergstøv, Hammerfall Myldedolomitt og Visnes Eklogittstøv utprøvd i mengdene 30, 60, 90 og 180 kg/daa. Beste åtingseffekten hadde Oddakalk, som no er ute av produksjon. Nest best var Røynebergstøv, mens Hammerfall Myldedolomitt, Røynebergsand og Visnes Eklogittstøv kom litt bak. Det var ingen samspel mellom åtingsmiddel og brukt mengde, d.v.s. åtingsmidla hadde parallelle løp, med raskare verknad til meir ein tilførte. Unntaket var for Oddakalk, der ein ved 50%-avtining (halv avsmelting) vann lite med å ha auka mengdene. Sjølv små mengder førte til rask avtining i starten, mens det var ein mengdeeffekt på avtining på siste resten.

Heile Forsøksrapporten (3,5 Mb), med fotomateriell, grafikk og statistiske data, kan lastast ned i WORD-ZIP-format her - evt. i direkte WORD-format (antivirus-program kan stoppe *.doc-nedlasting).

PUBLIKASJON VASSDRAGSKALK 2003

ÅRSRAPPORTEN 2003 for Kontrollordninga for vassdragskalk under Direktoratet for naturforvaltning (DN) gir ei oversikt over dette aktivitetsområdet, der store offentlege summar vert sett inn i form av kalkingstiltak for å redusere skadeverknaden av forsuring av vassdragsnaturen.

WEST LAB Services AS har hatt oppdraget med dette arbeidet for siste rullerande 4-års-periode 2000-2003, og ansvarleg ved dette laboratoriet har for 2003-utgåva vore Åse Jorunn Tjelta.
Hos DN har ansvaret vore hos Steinar Sandøy i samarbeid med Karl-Jan Erstad i Rådgivande Agronomar AS.

Del I Omsetnadsstatistikk viser at vi har ein markant nedgang i kalkforbruket frå ein topp på 69.091 tonn kalk i år 2000, 61.035 tonn i 2001, til 48.507 tonn i 2002, og så ein svak oppgang att til 49.354 tonn i 2003. Målt som tonn kalsiumkarbonat-ekvivalentar vert det ein nedgang frå 60.076 i 2000, 54.118 i 2001, 42.089 i 2002 og til 41.833 tonn i 2003. Året 2000 var eit meir ekstremt år enn 2001 når det galdt nedbørsmengder og -mønster, og 2002 var eit direkte tørrår. Lågare løyvingar til kalking gjer seg også gjeldande no.
I tillegg til desse kalkmengdene som er levert til DN som hovudkunde, har det i nokre av åra vorte brukt ein del hundre tonn i privatfinansierte prosjekt som ikkje er med i statistikken.

Del II Kjemiske analysar viser at det i 2003 ikkje har vore påvist oksid/hydroksid i noka kalkvare.
Ca- og Mg-innhaldet vert samanhalde med NV-tal, tørrstoff mot deklarasjon, og volumvekt analyserer vi som ein viktig brukseigenskap. Det har vore eitt avvik frå gjeldande krav til tungmetallinnhald dette året - ein alarm på kvikksølv for kalksteinsmjøl VK3. Vidare har vi eit kjent unntak for dansk korallkalk (konstant høgt kadmiumnivå) som vert brukt i t.d. Akershus enkelte av åra (gytesubstrat). Det vert arbeidd med å finne alternativ til denne korallkalken.

ÅRSRAPPORTEN 2003 er lagt ved som pdf-fil (Adobe Acrobat) (850 kB).
Han vert også lagt ut på heimesidene til Direktoratet for naturforvaltning.
Dersom nokon har problem med å laste ned denne rapporten, kan ein få papirutgåve ved å ta kontakt med Rådgivande Agronomar AS eller DN.

LEVERANDØRREGISTER DN 2004

"Register over leverandørar av kalk, utstyr og tenester for kalking av vatn og vassdrag" er laga av Direktoratet for naturforvaltning (DN) for at ein til ei kvar tid skal kunne gi ei oversikt over leverandørar av kalk, utstyr og tenester i samband med kalking av vatn og vassdrag. Her er også alle referansar til kalkdoseringsanlegg som er i drift.
Hos DN har ansvaret vore hos Steinar Sandøy i samarbeid med Karl-Jan Erstad i Rådgivande Agronomar AS.

I 2001 innførte vi ein ny tabell E. Denne gir oversikt over finmalne kalktypar med momentanløysingsdata (reaktivitet). Dette er data som trengst ved bruk av simulerings-modell for å rangere kalkprodukt mot kvarandre, ikkje minst ved val av kalktype i prosjekt.
I 2003 er dette ytterlegare bygd ut med overdoseringsdata. I 2004 er det berre gjort mindre rettingar i løpande data m.o.t. produktspesfikasjonar og leverandørar, kontaktpersonar, adresser og telefonar.

LEVERANDØRREGISTER DN 2004 er lagt ved som WORD97-fil.
Alternativt kan det last ned som REGISTER DN 2004 Adobe-format. Han vert også lagt ut på heimesidene til Direktoratet for naturforvaltning.
Dersom nokon har problem med å laste ned denne rapporten - eller for øvrig ønsker tradisjonell rapport, kan ein få papirutgåve ved å ta kontakt med Rådgivande Agronomar AS eller Direktoratet for naturforvaltning.

Det kan vere feil i registeret. Før kjøp bør ein derfor kontrollere opplysningar mot varedeklarasjonen frå leverandøren, og det kan skje endringar i varedeklarasjonar i løpet av året, godkjent av DN etter nøyaktige vurderingar av kvalitet etter Kontrollordninga, samanhalde med produksjonskontroll hos kalkleverandørane. Oppdateringar vil skje fortløpande i denne utgåva på Internett.

OLIVIN I FLEIRÅRSDOSE
GJØDSLING AV ENG I BREDALFØRE
I SOGN OG FJORDANE
2. FORSØKSÅR 2003
AVLINGAR OG KJEMISK INNHALD
Publisert 13. april 2004

Forsøksfelta på kaliumrik jord oppunder Jostedalsbreen, i høvesvis Myklebustdalen i Gloppen og Fjærland i Sogndal kommune, var lagt ut i år 2002. Det var samansette forsøk der fullgjødsel 25-2-6 og 18-3-15 var prøvd ut saman med svovelkalksalpeter, til 2. slått i kombinasjonar med Hydro-KAS, og i tillegg var det tilført olivinmjøl til 3 ledd. I 2002 var mengdene olivinmjøl 20 og 40 kg/daa, så i 2003 auka til det tidoble som fleirårsdose.
I 2003 var det statistisk sikre utslag for magnesium i plantetørrstoff ved dei auka mengdene av olivinmjøl, og dette kom på toppen av lettløyseleg Mg i fullgjødsel.
Ledd som var tilført svovelkalksalpeter, viste tendens til auka Ca-nivå, og det var mest klart ved 2. slåtten. K-innhaldet i plantetørrstoff var ganske stabilt, men ekstra K i fullgjødsel viste antagonisme mot Ca og Mg.
Svovelkalksalpeter og fullgjødsel gitt også til 2. slåtten var nødvendig for å halde opp S-forsyninga til plantane gjennom heile vekstsesongen.
Med unntak av den markerte avlingsnedgangen på leddet med berre husdyrgjødsel var det små skilnader i sjølve avlingsnivået.

Heile Årsrapporten (2,15 Mb) for nedlasting i WORD-format, artikkel i Vestlandsk landbruk april 2004 (317 Kb) for nedlasting i pdf-format.


RØYNEBERGSAND - BIOTITT AUKAR K-RESERVAR I JORD
ENKLE FORSØKSFELT I FORSØKSRINGEN AGDER
Publisert 02. februar 2004

Feltforsøka med biotitthaldig Røynebergsand og husdyrgjødsel til kaliumfattig økologisk dyrka eng på Agder er enkle demonstrasjons- og utprøvingsfelt i samarbeid med Forsøksringen Agder - økologisk landbruk (FAg).
I 2003 var det ikkje synlege skilnader mellom rutene, men det skal ein heller ikkje vente å observere før ekstreme tilstandar oppstår. Det var store variasjonar mellom felt m.o.t. til K-innhald i plantemateriale, men alt var innan normalvariasjon på 1,2-3,25 % K i tørrstoff. Optimalområde er 2-3,5 % K, men først under 1 % K skal vi vente dramatisk misvekst og visuell avlingssvikt. For andre element som var analysert (Ca, Mg, Na, P og S) var det ingen tendensar.
For dei fleste jordanalyseparametrar var det heller ingen utslag for tilførte gjødselmiddel, likevel med viktig unntak for K-HNO3-tal. Her var det for alle 3 felt tydeleg at Røynebergsand ga ein markant auke i reservar for langsiktig plantetilgjengleg kalium.
Årsrapporten kan lastast ned her (WORD-format - ca. 143 kB).

NYTT ÅTINGSMIDDEL - EKLOGITTSTØV
Publisert Vestlandsk Landbruk 20. januar 2004

Landbruket er inne i ein dvale for planteproduksjonen, og i daldrag og fjellbygder ligg snøen ganske stabilt. Men bøndene planlegg utgangen av vinteren og påskunding av våren. For mange har åting på snøen og perforering av is mot isbrann ein fast plass i driftsopplegget. Oddakalken er no borte, og vi ser oss om etter alternativ. Eklogittstøv er eit aktuelt og nytt åtingsmiddel i marknaden.
Heile artikkelen kan lastast ned her (pdf-format - ca. 3 Mb)

LEVERANDØRREGISTER DN 2003

"Register over leverandørar av kalk, utstyr og tenester for kalking av vatn og vassdrag" er laga av Direktoratet for naturforvaltning (DN) for at ein til ei kvar tid skal kunne gi ei oversikt over leverandørar av kalk, utstyr og tenester i samband med kalking av vatn og vassdrag. Her er også alle referansar til kalkdoseringsanlegg som er i drift.
Hos DN har ansvaret vore hos Steinar Sandøy i samarbeid med Karl-Jan Erstad i Rådgivande Agronomar AS.

I 2001 innførte vi ein ny tabell E. Denne gir oversikt over finmalne kalktypar med momentanløysingsdata (reaktivitet). Dette er data som trengst ved bruk av simulerings-modell for å rangere kalkprodukt mot kvarandre, ikkje minst ved val av kalktype i prosjekt.
I 2003 er dette ytterlegare bygd ut med overdoseringsdata.

For øvrig er det berre små omskifte på aktuelle leverandørar i høve til 2002, og det er i første rekke tatt ein kritisk gjennomgang av leverandørar av helikoptertenester. Nokre mindre leverandørar av doseringsanlegg og mergelbrønnar har også gått ut av marknaden.

LEVERANDØRREGISTER DN 2003 er lagt ved som WORD97-fil.
Alternativt kan det last ned som REGISTER DN 2003 Adobe-format. Han vert også lagt ut på heimesidene til Direktoratet for naturforvaltning.
Dersom nokon har problem med å laste ned denne rapporten - eller for øvrig ønsker tradisjonell rapport, kan ein få papirutgåve ved å ta kontakt med Rådgivande Agronomar AS eller Direktoratet for naturforvaltning.

Det kan vere feil i registeret. Før kjøp bør ein derfor kontrollere opplysningar mot varedeklarasjonen frå leverandøren, og det kan skje endringar i varedeklarasjonar i løpet av året, godkjent av DN etter nøyaktige vurderingar av kvalitet etter Kontrollordninga, samanhalde med produksjonskontroll hos kalkleverandørane. Oppdateringar vil skje fortløpande i denne utgåva på Internett.


RESTAURERING AV SKOGSJORD I FORUREINA OMRÅDE – 1. kunngjering og førespurnad om vitskaplege artiklar
Publisert 21. august 2003

I mai 2004 vil det verte arrangert ein forskingskonferanse ved Det tsjekkiske landbruksuniversitetet i Praha - Suchdol.
Dr. Jiri Kulhavy er ein av våre kollegaer sidan 1990, då vi arbeidde saman ved Noregs Landbrukshøgskole (Ås-NLH), og vi har sidan vitja han ved Mendeluniversitetet for landbruk og skogbruk i Brno. Han er no i organisasjonskomiteen for konferansen, mens dr. Karl-Jan Erstad (Rådgivande Agronomar AS) deltar i den vitskaplege komitéen. Konferansetema omfattar tiltak i forureina skogsjord, slik som kalking, gjødsling, andre basiske sambindingar (treaske m.m.), og vi håper det kan vere av interesse for Dykk.

Dette er første førespurnad om artiklar. Kanskje kan De delta med vitskaplege presentasjonar?
Førebels program kan lastast ned her som WORD-fil.
Seinare vil fullt program og eit nytt registreringsskjema verte kunngjort.

OLIVIN – GJØDSLING AV ENG I BREDALFØRE
I SOGN OG FJORDANE
1. FORSØKSÅR 2002
AVLINGAR OG KJEMISK INNHALD
Publisert 31. mars 2003

Prosjektet er eit samarbeid mellom Nordfjord Forsøksring, Indre Sogn forsøksring, AS Olivin i Åheim og Rådgivande Agronomar AS.
Dei 2 felta i Gloppen og Fjærland var lagt ut med husdyrgjødsel som grunngjødsling til liks med tilførsel på enga for øvrig. I tillegg vart det brukt fleire typar mineralgjødsel og mindre mengder olivinmjøl.

Det var tydelege effektar av kalsium ved tilførsel av svovelkalksalpeter, og av svovel ved samme gjødseltype og ved gjentatt bruk av 25-2-6. Det kunne ikkje påvisast sikre antagonistiske effektar mellom kalium, kalsium og magnesium gitt i gjødsel i denne forsøksserien. Men dei store reservane av K i jord utløyser i seg sjølv antagonisme, og fortrenging av Ca er her eit like stort problem som vi finn for Mg.

Olivinmjøl er ei sakteverkande Mg-kjelde, men til gjengjeld vil produktet gi lang tids verknad. Mengdene av olivinmjøl som her var tilført, var i minste laget, og dessutan vart det også samstundes tilført lettløyselege kjelder frå mineralgjødsel (i hovudsak som MgSO4), og dette dekka over effektane av olivinmjøl på kort sikt.

Feltet bør for dei kommande forsøksåra leggast om slik at dei sterke sidene for olivinmjøl kan vise sin styrke. Ledda med olivinmjøl må i 2003 tilførast 10 gongar så mykje som dei var tilført i 2002 (ein langsiktig Mg-tilførsel): Ledd d) og g) 200 kg/daa, og ledd e 400 kg/daa av olivinmjøl.

Olivinmjøl treng tid for å komme klart til sin rett, men vil så sikkert vare over fleire år.

Heile Årsrapporten Olivinmjøl til Eng i Bredalføre (2,15 Mb) for nedlasting i WORD-format.

PUBLIKASJON VASSDRAGSKALK 2002

ÅRSRAPPORTEN 2002 for Kontrollordninga for vassdragskalk under Direktoratet for naturforvaltning (DN) gir ei oversikt over dette aktivitetsområdet, der store offentlege summar vert sett inn i form av kalkingstiltak for å redusere skadeverknaden av forsuring av vassdragsnaturen.

WEST LAB Services AS har hatt oppdraget med dette arbeidet for 1999, 2000, 2001 og 2002, og ansvarleg ved dette laboratoriet har for 2002-utgåva vore Jane Elin Alterås.
Hos DN har ansvaret vore hos Steinar Sandøy i samarbeid med Karl-Jan Erstad i Rådgivande Agronomar AS.

Del I Omsetnadsstatistikk viser at vi har ein markant nedgang i kalkforbruket frå ein topp på 69.091 tonn kalk i år 2000, 61.035 tonn i 2001 og til 48.507 tonn i 2002, målt som tonn kalsiumkarbonat- ekvivalentar vert det frå 60.076 i 2000, 54.118 i 2001 og til 42.089 i 2002. Året 2000 var eit meir ekstremt år enn 2001 når det galdt nedbørsmengder og -mønster, og 2002 var eit direkte tørrår.
I tillegg til desse kalkmengdene som er levert til DN som hovudkunde, vert det brukt ein del hundre tonn i privatfinansierte prosjekt som ikkje er med i statistikken.

Del II Kjemiske analysar viser at det i 2002 ikkje har vore påvist oksid/hydroksid i noka kalkvare.
Ca- og Mg-innhaldet vert samanhalde med NV-tal, tørrstoff mot deklarasjon, og volumvekt analyserer vi som ein viktig brukseigenskap. Det har ikkje vore avvik frå gjeldande krav til tungmetallinnhald dette året, med kjent unntak for dansk korallkalk (konstant høgt kadmiumnivå) som vert brukt i t.d. Akershus enkelte av åra (gytesubstrat).

ÅRSRAPPORTEN 2002 er lagt ved som pdf-fil (Adobe Acrobat).
Han vert også lagt ut på heimesidene til Direktoratet for naturforvaltning.
Dersom nokon har problem med å laste ned denne rapporten, kan ein få papirutgåve ved å ta kontakt med Rådgivande Agronomar AS.

Tiur om sommeren
– Bruk av et urskogsreservat i Nordvest-Russland
Male capercaillie Tetrao urogallus in summer
Use of a pristine forest reserve in the Northwest of Russia
Av Håvard Bjordal og Christian Hillmann
Cand. agric. thesis 2002, Norges Landbrukshøgskole

Sommeren 2001 overvåket vi 23 radiomerkede tiurer Tetrao urogallus i perioden fra 16. juni til 4. august, i et urskogsområde i Nordvest-Russland.
Storfuglen er en fugl evolusjonært tilpasset et liv i sene suksesjonsstadier av skog (gammelskogen), og resultatene fra forskningen gir godt grunnlag for vurderinger i forvaltningen. Vi kan på en enklere måte diagnostisere den europeiske bestandsnedgangen av storfugl. Christian Hillmann arbeidde en periode i begynnelsen av 2000-tallet i Rådgivande Agronomar AS
Les heile sammendraget

DET 22. MØTET I CEN/TC260/WG3
KALKINGSMIDLER FOR LANDBRUKET
HOS PARTEK NORDKALK OY AB,
Hotel Hamburger Börs
TURKU, FINLAND
02.-03.09.2002

4 krevande tema var gjenstand for forhandlingar under dette møtet for europeisk standardisering i CEN/TC260/WG3, der Karl-Jan Erstad frå Rådgivande Agronomar AS møtte på vegne av norske interesser: Jordinkubasjon, Måling av kalktrong i jord, Syre-/baseverknad av mineralgjødsel og Minimumskrav til landbrukskalk (prEN 14069).

PUBLIKASJON VASSDRAGSKALK 2001

ÅRSRAPPORTEN 2001 for Kontrollordninga for vassdragskalk under Direktoratet for naturforvaltning (DN) gir ei oversikt over dette aktivitetsområdet, der store offentlege summar vert sett inn i form av kalkingstiltak for å redusere skadeverknaden av forsuring av vassdragsnaturen.

WEST LAB Services AS har hatt oppdraget med dette arbeidet for 1998, 1999, 2000 og 2001, og ansvarlege ved dette laboratoriet har for 2001-utgåva vore Håvard Olsen, Torbjørn Tyvold, Wenche Svingen og Jane Elin Alterås.
Hos DN har ansvaret vore hos Steinar Sandøy i samarbeid med Karl-Jan Erstad i Rådgivande Agronomar AS.

Del I Omsetnadsstatistikk viser at vi har ein liten nedgang i kalkforbruket frå ein topp på 69.091 tonn kalk i år 2000 til 61.035 tonn i 2001, målt som tonn kalsiumkarbonat-ekvivalentar vert det frå 60.076 i 2000 til 54.118 i 2001. Året 2000 var eit meir ekstremt år enn 2001 når det galdt nedbørsmengder og -mønster.
I tillegg til desse kalkmengdene som er levert til DN som hovudkunde, vert det brukt ein del hundre tonn i privatfinansierte prosjekt.

Del II Kjemiske analysar viser at det i 2001 ikkje har vore påvist oksid/hydroksid i noka kalkvare.
Ca- og Mg-innhaldet vert samanhalde med NV-tal, tørrstoff mot deklarasjon, og volumvekt analyserer vi som ein viktig brukseigenskap. Det har ikkje vore avvik frå gjeldande krav til tungmetallinnhald dette året, med kjent unntak for dansk korallkalk (konstant høgt kadmiumnivå).

ÅRSRAPPORTEN 2001 er lagt ved som pdf-fil (Adobe Acrobat).
Han vert også lagt ut på heimesidene til Direktoratet for naturforvaltning.
Dersom nokon har problem med å laste ned denne rapporten, kan ein få papirutgåve ved å ta kontakt med Rådgivande Agronomar AS.


TALE FOR 17. MAI I HELLEVIK 2002
Av Karl-Jan Erstad, Folkestad

Gode medborgarar: "Gratulerer med Grunnlovsdagen"

Først eit sitat av Storm P: "Jeg har nu min mening, og den holder jeg for meg selv."
Det er ei ære og ei tillit å verte beden om å halde tale på nasjonaldagen, og ved å verte tildelt ein talarstol kan eg tvert imot kvittere med spissformuleringa: "Hadde det å teie vore gull, så hadde eg vore blakk."
Det er fantastisk med vår norske nasjonaldag at han er samlande for heile folket, alle samfunnslag, barn og vaksne. Vi har ein ekte folkefest. Alle skal ha grunn til å føle seg vel til rette med feiringa, delta aktivt, gi oss identitet og nasjonalkjensle.

DET 21. MØTET I CEN/TC260/WG3
KALKINGSMIDLER FOR LANDBRUKET
HOS DIN (Deutsches Institut für Normung) – møterom 902,
Burggrafenstraße 6,
D-10787 BERLIN, TYSKLAND
29.-30.04.2002

3 tunge tema var gjenstand for diskusjon under dette møtet for europeisk standardisering i CEN/TC260/WG3, der Karl-Jan Erstad frå Rådgivande Agronomar AS møtte på vegne av norske interesser:

1. Jordinkubasjon
Det vart vedtatt at fransk og norsk metode skulle samordnast i ein felles standard, slik at vi fekk ein Metode A (fransk, kvalitativ) og ein Metode B (norsk, kvantitativ for effektivitet av kalkprodukt). Første standardutkast skal ligge føre innan utgangen av juni månad.

2. Måling av kalktrong i jord
Etter harde drøftingar gjekk arbeidsgruppa inn for å arbeide vidare med eit tysk framlegg til standard, eit ope og generelt rådgjevingsdokument. Den norske kjemiske metoden med Ba-acetat vart til sist avvist, også som arbeidsområde.

3. Syre-/baseverknad av mineralgjødsel
Omfattande diskusjonar enda med at ein berre vil måle kalkinnhald i mineralgjødsel ved enkel titrering (nøytraliserande verdi, ved utviding av bruksområde for NS-EN 12945). Frå norsk side finn vi dette svært utilfredsstillande, og er berre å sjå på som ei kvart sanning. Hovuddelen av pH-effektane er knytt til omdanning av gjødselnitrogen og fysiologisk syre- og kalkverknad av desse sambindingane. I tillegg har vi effektar av ionebytte på jordkolloid, kombinert med utvasking frå jord.

Neste møte i WG3 vert i Finland 02.-03. september, og på høgre nivå (TC260) i Brussel, Belgia, 04.-05. november 2002.

Fleire opplysningar om sakene kan innhentast frå Rådgivande Agronomar AS, Norsk Allmennstandardisering (v/Inger S. Jørgensen, Oslo), Norsk Kalkforening (v/Carl S. Østberg, Hamar) og Hydro Agri Norge (v/Torbjørn Legard, Porsgrunn).

RØYNEBERGSAND SOM KALIUMGJØDSEL
Av forskar Karl-Jan Erstad, Rådgivande Agronomar AS
Publisert i Økologisk Landbruk Nr. 2. april 2002
Røynebergsand frå Røyneberg Pukkverk (Norstone AS) på Sola på Jæren inneheld ca. 15% biotitt, som igjen gir 0,8% plantetilgjengleg K (kalium), målt som løyseleg i 1 M salpetersyre. I veksthusforsøk har Røynebergsand gitt god etterforsyning av kalium til 2. slått og god mineralbalanse i plantene. Lettløyseleg kalium i mineralgjødsel gir store svingingar i kaliuminnhaldet, og verkar fortrengande på andre mineral (antagonisme).

NY Mg-KALK MED OLIVINMJØL
Publisert i Vestlandsk Landbruk Nr. 2. 12.02.2002
Landbrukskalk er ofte ein viktig kjelde for magnesium til jord og plantar. Så langt har magnesium i kalk vore basert på dolomitt med magnesiumkarbonat - eller som felt magnesiumoksid. Men våren 2001 vart finmale olivinmjøl godkjent som magnesium- og jerngjødsel, enten brukt åleine eller blanda inn i andre kalkprodukt for landbruket.

OLIVINMJØL – MAGNESIUMGJØDSEL MED KALKVERKNAD
Publisert i Vestlandsk Landbruk Nr. 2. 06.02.2001
Olivin – ultramafisk mineral og bergart på Nordvestlandet – har fått fornya aktualitet som kjelde for magnesium og delvis jern i planteernæringa, og samtidig har den kalkverknad. Eit historisk tilbakeblikk, industri og landbruk i forandring gjennom 50 år, gir også utsyn til framtida.

EIT EVENTYR OM RETTFERD
Publisert i Norsk Landbruk Nr. 21. 22.11.2001
Dette eventyret handlar ikkje om å ha rett, men om å få rett. Det pene kjønnet er nøytralt til eigen lagnad, men tenk deg at det var Teiande Birgitte frå Halvard Flatland sitt TV Norge.

Debatt med Norsk Språkråd
SPRÅKRØKT: TSJEKKIA ELLER DEN TSJEKKISKE REPUBLIKKEN?
18.07.2001
Til informasjon om arbeidet med norsk språkrøkt og internasjonalt samkvem, politikk og historie, i diskusjon med Vigleik Leira i Norsk Språkråd i byrjinga av juli 2001. Rådgivande Agronomar AS er aktiv i europeisk standardiseringsarbeid og har faglege kontaktar i Den tsjekkiske republikken.

01.02.2000:
NYE EUROPEISKE STANDARDAR FOR LANDBRUKSKALK

Som kjent i kalkbransjen og den offentlege forvaltninga er Norsk Standard 2885 trekt i mars 1997, i tråd med norske plikter under CEN (Den europeiske standardiseringsorganisasjonen under EU, EFTA og Den tsjekkiske republikken). Ei rekke europeiske normer er no gjeldande for Noreg, og fleire er rett om hjørnet. Rådgivande Agronomar AS har utarbeidd utkast til nye forskrifter for landbrukskalk under Lov om gjødsel og jordforbedringsmidler m.m. av 1970, men ei lang høyringsrunde gjer at det tar tid før sakene er på plass. Dei ferdige europeiske standardane er likevel gjeldande for Noreg alt i dag. Ta kontakt med Statens Landbrukstilsyn eller Rådgivande Agronomar AS for rettleiing og hjelp.

09.12.99:
RAPPORT "RINGTEST PÅ ANALYSER AV VASSDRAGSKALK FOR DIREKTORATET FOR NATURFORVALTNNIG "

Rådgivande Agronomar Rapport 3/99 (forfattar Karl-Jan Erstad) presenterer resultat av ein ringtest på vassdragskalk, i regi av Direktoratet for naturforvaltning sommaren 1999. Dette arbeidet var nødvendig for å prekvalifisere laboratorium til å delta i konkurranse om analyseverksemda i ein periode på 2+2 år f.o.m. 2000.

5 laboratorium valde å vere med, og det vart tatt ut 5 kalktypar for bruk i ringtesten, derav 3 finmalne og 2 grovare for bekke- og terrengkalking.

Alle laboratorium gjorde større eller mindre feil. Det var spesielt vanskar med sikting i partikkelområdet under 20-40 µm, og ein må vurdere bruken av dei ulike instrumenta, operatør som faktor og spesielt nytte kjente kalkstandardar (materiale) ved kalibrering.

Berre eitt laboratorium gjorde systematisk feil på analyse av NV, og det var små feil for Ca og Mg. Analyse av volumvekt krev øving og instrumenttilpassing. Det var ein del alvorlege problem med analyser av sekundærelement (Al), tungmetall og andre sporelement, særleg Cd, Pb, Hg, Cu og Zn.

23.11.99:
RAPPORT "REACTIVITY BY SOIL INCUBATION AND ENV 1 YEAR OF NEW DOLOMITIC AND CALCITIC PRODUCTS FROM NORTHERN EUROPE "

Rådgivande Agronomar Rapport 4/99 (forfattarar Karl-Jan Erstad og Jyrki Linke, Partek Nordkalk OY AB) tar føre seg kvalitetsundersøkingar av mjuke dolomittar frå Baltikum og Storbriannia, og samanheld desse med krystalline dolomittar frå Noreg og Sverige, likeså ein del kalsittar frå Sverige.

I løpet av inkubasjon i 24 veker vart det berre funne små skilnader for finare partiklar <0,2 mm. Den grovkrystalline kalsitten Gåsgruvan var litt forseinka i partikkelområdet 0,063-0,2 mm, og for dei krystalline dolomittane var forseinkinga markert. For mellomfraksjonane 0,2-1,0 mm låg Thrislington-dolomitten litt i overkant av dei baltiske dolomittane, og dei kambrosilurske kalsittane Uddagården og Storugn var litt meir løyselege enn den prekambriske Gåsgruvan. For partiklar >1,0 mm var oppløysinga av avgrensa omfang, og skilnadene mellom kalktypane var for det meste ikkje statistisk signifikante.

Ved testing av dolomittane som ligg føre som handelsvarer, vart det vist at dei britiske produkta som er blandingar av karbonatisk dolomitt og halvbrent dolomittmjøl, var svært effektive i starten, mens den norske dolomitten Ballangen Ekstra Fin nærma seg ein reaktivitetstopp etter 24 veker. Den grovare Ballangen Standard viste framleis ganske låg reaktivitet i jord.

For brente kalktypar vil den spontane reaktiviteten i jord vere svært viktig. Den norske MoKaDo-kalsitten og -dolomitten var mjukt brente, og dei framviste begge høgare reaktivitet enn dolomittane frå LAFARGE Redland Minerals. Handelsvarene i seriane Dolomet F var for grove (0-5 mm), og var underlegne i reaktivitet også samanlikna med den finmalne, halvbrente Doloflour-serien og blandingane av denne og karbonatiske dolomittvarer.

I eit vedlegg i denne rapporten er det framlagt tal for Kalkverdi 1 år for alle testa fraksjonar av kalktypane, saman med basis forsøksdata.

Rapporten er tilgjengeleg frå Rådgivande Agronomar AS.

15.11.99:
RAPPORT "VEGETASJONSENDRINGAR FRÅ LYNG TIL URTER OG GRAS VED KALKING OG GJØDSLING MED RÅFOSFAT OG KOPPARSULFAT, OG VERKNADER PÅ MINERALSTATUS I PLANTAR OG JORD, GJESDALEN I JØLSTER, 1991-1996."

Planteforsk Rapport 25/99 (forfattarar Karl-Jan Erstad og Inger-Karin Steffensen, Sunnfjord forsøksring) viser at på denne opplendte lyngheia i ein sunnfjordsk fjelldal gjekk avlingsnivået for beiteplantar jamt opp over forsøksåra, og det var tendens til at aukande kalkmengder åleine og moderate kalkmengder i kombinasjon med råfosfat var hovudfaktorar bakk dette. P og Cu i plantane var sterkt påverka, og P-gjødsling og kalk separat auka P-opptaket, mens Cu-opptaket heng direkte saman med kopparsulfatgjødsling. Plantesamfunnet ga klar respons på tiltaka. Blåtopp gjekk fram ved å dra nytte av mineralisert nitrogen. Røsslyng gjekk tilbake, krekling og blokkebær var likesæle, blåbær ga negativ respons, mens tyttebær likte god næringstilgang. Beitegraset smyle gjekk fram, mens finnskjegg stod under sterk konkurranse og hadde ikkje fordel av næringstilgangen. Mose- og lavvekst gjekk gradvis tilbake under allsidig kalk- og gjødselpåverknad.

Jordsmonnet, jernhumuspodsol, reagerte voldsomt på tiltaka. Dei første og sterkaste endringane kom i strø- og råhumussjiktet (Ol og O), men ved vandring av kalk ned i underliggande sjikt E og Bsh endra jordkjemien slik at hums hengde att i utvaskingssjiktet E. Jordsmonnet gjekk inn i ein brunjordssyklus. Mg, K og Na vart pressa bort av Ca.

Rapportan kan tingast frå Planteforsk Kvithamar forskingssenter eller Rådgivande Agronomar AS. Ein popularisert versjon er å finne i Vestlandsk Landbruk nr. 1/2000.

16.07.99:
RAPPORT "KARBONATISERING MED KORALLSAND SOM ALKALISK FILTERMATERIALE. PILOTFORSØK" KLAR TIL DISTRIBUSJON

Denne rapporten, Nr. 2/1999 i vår vitskaplege serie Rådgivande Agronomar Rapport, er no ferdigstilt, med Jon Brandt og Karl-Jan Erstad som forfattarar. Her er korallsand frå Trøndelag samanlikna med vassverksmarmor frå Nordmøre til bruk ved alkalinisering i vassverk, med og utan tilsetting av karbondioksyd. Prosjektet er eit samarbeid med ASPLAN VIAK Sør i Asker.

Rapporten kan kjøpast frå vårt firma i samråd med Korall AS, Spillum i Nord-Trøndelag (avgrensa distribusjon).

11.07.99:
HONNØR FRÅ HORDALAND MÅLLAG FOR NYNORSK MARKNADSFØRING

Nestleiar Øystein Skjæveland i Hordaland Mållag skriv i eit pent kort til vårt firma: "Hordaland Mållag vil med dette senda ei helsing og takka for fin marknadsføring på nynorsk. Lukke til vidare, og framleis god sommar!"

Vi finn at det var hyggeleg at dette vart lagt merke til på Internett. Vårt firma legg vekt på at nynorsk er eit bruksspråk som også kan utviklast i fagteknisk retning. Målet er ikkje berre eit bunadsspråk i høgtidelege stunder.

02.07.99:
RAPPORT "IRON DEFICIENCY IN PEATLANDS AND RELATED SOIL CHARACTERISTICS IN RUSSIA. A LITERATURE REVIEW" KLAR FOR DISTRIBUSJON

Denne rapporten, Nr. 1/1999 i vår vitskaplege serie Rådgivande Agronomar Rapport, har endeleg kome frå trykkeriet. Forfattarar er Nikolai Yurievich Konovalov og Karl-Jan Erstad.

"Russland er vår heim", som faktisk er namnet på eit av dei liberale partia i Den russiske nasjonalforsamlinga, Dumaen.

Sjå for Dykk eit enormt land, store vidder der arméar har gått seg bort fordi ein aldri kom til ei grense, taigaen der ein misser retningssansen dersom ein forlet jernbanelina eller vegen. Eit land med store jordressursar, men også problem som tørke, saltopphoping, permafrost, dårleg drenering, næringsstoffmangel, erosjon og jordøydelegging.

Russland er vår store nabo. Myrarealet er på 100 mill. ha, mens Noreg og Finland har høvesvis 3 og 10 mill. ha. I alle landa er berre ein mindre del dyrka. Det meste av myrjorda ligg i den nordlege tredjedelen av Russland , heilt aust til Vladivostok. Den europeiske delen har vi likevel ein geografisk nærleik til. Det er ikkje lange vegen til St. Petersburg, ein kort flytur frå Noreg, inn Finskebukta, ein sving inn over Leningrad fylke, og der under glinsar sola i våtmarksareal og myr ved Nevafloden og inn mot den store Ladogasjøen.

Nordeuropeiske land har mykje felles i natur og agronomi. Kanskje er det i første rekke språka og kulturen som skil oss.

På kysten av Noreg er det ein del problemområde når det gjeld jernforsyning på myrjord, ganske ekstremt på Smøla på Nordmøre, og i vårt firma starta vi i 1998 eit strategisk prosjekt når det galdt dette forsømte området innan jordkultur.

Vi tok kontakt med Dr. Nikolai Yurievich Konovalov i det jordfaglege forskingsmiljøet i St. Petersburg. Med arv frå Sovjetunionen er forskingsmiljøet i Russland svært spesialisert, og Dr. Konovalov sin spesialitet er modellering av C- og N-omsetning i jord, og han har Regional Research Computer Centre som arbeidsstad, i dag ein utrygg statleg arbeidsplass.

Dr. Konovalov kjenner Noreg ganske godt, etter eit forskaropphald (gjesteforskar under norsk-sovjetisk kulturavtale, sortert under Utanriksdepartementet) på vel eit halvt år (1988-89) ved Inst. for jord- og vannfag , NLH, og to kortare opphald på seinare tidspunkt.

Saman har vi her arbeidd med nyare russisk litteratur, ikkje omsett frå russisk til andre språk tidlegare, og som tar føre seg jordanalysemetodikk i Russland, myrjordseigenskapar og -klassifisering, jernmangel og -tilgang og tiltak for å betre jernforsyninga på myr. Russisk forsking held høg standard og kan også gi oss i Noreg ny jord- og plantefagleg kunnskap.

Rapporten kan kjøpast frå vårt firma for fagfolk med særlege interesser i myrdyrking.

23.03.99:
AKTIV DELTAKING I UTFORMING AV EU SITT GJØDSELDIREKTIV

EU/DG III (EU-kommisjonen sitt Generaldirektorat III - Industri) har arbeidd med forenklingar i EU sitt gjødseldirektiv frå 1977 (EEC Fertilizers). For eit par år sidan sette EU-kommisjonen ned ei arbeidsgruppe for å forbetre og forenkle gjødsellovgivinga (SLIM, Simplifying the Legislation for the Inner Market).

Denne har i januar 1999 lagt fram eit første utkast til endringar, men likevel ikkje tatt inn framlegget til spesifikasjonar for organiske og organomineralske gjødseltypar som Den europeiske standardiseringsorganisasjonen CEN utarbeidde nettopp på mandat frå EU. Som EFTA-land er Noreg medlem i CEN, og som EØS-land vert ei ny gjødsellov ganske sikkert gjort gjeldande for vårt land.

CEN er misnøgd med utkastet frå SLIM-arbeidsgruppa, og tar no initiativet tilbake frå EU-kommisjonen sitt Generaldirektorat III. Det vert snarleg nye møte i arbeidsgruppa i CEN, og Rådgivande Agronomar AS representerer norske nærings- og standardiseringsinteresser.


23.03.99
INNSATS FOR Å HINDRE PROTEKSJONISTISKE KRAV TIL REINLEIK I LANDBRUKSKALK

Standardiseringa av landbrukskalk er no i det 8. året, og fleire standardar er gjort ferdige, eller er i ferd med å verte klare.

Ved krav til kalken (spesifikasjonar og deklarasjonar) er forhandlingane prega av ulike industrielle særinteresser, spesielt for å verne eigne marknader i fleire av landa som er medlemmar av Den europeiske standardiseringsorganisasjonen CEN (EU, EFTA og Den tsjekkiske republikken).

I sluttfasen prøver ein i arbeidsgruppa for landbrukskalk å komme fram til eit minimum av semje når det gjeld kravspesifikasjonar for produkta. Det ligg føre eit framlegg om at kalkstein, kalkdolomitt og dolomitt må ha reinleik på minst 50 i nøytraliserande verdi, mens kritt framleis kan ha 45 og sukkerindustrikalk så låg som 37. Dette verkar urettvist ekskluderande på viktige og gode kalkingsmiddel i Noreg, Sverige og Finland. Over tid kan det medføre store vanskar for all kalkproduksjon på Austlandet, spesielt dersom ein CEN-standard vert tatt inn i EU-lovverket og dermed gjort gjeldande for Noreg.

Vi søker å få unntak i sjølve standarden for kalkvarer produsert i dei 3 nordiske landa, også for eventuell eksport, men avgrensa mot nasjonal lovgiving i importlandet.

Rådgivande Agronomar AS representerer norske standardiseringsinteresser i dette arbeidet.
 

04.02.93
RAPPORT OM TUNGMETALL OG SPORELEMENT I KALKINGSMIDDEL MARKNADSFØRT I NOREG

I eit oppdrag for Statens Landbrukstilsyn i 1992 gjennomførte forskar Karl-Jan Erstad ved SFL Fureneset forskingsstasjon eit analysearbeid saman med ei rekke laboratorium, og med vekt på deklarering av analysemetodar, av nesten alle kalktypar som då var på den norske marknaden.  Ei vurdering av landbrukskalk som kjelde for desse tungmetalla/sporelementa låg også i arbeidet.

Dette arbeidet vart ein klassikar som enno 25-30 år seinare står som ei referanse på fagområdet, og er til å laste ned som Fureneset Forskingsrapport 6/1992 (engelskspråkleg):
Tungmetall og sporelement i landbrukskalk marknadsført i Noreg.